Heimekontor

  • Skriv ut

Dersom du nyttar ein del av bustaden din berre til heimekontor, kan du ha krav på frådrag.

Med heimekontor meiner vi eit eige / eigne rom i heimen som berre blir nytta i inntektserverv. Kombinert bruk av eit rom i bustaden til arbeidsrom og til dømes stove eller soverom, kjem ikkje inn under reglane for heimekontor.

Her skil vi mellom tre typar bustader: fritakslikna, rekneskapslikna og leigd bustad.

Fritakslikna bustad

Dersom du har heimekontor i fritakslikna bustad blir det gitt standardfrådrag med 1 700 kroner. Frådraget er det same sjølv om kontoret berre blir brukt ein del av året.

Skal førast i næringsoppgåve 1 (RF-1175) i post 7700 eller i Næringsrapport skatt, post 7705.

Alternativt kan ein krevje frådrag for faktiske kostnader. Kostnadene må sannsynleggjerast. Kostnadene ein krev frådrag for, kan berre ha samanheng med heimekontoret og må ikkje gjelde bustaddelen av huset.

Rekneskapslikna bustad

Har du heimekontor i eigen rekneskapslikna bustad, blir det gitt frådrag for kostnader etter dei vanlege reglane for bygningar som rekneskapsliknast.

Den delen av kostnadene som fell på heimekontoret skal førast i næringsoppgåva. Desse kostnadene må trekkjast ut av skjemaet for utleige av fast eigedom.

Skal førast i næringsoppgåve 1 (RF-1175) i post 7700 eller i Næringsrapport skatt, post 7705.

Leigd bustad

Har du heimekontor i ein leigd bustad, må du fordele leigekostnaden skjønnsmessig på bustaddelen og heimekontoret. Den delen av leigekostnadene som gjeld heimekontoret skal førast i post 6300 i næringsoppgåva.

Hugs skatteplikt for heimekontor ved sal av bustad

Dersom du sel bustaden med heimekontor som er nytta i eiga verksemd, er den forholdsmessige delen av heimekontoret skattepliktig, uavhengig av om du oppfyller vilkåra for å kunne selje bustaden skattefritt.

Les meir om Heimekontor i Skatte-ABC.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.