Kva er fritakshandsama og rekneskapshandsama bustad?

  • Skriv ut

Kva meiner vi med fritakshandsama bustad?

Ein bustad der minst 50 prosent av bustaden (rekna etter utleigeverdi) blir brukt av eigaren sjølv, skal fritakshandsamast. Det same gjeld dersom ein større del av eigen bustad blir leigd ut, så lenge dei samla leigeinntektene i løpet av året ikkje overstig 20 000 kroner.

Les meir om fritakshandsaming av bustad i Skatte-ABC.

Kva meiner vi med rekneskapshandsama bustad?

Bustader som ikkje blir fritakslikna, skal rekneskapshandsamast. Fleirmannsbustader skal alltid rekneskapshandsamast. Med fleirmannsbustad meiner vi ein bustad som inneheld 3 eller fleire sjølvstendige bueiningar. 

Les meir om rekneskapshandsaming av bustad i Skatte-ABC.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.