Innkjøp til meir enn 15 000 kroner

  • Skriv ut

Saldoavskriving

Saldoavskriving vil seie at du ikkje får frådrag for heile utlegget i rekneskapen i det same året som du handlar. Hovudregelen er at dersom kostnaden er over 15 000 kroner og forventa resterande levetid er minst 3 år, skal driftsmiddelet førast til frådrag på saldo.

Har du eit driftsmiddel med kostpris over 15 000 kroner og ei forventa levetid på over 3 år, skal du levere skjemaet Avskriving (RF-1084) som vedlegg til skattemeldinga. I skjemaet blir årets saldoavskriving (frådrag) berekna, og dette blir igjen ført i næringsoppgåve 1 (RF-1175). I  Næringsrapport skatt er dette skjemaet inkludert. Les meir om saldoavskriving i Skatte-ABC.

Føresetnaden for frådragsføring er at driftsmiddelet blir slite og/eller eldast. Les i Skatte-ABC om driftsmiddel og verdireduksjon.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.