Oppstartkostnader

  • Skriv ut

Frå det første året du blir handsama som næringsdrivande med skattepliktig verksemd, er alle kostnader som er knytte til verksemda frådragsgivande. Alle inntektene dine frå verksemda er skattepliktige.

Det året du blir vurdert som næringsdrivande, kan du få godkjent inntil dei 5 føregåande åra som oppstartsår for verksemda. Du kan krevje frådrag for dei kostnadene du har hatt i oppstartsåra. Bruk skjemaet Oppstart av verksemd (RF-1298). I Næringrapport skatt er dette inkludert. Du finn meir om oppstartsperiode og utvikling av hobby til næringsverksemd, med døme, under Hobby eller næring

Kostnader du har hatt for å erverve skattepliktig inntekt, gir som hovudregel rett til frådrag. Les om korleis du skriv av innkjøp som kosta mindre enn 15 000 kroner og meir enn 15 000 kroner.

Du må kunne dokumentere alle kostnader som du krev frådrag for.

Større førstegongsinnkjøp

Førstegongsinnkjøp av varige driftsmiddel, som inventar, verktøy, reiskapar og liknande, blir rekna som eitt vesentleg driftsmiddel dersom den samla inngangsverdien er 15 000 kroner eller høgare, sjølv om kvar gjenstand har ein inngangsverdi under 15 000 kroner (behaldningssynspunktet). Les meir om større førstegongsinnkjøp av driftsmiddel i Skatte-ABC.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.