Utgifter til pensjon, sjukepengar og forsikring

  • Skriv ut

Dersom du har kostnader til eiga pensjonsordning, tilleggstrygd for sjukepengar eller uføre- og ulykkesforsikring, kan du ha krav på frådrag.

Pensjonssparing

Dersom du har frivillig pensjonssparing i samsvar med innskotspensjonslova §2-3 2. ledd, har du krav på frådrag for kostnadene.
Maksimal sparing er 4 % av berekna personinntekt før frådrag for premie til eiga pensjonsordning mellom 1G og 12G. (Les meir om grunnbeløpet - G – hjå NAV.)
Beløpet skal førast i næringsoppgåve 1(RF-1175) eller i Næringsrapport skatt, post 5950.

Sjukepengar

I utgangspunktet har du som næringsdrivande krav på sjukepengar først etter 16 dagar, og då avgrensa til 65 prosent av personinntekta – opp til 6G. Du kan likevel teikne forsikring i folketrygda for å få høgare dekning av inntektstapet. Den øvre grensa for sjukepengegrunnlaget på 6G gjeld sjølv om du har teikna forsikring. Du kan teikne tre alternative forsikringar:

  • 65 prosent av sjukepengegrunnlaget frå første sjukedag
  • 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. sjukedag
  • 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå første sjukedag

Premien skal førast i post 3.2.18 i skattemeldinga. Tilleggsdekning for sjukepengar du har teikna gjennom eit forsikringsselskap, gir IKKJE rett til frådrag, verken i næringsoppgåva eller i skattemeldinga.

Uføre- og ulykkesforsikring

Frivillig yrkesskadeforsikring hjå NAV gir rett til frådrag med inntil 700 kr i post 3.2.2 i sjølvmeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.