Sjå og levere med Næringsoppgåve 1

  • Skriv ut

Skattemelding for næringsdrivande MÅ leverast. Skattemelding med alle skjema/vedlegg må leverast elektronisk innan 31. mai, uansett selskapsform. Det er ikkje mulig å levere skattemelding for næringsdrivande på papir. Løsninga blir tilgjengelig fra 4. april i Altinn.

Næringsdrivande skal vanlegvis sende inn næringsoppgave og personinntektsskjema eller Næringsrapport skatt som vedlegg til skattemeldinga.

Er du bokføringspliktig, skal du levere næringsoppgave 1 og personinntektsskjema eller Næringsrapport skatt. Vi anbefaler at du bruker Næringsrapport skatt dersom den passar for di verksemd. Er du rekneskapspliktig, skal du levere næringsoppgave 2.

Som sjølvstendig næringsdrivande må du også levere personinntektsskjema dersom du bruker Næringsoppgave 1 eller Næringsoppgave 2.

Er du deltakar i selskap med deltakarfastsetting o.l.?

Då treng du ikkje levere næringsoppgave eller personinntektsskjema, dersom dette er den eneste næringsverksemda din. Du leverer i staden Deltakeren si melding over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting (RF-1221)

Har du fått tilsendt skattemelding for næringsdrivande uten å ha drive næringsverksemd i 2016?

Du skal likevel levere skattemelding for næringsdrivande med næringsoppgave 1 (RF-1175) uten å fylle ut næringsoppgava. Leveringsfritak gjeld ikkje næringsdrivande.

Treng du fleire tips?

Sjå Starthjelp for næringsdrivende

Har du tidlegare levert på papir?

Alle næringsdrivande må levere elektronisk.

 

Er du deltaker i eit selskap med deltakarfastsetting?

Du treng ikkje levere næringsoppgave eller personinntektsskjema, dersom dette er den einaste næringsverksemda di.

Hjelp til innlogging?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.