Til deg med næringsinntekt rapportert av utbetalar

  • Skriv ut

Opplysningar om utbetalingar frå næringsdrivande til sjølvstendig næringsdrivande utan fast forretningsstad skal innrapporterast av utbetalaren.

Opplysningar som tidlegare blei rapporterte i lønns- og trekkoppgåva kode 401 er frå inntektsåret 2015 blitt skilde ut som ei eiga ordning/oppgåvetype som har fått namnet "Betalingar til sjølvstendig næringsdrivande". Grunnlaget for endringa er at kode 401 ikkje er vidareført i a-ordninga, som mellom anna erstattar lønns- og trekkoppgåva.

Personar som for inntektsåret 2015 har fått rapportering av utbetalingar med beløp over 50 000 kroner, har fått skattemelding for næringsdrivande.

Etter regelverket skal utbetalaren rapportere i ordninga Betalingar til sjølvstendig næringsdrivande når:

  • mottakaren har gitt opplysning om at vedkomande er sjølvstendig næringsdrivande utan fast forretningsstad, og
  • oppgåvegivaren finn at vilkåra for å rapportere utbetalinga som lønn ikkje er til stades.

Slik gjer du det:

Du som har fått skattemelding for næringsdrivande på grunn av næringsinntekt, må levere skattemeldinga. Du kan derfor ikkje ta i bruk leveringsfritaket, sjølv om alle opplysningane stemmer.

Sjølve skattemeldinga er lik skattemeldinga for lønnstakarar. I ”næringsskjemaet” som følgjer med, er beløp som er rapporterte inn, førehandsutfylte frå Skatteetaten. Der står det òg i kva post du skal føre beløpet i næringsoppgåva. Ver merksam på at beløpet ikkje blir teke med som inntekt med mindre du sjølv fører det inn i næringsoppgåva.

Skattemeldinga leverer du på nett. Du blir rettleia til riktig næringsskjema. Under finn du ei oppskrift på korleis du leverer elektronisk:

  1. Logg inn for å levere skattemeldinga (anten via skatteetaten.no eller altinn.no).
  2. Klikk på lenkja RF­1030 Skattemelding for næringsdrivande o.a for å opne skattemeldinga.
  3. Klikk på fana Næringsoppgåve 1 (RF-1175). Oversiktssida til næringsoppgåva blir vist.
  4. Klikk på post 9900 Sum driftsinntekter. Under Årets verdi i post 3000 (ev. 3100) legg du inn beløpet og klikkar på Lagre/Tilbake til oversikta. Beløpet er no lagt inn som næringsinntekt.
  5. Når du skal fylle ut personinntektsskjemaet, klikkar du på Fordel næringsinntekt og rekn ut personinntekt nedst på skjermen. Deretter klikkar du på Legg til næring på neste skjermbilete. 
  6. Du må velje type næring. Klikk på nedtrekkslista ved A – Type næring, og vel næringstype (vanlegvis Anna næring). Fyll ut feltet skildring av næring. Inntektsbeløpet er automatisk fylt ut. (Vi set som føresetnad her at inntekta berre gjeld éin type næring.)
  7. Klikk på Nei dersom du ikkje ønskjer å fordele inntekta med ektefellen.
  8. I nedtrekkslista under Knyting til personinntektsskjema (RF-1224) vel du Opprett nytt RF-1224 Personinntekt frå enkeltpersonføretak. Klikk deretter på Fyll ut RF­skjema. 
  9. Skjemaet RF-1224 Personinntekt for enkeltpersonføretak blir opna. Skjemaet er ferdig fylt ut med det same inntektsbeløpet som er ført i næringsoppgåva. Klikk på Lagre/Gå tilbake. Ei oversiktsside viser at beløpet er overført til skattemeldinga.
  10. Klikk på Tilbake til valt post og deretter på Lagre/Tilbake til oversikta.
  11. Du ser no ei grøn hake ved lina Fordel næringsinntekt og rekn ut personinntekt. Dette tyder at skjemaet er rett ført. Det er ikkje nødvendig å spesifisere årsresultat og avstemme eigenkapital i desse tilfella.
  12. Gå tilbake til skattemeldinga ved å klikke på fana Skattemelding for næringsdrivande. Du kjem til å sjå at beløpet er overført til post 2.7 Næringsinntekter og post 1.6/1.7 i skattemeldinga. Personinntekt frå føretak. Du kan no halde fram med kontrollen/utfyllinga av skattemeldinga og sende inn.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.