Søknad om utsett leveringsfrist for skattemeldinga – næringsdrivande

  • Skriv ut

Ein må sende søknaden innan fristen for å levere skattemeldinga. 

Næringsdrivande kan søkje om 30 dagars utsetjing. Søk om utsetjing her.

Dersom skattemeldinga blir levert etter at fristen er gått ut, må ein leggje ved ei grunngjeving for den seine leveringa.

Rekneskapsførar og revisor

Rekneskapsførar og revisor kan søkje om ein månads utsetjing på vegner av inntil 10 prosent av klientmassen. Søknaden må gjelde namngjevne skattytarar. Søk om utsetjing her.

Det blir ikkje innvilga utsetjing utover 30. juni. Dersom skattemeldinga blir levert etter at fristen er gått ut, må ein leggje ved ei grunngjeving for den seine leveringa.

Utsett frist for skattemelding for ektefellar til næringsdrivande

Ektefellar til næringsdrivande, som sjølve ikkje er næringsdrivande, treng ikkje søkje utsett frist. Ektefellen vil automatisk få samme utsette frist som den næringsdrivande har fått innvilga. 

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.