Bustadattest

Ein bustadattest dokumenterer kvar du bur og kor lenge du har budd der. I tillegg dokumenterer attesten kor lenge du har budd i Noreg, og i noverande kommune.

Dersom du har d-nummer, eller ikkje er busett i Noreg, kan du ikkje bestille bustadattest.

Viktig informasjon

Dersom du treng ei stadfesting av skattemessig bustad for å unngå dobbel skattlegging, må du bestille ei stadfesting av skattemessig bustad i staden.

Sjå opplysningane dine

Viss du vil sjå kva for opplysningar vi har registrert om deg og barn du har foreldreansvar for, kan du logge deg inn på Mi side.

Bestill bustadattest

Du kan bestille bustadattest både for enkeltpersonar og for heile familien.

Slik får du attesten

Bustadattesten kjem på papir med stempel og signatur.

Attesten blir send i posten til den folkeregistrerte adressa di. Du kan forvente at det tar inntil to veker pluss postgang før du får attesten.

Du kan få bustadattest dersom du er registrert som busett i ein norsk kommune.

Du kan bestille bustadattest for

  • deg sjølv
  • barna dine som er under 18 år. Dersom du ikkje har del i foreldreansvaret, må du dokumentere at du har eit grunngitt behov for attesten.
  • ektefellen / den registrerte partnaren din
  • ein person som du er oppnemnd som verje for
  • ein klient som du som advokat er prosessfullmektig for

Dersom du har behov for bustadattest for ektefelle, vaksne barn, foreldre eller søsken, må du dokumentere at du har eit grunngitt behov for attesten.

Du har eit grunngitt behov når attesten er nødvendig for at du skal kunne oppfylle dei lovmessige rettane og pliktene dine. Når du søkjer, må du derfor grunngi kvifor du treng attesten.

Bustadattesten inneheld

  • registrert bustadadresse og bustadkommune
  • noverande namn
  • fødselsdato
  • fødselsnummer
  • dato for busett i Noreg
  • dato for busett i kommunen
  • dato for busett på noverande adresse

I tillegg til opplysningane over, vil bustadattesten for familien din innehalde

  • ektefelle og barn du har foreldreansvar for og som bur på same adresse

Fleirspråkleg bustadattest kjem på språka engelsk, fransk, norsk, spansk, tysk og italiensk.

Barn

Den som bestiller får berre med eigne barn på attesten. Barn av ektefelle og eventuelle særkullsbarn vil ikkje komme med.

Sambuarar

Sambuarar må bestille kvar sin attest. Dei vil ikkje komme med på kvarandre sin bustadattest.

Viss sambuarar med felles barn bestiller bustadattest, kjem barna med på attesten til den forelderen som bestiller.

Heimebuande barn over 18 år

Dersom du har heimebuande barn over 18 år, kjem ikkje desse med på bustadattesten for familien din. Dei må bestille bustadattest for seg sjølve.