Skatteopplysninga er Skatteetaten si landsdekkjande telefonteneste. Vi hjelper deg gjerne i dagane fram mot levering av sjølvmeldinga.
Vi har følgjande opningstider i tida fram mot leveringsfristen:
| 23 - 25. mars |
08.00 - 17.00 |
| 26. mars |
08.00 - 15.30 |
| 29 - 30. mars |
08.00 - 15.30 |
| 31. mars |
08.00 - 11.30 |
| 06 - 11. april |
08.00 - 15.30 |
| 12 - 18. april |
08.00 - 15.30 |
| 19 - 21. april |
08.00 - 17.00 |
| 22. april |
08.00 - 21.00 |
| 23. april |
08.00 - 15.30 |
| 26 - 29. april |
08.00 - 21.00 |
| 30. april |
08.00 - 24.00 |
| 25 - 27. mai |
08.00 - 17.00 |
| 28. mai |
08.00 - 21.00 |
| 29 - 30. mai |
14.00 - 21.00 |
| 31. mai |
08.00 – 21.00 |
Ring tilbake
Mange vil snakke med oss i tida fram mot levering av sjølvmeldinga. For at det skal vere enklare for deg å kome i kontakt med oss på telefon kan du no også velje tenesta ”Ring tilbake”. Du får fem tasteval når du ringer 800 80 000. Dersom det er lang ventetid på tastevalet vil du få tilbod om å bli ringt tilbake. Du tastar berre inn telefonnummer ditt og legg på. Du vil behalde plassen din i køen, vi ringer deg opp når det er din tur. Hugs å taste inn eit telefonnummer vi kan nå deg på.
Tasteval på telefon 800 80 000
For engelsk meny tast 9.
- Skattekort, spørsmål om skatt- lønnstakar/pensjonist
- Folkeregister
- Næringsdrivande (underval skatt eller mva)
- Arv/gåve
- Servicetelefon for revisorar, rekneskapsførarar, advokatar og oppgåvegivarar (underval: skatt, mva eller likningsoppgåver)
For sentralbord, vent på svar.
Du treng ikkje vente til alle talemeldingane er lest opp før du trykkjer vidare tasteval.
Du ringer gratis til Skatteetaten frå fasttelefon. Frå mobil gjeld din mobilleverandør sine satsar.