Dersom deltakaren har motteke arbeidsgodtgjering skal beløpet for 2009 førast i post 125.
Frå inntektsåret 2009 er det innført ny post 127 som gjeld gjennomsnittslikna deltakarar i selskap som driv skogbruk eller reindrift, og har motteke arbeidsgodtgjering. Slike deltakarar skal i den nye post 127 føre den delen av arbeidsgodtgjeringa som på grunn av gjennomsnittslikninga jf. sktl. §§ 14- 81 og 14-82 ikkje skal gå inn i den almenne inntekta til deltakaren for 2009. Beløpet som skal førast i post 127 blir utrekna i RF-1220 «Tilleggsskjema for utrekning av deltakars inntekt i ansvarlege selskap o.l. i skogbruk og reindrift» post 113 kolonne 2 eller 4.
Fyller ein ut felta i ”Fordeling av formue og inntekt mellom ektefellar for overføring til sjølvmelding”, skal beløpet som er ført i post 127 takast med saman med beløpet ein hentar i post 120, og fører summen i kolonne II. Når ein fyller ut kolonne II i fordelingstabellen skal ein fyrst legge saman dei to tala, og deretter fordele summen mellom dei to ektefellane, registrerte partnarane eller meldepliktige sambuarane.
Fyller ein ut ”Forslag til fordeling av del formue og inntekt mellom kommunar” skal ein på same vis leggje saman inntekta i post 120 med korrigeringa i post 127, og fordele summen mellom lina med leietekst ”Eige inntekt i post 120” og lina med leieteksta ”Ektefellen si inntekt i post 120”.