Endringssaker
Har skattekontoret gjort vedtak i endringssak, kan du klage på vedtaket til skatteklagenemnda.
Klaga må vere skriftleg. Den skal innehalde bestemte påstandar, og du må gjere greie for dei forholda påstandane byggjer på. Du kan sende klaga via skatteetaten.no/klage eller i brev til skattekontoret.
Klagefristen er vanlegvis 3 veker frå vedtaket kom fram. Dersom du ikkje har motteke eit grunngjeve vedtak, er klagefristen tre veker frå du mottek skatteoppgjeret. Klaga leverast til skattekontoret.
Meiner du at vedtaket er feil, kan du reise sak mot Staten. Søksmål kan reisast innan 6 månader frå den dagen melding om vedtaket blei send.
Rentegodtgjersle og rentetillegg ved endring av likning
Rentegodtgjersle på tilgodebeløp er 1,26 prosent per år, berekna frå 1. juli 2011 til skatteoppgjeret blir sendt skattytar i 2012. Rentetillegg på restskatt er 1,26 prosent per år, berekna frå 1. juli 2011 til forfall første termin. Rentegodtgjersle på for mykje innbetalt tilleggsforskot er 1,26 prosent per år, frå 1. juli 2011 til skatteoppgjeret blir sendt skattytar.
Pensjonistar og trygda som får skatten avgrensa på grunn av låg inntekt, slepp rentetillegg på restskatt.
Restskatt
Dersom restskatten ikkje blir betalt innan fastsett tid, vil det bli lagt til forseinkingsrenter etter dei satsane som gjeld til ei kvar tid, jf. skatteetaten.no. Restskatt som ikkje blir betalt, kan innfordrast gjennom utleggspant, utleggstrekk m.m. Ved utleggspant kjem det til tilleggskostnader, som rettsgebyr m.m.
Restskatten skal betalast til fastsett tid, sjølv om du har klaga på likninga. Dette gjeld òg dersom klaga er send til skatteklagenemnda, eller er brakt inn for ein domstol. Blir skatten auka under klagehandsaminga, forfell den auka skatten til betaling 3 veker etter at du har fått melding, men tidlegast 24. september.
Klage på skatteavregninga
”Ei eventuell klage over avrekninga må sendast til skatteoppkrevjaren innan 3 veker etter at vedtaket har kome fram, jf. forvaltingslova kapittel VI.”
Pensjonspoeng
Tilleggspensjon frå folketrygda reknast ut frå pensjonspoenga dine. Desse er rekna ut på grunnlag av arbeidsinntekt og andre ytingar frå arbeidsgjevar og av personinntekt frå næringsverksemd. Manglande innbetaling av restskatt kan medføre tap av pensjonspoeng. Omsorgspoeng blir berre registrerte i NAV, og er difor ikkje tekne med i utrekninga av pensjonspoeng på skatteoppgjeret. Dette gjeld òg den spesielle poengutrekninga etter særreglar for uførepensjonistar.
NAV lokalt gjev nærare informasjon om korrekte pensjonspoeng for dei som har uførepensjon og/eller omsorgspoeng.
Ta vare på skatteoppgjeret for eventuell seinare kontroll av pensjonspoeng.
Skatteklasse
Einslege blir likna i klasse 1. Ektefellar med ei inntekt og einslege forsørgjarar blir likna i klasse 2. Ektefellar med kvar si inntekt blir likna i den klassen som gjev lågast samla skatt, anten klasse 2F eller klasse 1E. Dei som har budd i Noreg berre ein del av året, får personfrådrag for talet på påbegynte månader dei har budd i landet.
Likningsattest
Likningsattesten inneheld opplysningar om alminneleg inntekt før særfrådrag og om nettoformue. Inntekt og formue i andre kommunar enn bustadkommunen er tekne med i beløpa.
Veit du at likninga er teken opp til endring, skal du opplyse om dette når du brukar attesten.
Spørsmål om likningsattesten rettast til skattekontoret.