Hopp til hovedinnholdet på siden

Sjølvmeldinga for 2011 – såleis deler ektefellar m.m. inntekt frå felles verksemd

Artikkel, 1. mars 2012 Del/tips Utskriftversjon

Ektefellar, registrete partnarar og meldepliktige sambuarar kan dele inntekt frå felles verksemd mellom seg.

I så fall må begge ektefellane m.m. ha arbeidd i verksemda i inntektsåret. Eig begge ektefellane m.m. føretaket saman, vert det rekna som felles verksemd. Ein kan og rekne føretak berre ein av ektefellane m.m. eig, som felles verksemd i skattemessig samanheng.

Ektefellane m.m. deler inntekta frå felles verksemd etter arbeidsinnsatsen som kvar av dei har lagt ned i verksemda i inntektsåret. I totalvurderinga tek dei omsyn til både kvaliteten og omfanget av arbeidet. Har ektefellane m.m. lagd ned tilnærma likeverdig innsats i fellesverksemda, kan det vere aktuelt å dele inntekta likt. Har derimot den eine ektefellen m.m. berre utført usjølvstendig eller underordna arbeid, skal ikkje han/ho føre ei større del av inntekta enn det ville kosta verksemda å tilsette ein utanforståande til å gjere arbeidet. Er ikkje overskottet større enn at det gir begge ektefellane m.m. meir enn eit rimeleg vederlag for arbeidsinnsatsen, kan ektefellane m.m. dele heile overskottet etter arbeidsinnsatsen.

Deler ektefellane m.m. inntekt frå felles verksemd, treng ikkje begge levere næringsoppgåve som vedlegg til sjølvmeldinga si. Det held at hovudutøvaren leverer RF-1175 «Næringsoppgåve 1» eller RF-1167 «Næringsoppgåve 2», og RF-1224 «Personinntekt frå enkeltpersonføretak». I næringsoppgåva post 0402 spesifiserar ein delinga av overskottet. Ektefellen m.m. som ikkje leverer næringsoppgåve og RF-1224 må sjølv føre tala frå desse skjemane i sjølvmeldinga si. Delen av overskottet fører ektefellen m.m. i sjølvmeldinga post 2.1.3, 2.7.1, 2.7.2, 2.7.3, 2.7.4, 2.7.5 og/eller 2.7.6. Same ektefellen m.m. fører positiv personinntekt frå RF-1224 post 1.23 i sjølvmeldinga post 1.6.1. Positivt tal i RF-1224 post 1.34 fører ektefellen m.m. i sjølvmeldinga post 1.6.2.

Rentekostnadar i felles verksemd deler ektefellane m.m. etter same høvetal som overskottet i næringsoppgåva post 0402. Ein må eventuelt korrigere rentene som er fylde ut på førehand i sjølvmeldinga post 3.3.1. Ein gjer dette ved å føre skattytaren sin del av rentekostnadene til kvar einskild långjevar.

Motsvarande skal ektefellane òg dele renteinntekter, aksjeutbytte o.a. som er bokførd i felles verksemd etter same høvetal som overskottet i næringsoppgåva post 0402.

Det er ikkje mogleg å føre næringsinntekt i den elektroniske utgåva av «Sjølvmelding 2011 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.». Sjå eventuelt rettleiinga til post 2.7 i «Sjølvmeldinga 2011 Rettleiing til postane» om korleis du på www.altinn.no bytter frå «Sjølvmelding 2011 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.» til «Sjølvmelding 2011 for næringsdrivande o.a.».

Frå og med inntektsåret 2009 er nokre personleg næringsdrivande fritekne frå å levere næringsoppgåve viss brutto driftsinntekt for året ikkje overstig kr 50 000. Du kan lese om dette i «Sjølvmeldinga 2011 Starthjelp for næringsdrivande» del 2 . Fritaket gjeld ikkje for ektefellar m.m. som deler inntekt frå felles verksemd mellom seg. Hovudutøvaren må i så fall levere næringsoppgåve og RF-1224 som vedlegg til sjølvmeldinga si.

Ektefellar m.m. kan ikkje dele underskott frå felles verksemd. Den ansvarlege innehavaren av verksemda fører heile underskottet i post 3.2.19 i sjølvmeldinga si.