Telefontenesta er geografisk uavhengengig av kvar i landet du bur. Vårt mål er at alle som ringjer Skatteopplysninga skal få best mogleg rettleiing og service. Vi har som mål å besvare 80 prosent av telefonsamtalane innan tre minutt. I enkelte periodar vil det vere noko lenger ventetid avhengig av kor stor pågang vi har.
Organisering
Skatteopplysninga er delt inn i fem regionar: Skatteopplysninga nord, Midt-Norge, vest, sør og øst. Vi har kontor i Bodø, Steinkjer, Trondheim, Bergen, Kristansand, Oslo og Hamar. Hovudkontoret til Skatteopplysninga er i Leikanger.
Skatteopplysninga vart etablert 1. januar 2008 etter omorganisering av Skatteetaten. I løpet av det første året mottok Skatteopplysninga tre millionar telefonar frå publikum.
Be oss ringe deg tilbake
Du får fem tasteval når du ringer 800 80 000. Viss tastevalet du har valt har lang ventetid vil du få tilbod om å bli ringt tilbake. Tast inn telefonnummeret ditt. Du beheld plassen din i køen og vi vil ringe deg opp når det er din tur. Hugs å taste inn eit telefonnummer der vi kan nå deg.
Servicetelefon for revisorar, rekneskapsførarar, advokatar og oppgåvegivarar
- Frå og med 20. oktober blir Rettleiingstenesta for grunnlagsdata (telefon 22 07 76 00) lagt inn under telefon 800 80 000, tasteval 5-3.
- Nytt tasteval 5-3: Likningsoppgåver
- Nytt tasteval 5-3-1: Lønns- og trekkoppgåver
- Nytt tasteval 5-3-2: Kontrolloppgåver primærnæring
- Nytt tasteval 5-3-3: Andre grunnlagsdata
Under tasteval 5 vil man kunne velgje mellom skatt og MVA. Det eksta valet er lagt inn for å sikre rett kompetanse hos dei som mottek telefonar i Skatteopplysninga. Det er ikkje nødvendig å vente til alle talemeldingar er lest opp før ein trykkjer på vidare tasteval.
Servicetelefonen vil gje generell rettleiing innanfor fagområda skatt og mva, inkludert utfylling av etaten sine skjema via Altinn eller på papir. Konkrete saker må som tidligare, takast opp direkte med saksbehandlar i den enkelte region. Skatteopplysninga vil kunne videreformidle kva saksbehandlar på saken er.