Spørsmål og svar

Tips en venn Utskriftversjon Lytt til tekstenLytt til teksten


Innhold

Til toppen Spørsmål og svar om «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.»

Til toppen 1. Kven skal levere kva for type sjølvmelding?

1.1. Kven må levere «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.»?

Svar: Leverer du elektronisk og driv næringsverksemd skal du levere «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.». Nokre mottek «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.» med førehandsutfylt personinntekt i post 1.6.2 og næringsinntekt i post 2.7.6. Har du ikkje andre næringsinntekter eller kostnader knytt til næringa treng du ikkje bytte til «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.».

Leverer du papir leverer du sjølvmeldinga du har motteke.

1.2. Kva skil «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» frå «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.»?

Svar: «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» har fleire postar enn «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.». Det er ikkje mogleg å føre overskott eller underskott frå næringsverksemd i «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.» viss du leverer elektronisk. Du må og bytte til «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» viss du leverer elektronisk og skal sende inn RF-1221 «Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.) 2009» som vedlegg til sjølvmeldinga. Sjå nedanfor i spørsmål 1.3 om korleis du gjer dette.

Du har frist til 31. mai 2010 med å levere elektronisk «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.».

Mottek du «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» får du ei oversikt over betalt forskottsskatt og forskottstrekk, men oversikta inneheld ikkje førebels utrekning av skattar og avgifter for 2009 slik som for lønnstakarar og pensjonistar. På www.skatteetaten.no kan du rekne ut skattar og trygdeavgift for 2009.

For å unngå renter på restskatt, kan du som næringsdrivande betale tilleggsforskot innan 31. mai 2010.

Leverer du «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» mottek du skatteoppgjeret i oktober 2010.

1.3. Eg har motteke «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.», men har ikkje drive noko næringsverksemd i 2009. Skal eg levere den sjølvmeldinga eg har motteke?

Svar: Ja, har du motteke «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» må du levere denne sjølv om du ikkje har drive noko næringsverksemd i løpet av inntektsåret.

1.4. Eg har starta næringsverksemd i løpet av året. Eg har fått tilsendt «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.». Kan eg levere denne?

Svar: Du går frem slik viss du ønskjer å levere elektronisk.

  • Du loggar deg inn på www.altinn.no med fødselsnummer. Du ser då at RF-1030 «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.» ligg klar på ”Mi hovudside” – ”Mi arbeidsliste”.
  • Under menyvalet ”Skjema og tenester” hentar du RF-1030 «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.». Når du opnar sjølvmeldinga for næringsdrivande, får du spørsmål om kva for næringsoppgåve du vil levere saman med sjølvmeldinga. Du finn ei skildring av næringsoppgåvene i RF-2003 «Sjølvmeldinga 2009 Starthjelp for næringsdrivande».

Du vil sjå at RF-1030 «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» er førehandsutfylt med dei same beløpa som i den tilsendte RF 1030 «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.».

Nokre mottek «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.» med førehandsutfylt personinntekt i post 1.6.2 og næringsinntekt i post 2.7.6. Har du ikkje andre næringsinntekter eller kostnader knytt til næringa treng du ikkje bytte til «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.». Har du anna personinntekt og næringsinntekt enn beløpa som er førehandsutfylt i post 1.6.2 og 2.7.6, bytter du sjølvmelding og stryk dei førehandsutfylte beløpa i post 1.6.2 og 2.7.6.

Til toppen 2. Når må eg levere sjølvmeldinga?

2.1 Kva er fristen for å levere «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» på www.altinn.no?

Svar: Fristen er 31. mai 2010. Dette gjeld og om du har bytta frå «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.» til «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.», som omtalt i spørsmål 1.3.

2.2. Kva er fristen for å levere «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.». på papir?

Svar: Leveringsfristen er 30. april 2010 viss du leverer på papir. Har du i 2009 vore deltakar i eit deltakarlikna selskap som leverer selskapsoppgåva elektronisk, har du frist til 31. mai 2010.

2.3. Har ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar same frist for å levere sjølvmeldinga?

Svar: Nei, ikkje viss den eine leverer elektronisk «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» og den andre leverer «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.».

Til toppen 3. Korleis søkar eg om utsetjing på fristen for å levere sjølvmeldinga?

3.1. Kva gjer eg viss eg ikkje klarar å levere «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» innan fristen?

Svar: Er det svært vanskeleg for deg å levere innan fristen kan du søkje om utsett leveringsfrist. Til døme sjukdom kan gi deg grunn til å søkje. Send snarast skriftleg søknad med grunngjeving og gje opp fødselsnummer, namn og adresse.

www.altinn.no finn du RF-1114 «Søknad om utsatt frist for levering av selvangivelsen for næringsdrivende for inntektsåret 2009» som du kan bruke.

3.2. Kva er fristen for å sende inn RF-1114 «Søknad om utsatt frist for levering av selvangivelsen for næringsdrivende for inntektsåret 2009»?

Svar: Fristen for å søkje om utsetjing for elektronisk levering av «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» er 31. mai 2010.

3.3. Eg skal få bistand av autorisert rekneskapsførar eller revisor med å fylle ut sjølvmeldinga. Korleis finn eg ut om rekneskapsføraren/revisoren har søkt om utsetjing på leveringsfristen min?

Svar: Rekneskapsførar og revisor kan søkje om utsett leveringsfrist på vegne av klientane sine. Du bør kontakte rekneskapsføraren/revisoren viss du er i tvil om ho/han har ordna med utsett frist for deg.

Til toppen 4. Korleis leverer eg sjølvmeldinga på www.altinn.no?

4.1. Kor finn eg PIN-kodane som eg skal bruke for å logga meg inn på www.altinn.no?

Svar: På www.altinn.no kan du logge deg inn på 7 forskjellige vis. Eit av alternativa er å bruke PIN-kodane som vart sendt til deg i eige brev 8. desember 2008. Av omsyn til datatryggleik er det viktig at du ikkje oppbevarar PIN-kodane saman med dokument som inneheld fødselsnummeret ditt.

Vel du dette alternativet blir du bede om å taste inn fødselsnummer og ein kode som du finn i brevet med kodane. Etter å ha skreve inn fødselsnummer og PIN-kode, klikkar du på knappen ”Fortsett”. I det neste skjermbiletet blir du bede om å taste inn ein ny kode frå det same brevet. Tast inn koden og klikk så på knappen ”Logg inn”.

Tastar du feil fødselsnummer og/eller kode tre gonger vert brukarkontoen din sperra for pålogging i 60 minuttar.

4.2. Eg finn ikkje att brevet kor PIN-kodane mine til offentlege tenester på internett står? Kva skal eg gjera?

Svar: Har du mista eller brukt opp PIN-kodane kan du bestille nye. Det kan du gjere på www.skatteetaten.no/pin. Du kan også bestille nye PIN-kodar ved å sende SMS med <pinkoder fødselsnummer> til 02111.

Bestiller du nye PIN-kodar vert dei gamle PIN-kodane dine sperra.

4.3. Eg har aldri levert sjølvmelding på www.altinn.no før. Kor kan eg lesa om korleis eg kjem i gong?

Svar: Sjå RF-2003 «Sjølvmeldinga 2009 Starthjelp for næringsdrivande» side 13, 14 og 15.

4.4. Autorisert rekneskapsførar eller revisor har fylt ut sjølvmeldinga som no ligg i ”Mi arbeidsliste” på www.altinn.no. Kva skal eg gjera no?

Svar: Du logger deg inn på www.altinn.no, opnar sjølvmeldinga og kontrollerar at opplysningane i sjølvmeldinga og vedlegga er korrekte og fullstendige. Er dei det signerar du og sendar inn oppgåvene.

4.6. Må eg levere RF-1098 «Formuesverdsetjing av utleigd næringseigedom 2009» som vedlegg til «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.»?

Svar: Eigde du 31. desember 2009 næringseigedom som du har leigd ut i 2009, skal du levere RF-1098. Du skal òg levere RF-1098 for bustad, fritidseigedom og tomt som du har leigd ut i næringsverksemd. Du kan lese meir om kva for eigedomar ein skal levere RF-1098 for i RF-1099 «Rettleiing til utfylling av RF-1098 Formueverdsetjing av utleigd næringseigedom 2009».

4.7. Eg har motteke «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.». Treng eg levere sjølvmeldinga viss eg ikkje gjer endringar eller tillegg?

Svar: Svaret er ja. Skattytarar som har motteke «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.» treng ikkje levere sjølvmeldinga viss ho er førehandutfylt med fullstendige og korrekte opplysningar. Men dette gjeld ikkje for skattytarar som mottek «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.».

Til toppen 5. Kven skal levere næringsoppgåve som vedlegg til sjølvmeldinga?

5.1. Kan eg velje om eg vil levere næringsoppgåve eller ikkje?

Svar: Som personleg næringsdrivande må du som hovudregel næringsoppgåve. Ein del små personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) med brutto driftsinntekter på kr 50 000 eller mindre, er fritekne frå å levere næringsoppgåve. Du kan lese meir om dette i RF-2003 «Sjølvmeldinga 2009 Starthjelp for næringsdrivande» del 2.

Sjå elles spørsmål 5.9 og 5.10 om ektefellar og deltakarar.

5.2 Korleis deler eg inntekt frå personleg næringsverksemd med ektefelle viss eg ikkje leverer næringsoppgåve?

Svar: Krev du næringsinntekta fordelt med ektefelle, registrert partnar eller meldepliktig sambuar må du levere næringsoppgåve.

5.3 Eg eig skogbruk med brutto driftsinntekter som ikkje overstig kr 50 000. Må eg levere næringsoppgåve?

Svar: Driv du skogbruk som personleg næringsverksemd og årsresultatet inngår i gjennomsnittslikning, må du levere næringsoppgåve.

5.4. Næringsverksemda mi opphøyrde i 2008. Må eg levere næringsoppgåve som vedlegg til sjølvmeldinga mi for 2009?

Svar: Du treng ikkje levere næringsoppgåve for 2009 viss næringsverksemda i enkeltpersonføretaket opphøyrde og alle eigedelar, rettar og plikter som føretaket åtte, er selde, gjort opp, tekne ut til privat bruk, eller disponert om til anna inntektsgjevande bruk, i løpet av 2008.
Om næringsverksemda di har opphøyrd eller ikkje, beror på ei samla vurdering. I denne samanhangen tek ein omsyn til

  • kor mykje aktivitet som du og andre legg ned i føretaket,
  • storleiken på bruttoinntektene i føretaket,
  • om driftsmidla er selde, gjort opp, tekne ut til privat bruk, eller disponert om til anna inntektsgjevande bruk.

Ein reknar ikkje næringsverksemda for opphøyrd viss hovudutøvaren sluttar med å taka aktiv del i verksemda sjølv, men framleis eig eller deltek i næringsverksemda.

5.5. Eg opptente i 2009 royalty for åndsverk som eg sjølv har tilverka. Kor skal eg føre denne inntekta?

Svar: Slik royalty vert rekna som næringsinntekt. Er du personleg næringsdrivande må du som hovudregel levere næringsoppgåve. Royalty fører du i post 3900 ”Anna driftsrelatert inntekt”.

Har du motteke «Sjølvmelding 2009 for lønnstakarar og pensjonistar o.a.» må du kontrollere at royalty er førehandsutfylt i post 1.6.2 og 2.7.6. Er ikkje all royalty førehandsutfylt må du bytte til «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» viss du leverer elektronisk. Har du kostnader til næringsinntekta må du og bytte sjølvmelding viss du leverer elektronisk. Er sjølvmeldinga førehandsutfylt med korrekt næringsinntekt i post 1.6.2 og 2.7.6 treng du ikkje bytte sjølvmelding eller levere næringsoppgåve.

Er du personleg næringsdrivande og har brutto driftsinntekter på kr 50 000 eller mindre, kan du på visse vilkår vere friteke frå å levere næringsoppgåve. Leverer du «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» fører du i så fall royalty saman med andre driftsinntekter i feltet ”Sum driftsinntekter”.

5.6. Eg opptente i 2009 royalty for åndsverk som eg har arva opphavsretten til. Skal eg føre inntekta i næringsoppgåva?

Svar: Du treng ikkje føre denne inntekta i næringsoppgåve med mindre aktiviteten di med å forvalte rettene er omfattande. Normalt fører ein slik inntekt i sjølvmeldinga post 3.1.12 ”Anna inntekt”.

5.7. I kode 401 på løns- og trekkoppgåve står det at eg har motteke honorar som sjølvstendig næringsdrivande. Eg meinar sjølv at vederlaget skal handsamast som  vederlag for arbeid. Kva skal eg gjere?

Svar: Normalt blir skattytaren rekna som næringsdrivande viss inntekta kjem frå aktivitet som er drive for skattytaren si rekning og risiko. Når du fyller ut sjølvmeldinga di, tek du utgangspunkt i det reelle forholdet mellom deg og oppdragsgivaren. Finn du ut at inntekta verkeleg er klassifisert feil på løns- og trekkoppgåva, skal du føre inntekta korrekt i sjølvmeldinga di. Men du må melde frå til oppdragsgivaren om at løns- og trekkoppgåva (RF 1015) er feil, slik at oppdragsgivaren kan sende endringsoppgåve. Er inntekta ført opp i post 401 i løns- og trekkoppgåva er det nærliggande å tru at oppdragsgivaren ikkje har svara arbeidsgivaravgift av inntekta di.

Arbeidsinntekt fører du i sjølvmeldinga post 2.1.1 og ikkje i næringsoppgåve. Sjå elles omtala av post 2.1.1. i «Sjølvmeldinga 2009 Rettleiing til postane» om grensa for når små arbeidsinntekter er skattefrie.

5.8. Eg investerar i  verdipapir. Skal eg levere næringsoppgåve?

Svar: Forvalting av eigne verdipapir vert ikkje rekna som næringsverksemd, med mindre aktiviteten er omfattande. Dette beror på ei konkret vurdering av dine høve. I vurderinga legg ein mellom anna vekt på om handelen din med aksjar og andre verdipapir er systematisk og vedvarande, talet på transaksjonar og kor store beløp du til saman handlar for. Vidare har det betyding om føremonen med aktiviteten din er oppnå kortsiktige vinster i motsetnad til passiv plassering ut frå eit langsiktig mål.

www.skatteetaten.no kan du lese to bindande førehandsutsegn som Skatteetaten har gitt om korleis ein i praksis skal trekkje grensa mellom næringsverksemd og anna forvalting av verdipapir. Slå i så fall opp ”Bindende forhåndsuttalelser” under ”Snarveier” og deretter året 2006. Du finn dei to i lista som:

  • BFU 24/06 (17. juni 2006) og
  • BFU 07/06 (1. mars 2006).

Driv du ikkje næringsverksemd treng du ikkje levere næringsoppgåve og RF 1224 «Skjema for utrekning av personinntekt 2009».

5.9. Eg deler inntekt frå felles verksemd med ektefelle, registrert partnar eller meldepliktig sambuar. Treng vi begge to å levere næringsoppgåve som vedlegg til «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.»?

Svar: Nei, det held at hovudutøvaren av næringsverksemda leverer næringsoppgåve og RF 1224 «Skjema for utrekning av personinntekt 2009». Sjå elles artikkelen ”Sjølvmeldinga for 2009 – såleis delar ektefellar m.m. inntekt frå felles verksemd” på www.skatteetaten.no.

5.10. Eg har motteke RF-1221 «Deltakaren si oppgåve over formue og inntekt i deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.) 2009»? Må eg levere næringsoppgåve som vedlegg til «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.»?

Svar: Personleg skattytar som leverer RF-1221 treng ikkje å levere næringsoppgåve. Du må levere næringsoppgåve og RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt 2009» viss aktiviteten din med å forvalte ulike selskapspartar og/eller andre eigarinteresser er så omfattande at aktiviteten vert rekna som næringsverksemd i seg sjølve, eller du driv anna form for enkeltpersonføretak.

Fyrste gong du opnar «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» på www.altinn.no får du spørsmål om du skal levere sjølvmeldinga med eller utan næringsoppgåve.

Til toppen 6. Korleis fyller eg ut næringsoppgåva?

6.1. Kor finn eg beløpa som eg skal føre i RF-1175 «Næringsoppgåve 1 for 2009»?

Svar: Driv du enkeltpersonføretak plikter du å levere næringsoppgåve som vedlegg til sjølvmeldinga di. Alle som plikter å levere næringsoppgåve har bokføringsplikt. På www.skatteetaten.no kan du lese om lov 19. november 2004 nr. 73 om bokføring, og forskrift 1. desember 2004 nr. 1558 om bokføring. Slå i så fall opp ”Bokføring” under ”Snarveier”.

Når bokføringa er ferdig kan du gå i gang med å fylle ut RF-1175 «Næringsoppgåve 1 for 2009». Du bør vurdere å velje en kontoplan som harmonerer med postane i RF-1175. Da vert det enklare for deg å føre beløpa over i næringsoppgåva.

Alternativet til å gjere bokføringa sjølv er å kjøpe teneste frå autorisert rekneskapsførar.

6.2. Kva for kostnadar kan eg frådragsføre i RF-1175 «Næringsoppgåve 1 for 2009»?

Svar: I næringsoppgåva fører du kostnader som du har bokført i rekneskapen til føretaket ditt. Du kan krevje inntektsfrådrag for kostnad for å erverve, vedlikehalde eller sikre skattepliktig næringsinntekt. Sjå elles omtala av dei einskilde postane i RF-1176 «Rettleiing til utfylling av næringsoppgåve 1 for 2009».

6.3. Må eg fylle ut ”Spesifikasjon av privatkonto”, det vil seie frå og med post 2061 til og med post 2078 i RF-1175 «Næringsoppgåve 1 for 2009»?

Svar: Ja, beløpa frå privatkontoen inngår som ei del av eigenkapitalavstemming på slutten av RF 1175 «Næringsoppgåve 1 for 2009». Eigenkapitalavstemminga syner korleis eigenkapitalen har endra seg i løpet av inntektsåret. Dette er og ei kontroll på at du ikkje har i bokført feil.

6.4. Korleis tek eg omsyn til privat bruk av telefon skaffa til verksemda, når eg fyller ut RF-1175 «Næringsoppgåve 1 for 2009»?

Svar: Kostnader til elektronisk kommunikasjon er frådragsgodkjend i næringsverksemda viss kostnadene vedkjem næringsverksemda og ikkje er dekka av arbeidsgivar som du eventuelt har. Du reduserer inntektsfrådraget for privat bruk av kommunikasjonsmidla med desse sjablongsatsane:

  • Ei kommunikasjonsteneste - kr 4 000, men likevel avgrensa til den delen av kostnaden på tenesta som overstig kr 1 000.
  • To eller fleire kommunikasjonstenester – kr 6 000, men likevel avgrensa til den delen av kostnaden på tenesta som overstig kr 1 000.

Kan du gjere sannsynleg at kommunikasjonstenesta overhovudet ikkje er brukt privat, treng du ikkje take omsyn til sjablongsatsane ovanfor.

Leverer du RF-1175 «Næringsoppgåve 1 for 2009», fører du den private delen av kommunikasjonskostnadene i post 2068. Den frådragsgodkjende delen av kommunikasjonskostnadene fører du i post 6995.

6.5. Kva er skilnaden mellom RF-1175 «Næringsoppgåve 1 for 2009»post 7080 ”Bilkostnader, bruk av privat bil i næring” og post 7099 ”Privat bruk av næringsbil”?

Svar: I resultatrekneskapen fører du frådrag for kostnader på næringsbil. Du reknar køyretøyet som næringsbil viss:

  • Kjøretøyet blir berre brukt til næringskøyring,
  • Kjøretøyet blir brukt minst 6 000 km i inntektsåret til næringskøyring (vurdert over eit tidsrom på 3 år),
  • Næringskøyringa utgjer mesteparten av den totale bruken, og høva i næringsverksemda gjer det naudsynt å bruke kjøretøyet. Dette kan til dømes gjelde viss kjøretøyet vert brukt til transport av verktøy, varar, og prøver av slik tyngde og omfang at det ikkje er naturleg å bringe dei med på anna transportmiddel. Det same gjeld viss kjøretøyet vert brukt som salsbu, verkstad og liknande.
  • Kjøretøyet har slik konstruksjon eller innreiing at køyretøyet ikkje er godt eigna og heller ikkje meint for privat bruk. Dette krev at kjøretøyet ikkje blir brukt til privatkøyring utanom køyring mellom heimen og fast arbeidsstad og/eller besøksreise til heimen.

I RF-1125 «Opplysningar om bruk av bil» reknar du ut tilbakeføring for privat bruk av næringsbil. Beløpet frå RF 1125 fører du over i RF-1175 post 7099. Du fører og det same beløpet i RF 1175 post 2075. Desse postane er berre aktuelle viss næringsbilen er brukt til privatkøyring i inntektsåret. Sporadisk tilgang til privat bruk utløyser ikkje tilbakeføring etter dei ordinære standardsatsane. Om næringsbilen er brukt privat eller ikkje er eit bevisspørsmål der Skatteetaten etter ei konkret vurdering legg til grunn kva dei finn mest sannsynleg.

Blir ikkje kjøretøyet rekna som næringsbil, kan du krevje inntektsfrådrag etter standardsats for faktisk næringskøyring med privatbil. I RF-1175 post 7080 fører du slikt frådrag med NOK 3,50 (NOK 3,55 i Tromsø) per kilometer. Satsen gjeld uavhengig av kor stor privatbilen er, og gjeld alle ordinære kostnader ved bilhaldet. Du får i tillegg frådrag for kostnader til parkering, bompengar, ferje og liknande i den grad dei er knytte til næringskøyring.

6.6. Skal eg føre tap på aksjar o.a. i RF-1175 «Næringsoppgåve 1 for 2009» i tillegg til post 3.3.8 eller 3.3.10 i sjølvmeldinga?

Svar: Ikkje alle som leverer næringsoppgåve må bokføre aksjane og dei andre verdipapira sine som eigedalar i føretaket. Du bokfører verdipapira som eigedel viss dei er særleg og nært knytt til enkeltpersonføretaket ditt. Gjer du dette, skal du også bokføre eventuelt tap ved realisasjon av aksjane o.a. i regnskapen din. I så fall fører du realisert tap med negativ forteikn i RF-1175 «Næringsoppgåve 1» post 0414. Beløpet i denne posten er ikkje med i næringsinntekt/-underskott som du fører over frå næringsoppgåva post 0402 til RF 1224 «Skjema for utrekning av personinntekt» og sjølvmeldinga.

Frådragsgodkjend tap frå RF-1088 «Oppgåve over aksjar og grunnfondsbevis for 2009» post 130 fører du i sjølvmeldinga post 3.3.8. Du gjer dette sjølv om du har bokførd aksjane o.a. i næringsverksemda di og ført tapet i RF-1175 post 0414.

Er ikkje aksjane o.a. ført opp i RF-1088 må du levere RF 1059 «Aksje- og andelsoppgåve over inngangsverdi, utbytte og realisasjon for 2009» som vedlegg til sjølvmeldinga di. Er det negativ sum i RF-1059 post 902, fører du dette tapet i sjølvmeldinga post 3.3.10.

6.7. Eg mottok i 2009 arbeidsgodtgjering frå deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.). Skal eg føre arbeidsgodtgjeringa i næringsoppgåva mi?

Svar: Du treng ikkje levere RF-1175 «Næringsoppgåve 1» eller annen næringsoppgåve som vedlegg til sjølvmeldinga, med mindre du driv anna næringsverksemd i tillegg til at du er deltakar i deltakarlikna selskap. I nokre få høve kan skattytaren si aktivitet med å eige, kjøpe og selje partar i deltakarlikna selskap, aksjar og andre verdipapir i seg sjølve bli rekna som næringsverksemd. Dette føreset at aktiviteten har stort omfang.

Ikkje alle som leverer næringsoppgåve må bokføre part i deltakarlikna selskap som eigedel. Du bokfører parten som eigedel viss den er særleg og nært knyta til enkeltpersonføretaket ditt. Gjer du dette, skal du også bokføre arbeidsgodtgjering i regnskapen din. I så fall fører du denne inntekta i RF-1175 «Næringsoppgåve 1» post 0416. Beløpet i denne posten er ikkje med i næringsinntekt/-underskott som du fører over frå post 0402 i næringsoppgåva til RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt» og sjølvmeldinga.

Sjølv om du fører parten i det deltakarlikna selskapet som eigedel i næringsoppgåva, skal du føre beløpa frå RF 1221 «Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.)» direkte over i sjølvmeldinga. Arbeidsgodtgjeringa fører du frå RF 1221 post 160 til sjølvmeldinga post 1.7.1 eller 1.7.4. I tillegg inngår arbeidsgodtgjeringa i beløpet som du fører frå RF-1221 post 140 til sjølvmeldinga post 2.1.3, 2.7.7, 2.7.8 eller 3.2.19.

6.8. Korleis får eg inntektsfrådrag for verdifall på driftsmidla som er kjøpt til verksemda mi?

Svar: I RF-1084 «Avskrivingsskjema for saldoavskrivingar og lineære avskrivingar 2009» krev du inntektsfrådrag for saldoavskrivingar på varige og betydelige driftsmiddel. Driftsmiddelet blir rekna som varig når ein går ut frå at det ved kjøp eller liknande har ei brukstid på minst 3 år. Driftsmiddelet blir rekna som vesentleg når kostprisen er kr 15 000 eller høgare, medrekna meirverdiavgift viss det ikkje ligg føre frådragsrett i avgiftsoppgåva. I rettleiinga til RF-1084 ser du kva for gruppe driftsmiddel som det er aktuelt å saldoavskrive.

Skal du ikkje aktivere og saldoavskrive driftsmiddelet fordi kostprisen er lågare enn kr 15 000, kan du kostnadsføre kostprisen direkte i kjøpsåret. Før i så fall kostprisen i RF 1175 «Næringsoppgåve 1 for 2009» post 6500 ”Verktøy, inventar o.a. som ikkje skal aktiverast”.

Driftsmiddel utanfor saldoavskrivingsgruppene kan det vere aktuelt å avskrive lineært. Og slike avskrivingar fører du i RF-1084.

Summen av saldoavskrivingar og lineære avskrivingar fører du over frå RF-1084 til RF-1175 post 6000 ”Avskrivingar”.

Til toppen 7. Kven skal levere RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt 2009» som vedlegg til sjølvmeldinga?

7.1. Må eg levere RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt 2009» som vedlegg til «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.»?

Svar: Leverer du næringsoppgåve (RF-1175, RF-1167 eller RF-1242) skal du og levere RF 1224 «Skjema for utrekning av personinntekt 2009» som vedlegg til sjølvmeldinga.

Ein del små personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) med brutto driftsinntekter på kr 50 000 eller mindre, er fritekne frå å levere næringsoppgåve. Nyttar du deg av leveringsfritaket, er levering av RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt» frivillig. Leverer du ikkje skjemaet, blir beløpet i feltet «Driftsresultat» lagt til grunn for utrekna personinntekt. Ønskjer du å rekne ut personinntekta i RF-1224, skal du levere skjemaet saman med sjølvmeldinga. Du bør levere RF-1224 viss du har negativ utrekna personinntekt, anten frå det aktuelle inntektsåret, eller til framføring.

7.2. Kvifor må eg levere RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt 2009» når næringsinntekta er ført i «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.» post 2.7.6?

Svar: Positiv næringsinntekt fører du over frå post 0402 i næringsoppgåva (RF-1175 eller RF 1167) til sjølvmeldinga post 2.1.3, 2.7.1, 2.7.2, 2.7.3, 2.7.4, 2.7.5 eller 2.7.6. Desse postane inngår i allmenn inntekt. Av allmenn inntekt svarar du fellesskatt til staten og inntektsskatt til kommune og fylkeskommune.

Er du medlem av folketrygda skal du som personleg skattytar svara trygdeavgift. Trygdeavgifta blir fastsett av utreka personinntekt mellom anna i sjølvmeldinga post 1.6.1 og/eller 1.6.2. Personinntekta som du fører i desse postane spesifiserar du i RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt 2009».
Sum personinntekt dannar grunnlaget for utrekning av toppskatt til staten. Fribeløpet for utrekning av toppskatt er kr 420 000 i skatteklasse 1 og 2.

7.3. Eg mottok i 2009 arbeidsgodtgjering frå deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.). Skal eg føre arbeidsgodtgjeringa i RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt 2009»?

Svar: Nei det skal du ikkje gjere. Du fører beløpa frå RF-1221 «Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.)» direkte i sjølvmeldinga. Arbeidsgodtgjeringa fører du frå RF 1221 post 160 til sjølvmeldinga post 1.7.1 eller 1.7.4. I tillegg inngår arbeidsgodtgjeringa i talet som du fører frå RF-1221 post 140 til sjølvmeldinga post 2.1.3, 2.7.7, 2.7.8 eller 3.2.19.

7.4. Eg deler inntekt frå felles verksemd med ektefelle, registrert partnar eller meldepliktig sambuar. Treng vi begge to å levere RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt 2009»?

Svar: Nei, det held at hovudutøvaren av næringsverksemda leverer næringsoppgåve og RF 1224 «Skjema for utrekning av personinntekt 2009». Sjå elles artikkelen ”Sjølvmeldinga for 2009 – såleis delar ektefellar m.m. inntekt frå felles verksemd” på www.skatteetaten.no.

7.5. Kva for skjermingsrente skal eg føre i RF-1224 «Skjema for utrekning av personinntekt 2009» post 1.8?

Svar: Skjermingsrenta i RF-1224 post 1.8 vel du sjølv. For inntektsåret 2009 kan du ikkje krevje høgare skjermingsrente enn 1,8%.

Til toppen 8. Kva gjer eg med tala i RF-1221 «Deltakaren si oppgåve over formue og inntekt i deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.) 2009»?

8.1. Eg har motteke RF-1221 «Deltakaren si oppgåve over formue og inntekt i deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.) 2009» frå eit selskap som eg åtte partar i inntektsåret. Skal eg sende inn deltakaroppgåva som vedlegg til sjølvmeldinga?

Svar: Ja, det må du. På www.skatteetaten.no finn du artikkelen ”Er du deltakar i KS, ANS o.a.? Slik fyller du ut sjølvmeldinga for 2009”. Artikkelen gir råd og vink om korleis personleg skattytar som har vore deltakar i deltakarlikna selskap i 2009, fyller ut sjølvmeldinga si.

8.2. Eg har motteke RF-1221 «Deltakaren si oppgåve over formue og inntekt i deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.) 2009». Kvifor står det tal i deltakaroppgåva post 143 ”Tillegg i allmenn inntekt”?

Svar: Som deltakar i deltakarlikna selskap fører du din del av det skattemessige overskottet/underskottet i selskapet til sjølvmeldinga post 2.1.3, 2.7.7, 2.7.8 eller 3.2.19. I tillegg fører du beløpet frå RF-1221 post 143 til sjølvmeldinga post 2.7.10 eller 2.7.11. Det står beløp i RF-1221 post 143 viss selskapet vederlagsfritt har delt ut kontantar, eigedelar og/eller  teneste til deg i inntektsåret. Det same gjeld eventuell fordel som du har hatt ved å bruke eigedelane til selskapet heilt eller delvis fritt i inntektsåret. Du kan sjå på dette som ei ekstra skattlegging av selskapet si inntening i tillegg til at overskottet normalt allereie er skattlagt på førehand.
I RF 1221 avsnitt II og V ser du korleis tillegget ditt i allmenn inntekt er rekna ut. Du ser i post 205 om ei del av utdelinga er handsama som attendebetaling av tidlegare innbetalt eigenkapital på parten din. I tillegg kan det vere ført frådrag for skjerming og skatt som fell på overskott i RF 1221 post 120.

8.3. Kven sendar RF-1221 «Deltakaren si oppgåve over formue og inntekt i deltakarlikna selskap (KS, ANS o.a.) 2009» til meg?

Svar: Det deltakarlikna selskapet sitt styre eller daglege leiar skal etterleve pliktene som selskapet har etter likningslova § 4-9. Har ikkje selskapet styre eller dagleg leiar har anten deltakarane desse pliktene i fellesskap, eller ein representant blant deltakarane.

Til toppen 9. Kva for endringar må eg gjere i sjølvmeldinga?

9.1. Kva for inntektsfrådrag skal eg føre i sjølvmeldinga?

Svar: På www.skatteetaten.no kan du lese om dette i artikkelen ”Har du husket alle fradragene?”. Denne artikkelen finn du under ”Selvangivelse for lønnstakere” i menyen til venstre i skjermbiletet.

9.2 Skal eg føre opp usikre fordringar som formue?

Svar: Formue av fordring fører du i sjølvmeldinga post 4.1.6. Verdien av usikre fordringar reduserer du skjønnsmessig. Du gjer dette sjølv om ikkje du ikkje kan nedskrive fordringa med verknad for inntektslikninga.

Fordringar som du konstaterar er tapt, verdset du til null.

9.3 Kan eg krevje inntektsfrådrag for kontingent til næringsorganisasjon i tillegg til fagforeiningskontingent?

Svar: Foreiningskontingentar er i utgangspunktet ikkje frådragsgodkjende. Likevel kan du krevje frådrag for kontingent som du har betalt til

  • arbeidstakarorganisasjon,
  • Norges Fiskarlag,
  • arbeidsgivarforeining,
  • yrkes- og næringsorganisasjon.

Du kan ikkje samstundes krevje inntektsfrådrag for kontingent til arbeidstakarorganisasjon, Norges Fiskarlag og/eller kontingent til yrkes- og næringsorganisasjon. Skattytaren vel sjølv kva for ein kontingent ho/han krev frådrag for.

Krev skattytaren frådrag for kontingent til arbeidsgivarforeining og kontingent til næringsorganisasjon, kan ikkje inntektsfrådraget vere høgare enn 2 promille av samla utbetalt lønn i året før inntektsåret.

Næringsdrivande skattytar som har betalt medlemskontingent, tariffavgift og/eller kontingent for fartøy til Norges Fiskarlag, kan krevje inntektsfrådrag med inntil kr 3 600 eller 2 promille av samla utbetalt lønn (ikkje mannskapslott) i året før inntektsåret viss dette gir høgare inntektsfrådrag.

Næringsdrivande skattytar kan krevje frådrag i inntekt for kontingent til landsomfattande yrkes- og næringsorganisasjon som har til hovudføremon å ivareta dei økonomiske interessene for slike verksemder som skattytaren driv. Du kan ikkje krevje høgare inntektsfrådrag enn kr 3 600 eller 2 promille av samla utbetalt lønn (ikkje mannskapslott) i året før inntektsåret viss dette gir høgare inntektsfrådrag. Er du medlem i fleire yrkes- og næringsorganisasjonar gjeld frådragsgrensa for den samla kontingenten du har betalt, medrekna kontingent til arbeidsgivarforeining.

Fører du opp frådrag for kontingent i RF-1175 «Næringsoppgåva 1 for 2009» post 7495, må du stryke eventuelt førehandsutfylt frådrag i sjølvmeldinga post 3.2.11.

9.4 Skal eg føre partsinnskott i samvirkeføretak som formue i sjølvmeldinga?

Svar: Du skal ikkje føre opp formue av partsinnskott i samvirkeføretak. Samvirkeføretaket må sjølv svare formuesskatt til staten viss nettoformuen er høgare enn kr 10 000.

Har du gjort låneinnskott i samsvirkeføretaket fører du beløpet som formue i sjølvmeldinga post 4.1.6.

9.5 Kva for skatteklasse skal eg føre i sjølvmeldinga?

Svar: Personleg skattytar vert likna i anten skatteklasse 0, 1 eller 2. Dei fleste personlege skattytarane som er busett i Noreg vert likna i skatteklasse 1 eller 2. Dette gjeld og for personleg skattytar som er

  • busett i utlandet, men vert likna for løn under midlertidig opphald i Noreg,
  • skattepliktig etter petroleumsskattelova eller
  • busett i utlandet, men mottek løn frå den norske staten.

Er ein slik personleg skattytar einsleg forsørgjar, kan ho/han krevje å bli likna i skatteklasse 2. Kva ein meiner med omgrepet ”einsleg forsørgjar” kan du lesa om i RF-2032 «Sjølvmeldinga 2009 Rettleiing til postane» side 33.

Ektefelle, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar vert og skattlagt under eitt i skatteklase 2 viss dette samla sett slår fordelaktig ut for dei. Dette gjeld i utgangspunktet ikkje ekteskap/partnarskap inngått etter 1. november 2008 med mindre paret var meldepliktige sambuarar på førehand. Er ekteskapet/partnarskapet inngått etter fristen kan ektefellen/ partnaren med lågast inntekt krevje å verte likna under eitt med den andre ektefellen i  bustadkommunen hennar/hans. Paret må i så fall ha etablert felles heim før 1. januar 2010.

Føreligg det samlivsbrot i 2009 skal ektefellane verte likna kvar for seg viss dei ikkje har flytta saman att før 1. januar 2010. Har den eine ektefellen forsørgja den andre med underhald mesteparten av inntektsåret før samlivsbrotet og/eller etterfølgjande bidrag, kan ho/han krevje å bli lika i skatteklasse 2. Ein kan ikkje krevje likning i skatteklasse 2 med mindre forsørginga av den andre ektefellen i 2009 er vesentleg.

I nokre høve kan personleg skattytar busett i Noreg eller midlertidig arbeidsopphald i Noreg, krevje skatteklasse 2 for forsørging av ektefelle busett i utlandet.

Du kan i så fall bli kravd om å syne vigselattest. Avhengig av forholda kan du og verte bedt om leggje fram dokumentasjon frå offentleg myndigheit om ektefellen sine inntektshøve i 2009.

9.6. Kan eg krevje inntektsfrådrag for premie til ulykkesforsikring?

Svar: I sjølvmeldinga post 3.2.2 kan du føre inntektsfrådrag for premie til frivillig sjuke- og ulykkesforsikring for 2009. Inntektsfrådraget kan ikkje vere høgare enn kr 700. Du kan heller ikkje krevje frådrag i post 3.2.2 viss du har kravd minstefrådrag i post 3.2.1.

Til toppen 10. Korleis betalar eg inn tilleggsforskott for inntektsåret 2009?

10.1. Korleis finn eg ut om eg får restskatt eller pengar attende på skatten?

Svar: På www.skatteetaten.no finn du eit skatteutrekningsprogram som du kan bruke. Skriv ”Enkel skatteberegning 2009” i søkefeltet.

10.2. Når må eg betale restskatt for 2009?

Svar: Er restskatten kr 1 000 eller høgare, kjem den til betaling i to like store terminar. Sjå kalanderen på www.skatteetaten.no om når du skal betale beløpa. Er restskatten lågare enn kr 1 000 kjem heile restskatten til betalkr NOK 99 eller mindre vert ikkje kravd inn.

For å unngå rentetillegg på restskatt, kan du som næringsdrivande betale tilleggsforskott innan 31. mai 2010. Pensjonistar og trygda som får skatteavgrensing på grunn av låg inntekt, slepp å betale rentetillegg på restskatt.

10.3. Korleis betalar eg inn tilleggsforskott for inntektsåret 2009?

Svar: Bruk innbetalingsblanketten som du fekk saman med sjølvmeldinga. Som næringsdrivande har du frist til 31. mai 2010 med å betale tilleggsforskott for inntektsåret 2009.

10.4. Bør eg betale tilleggsforskott for inntektsåret 2009?

Svar: Viss du ser at du får restskatt kan du vurdere å betale inn tilleggsforskott viss du vil. Då slepp du å betale rentetillegg på restskatten.

Pensjonistar og trygda som får skatteavgrensing på grunn av låg inntekt, slepp å betale rentetillegg på restskatt.

10.5. Kva er fristen for å betale tilleggsforskott for inntektsåret 2009?

Svar: Næringsdrivande har frist til 31. mai 2010 med å betale tilleggsforskott til skatteopprevaren.

Til toppen 11. Korleis kontrollerar eg om det er fastsett rett forskottstrekk og/eller forskottsskatt for inntektsåret 2010?

11.1 Korleis kontrollerar eg om det er fastsett rett forskottstrekk og forskottsskatt for inntektsåret 2010?

Svar: Fyller du ut RF-1102 «Søknad om endring av skattekort/forskottsskatt» vil skattekontoret vurdere å justere forskottstrekket og/eller forskottsskatten. Dette kan du gjere på https://skort.skatteetaten.no/skd/skattekort/skattekort

Til toppen 12. Når kjem skatteoppgjeret mitt?

12.1. Eg har levert «Sjølvmelding 2009 for næringsdrivande o.a.». Når kjem skatteoppgjeret for inntektsåret 2009?

Svar: Næringsdrivande skattytar får skatteoppgjer i oktober (sjå Skattekalenderen). Dette gjeld og ektefelle, registrert partnar og meldepliktig sambuar til næringsdrivande skattytar.