Ta sommerjobben fatt med rett skatt

Pressemelding Publisert: 21.05.2013

  • Skriv ut

Ungdom som skal jobbe i sommar må sjølve følgje med på inntekta si. Det er viktig for å unngå at arbeidsgivar trekkjer 50 prosent skatt.

Frå det året du fyller 13 år skal du ha skattekort viss du har sommarjobb. Frikort er eit skattekort som viser arbeidsgivar at den tilsette ikkje skal betale skatt viss ho eller han ikkje tener meir enn 39 950 kroner i løpet av eit år. 

- Tener ein over dette beløpet er det viktig at ein bestiller nytt skattekort med rett skattetrekk. Viss ikkje vil arbeidsgivar trekkje 50 prosent i skatt av det du tener over frikortbeløpet, seier fungerande kommunikasjonsdirektør i Skatteetaten, Anette Bjerke.

Elektronisk

Fleire bruker Skatteetaten sine elektroniske tenester. Den enklaste måten å bestille frikort på er via SMS eller på skatteetaten.no.

- Til no i år er nesten 82 prosent av alle frikort bestilt via SMS eller Internett, fortel Bjerke.

Totalt er det skrevet ut over 76 000 frikort, og over 61 000 er bestilt av ungdom mellom 13 og 19 år, som er den aldersgruppa der flest nyttar seg av frikort.

Fleire arbeidsgivarar

I utgangspunktet kan du berre bestille eitt frikort i løpet av eit år. Har du har fleire jobbar, er det er enkelt og dele fribeløpet mellom to arbeidsgivarar. Dette kan du gjere inne i den elektroniske bestillingsløysinga på skatteetaten.no.

Slik bestiller du frikort: Gå inn på skatteetaten.no, tast inn fødselsnummeret ditt og etter nokre dagar vil det ligge i postkassa. Du kan også bestille på SMS: Send FRIKORT (mellomrom) fødselsnummer til 02111.

Fant du det du lette etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.