Unngå renter på restskatten

Pressemelding Publisert: 23.05.2013

  • Skriv ut

Alle som veit at dei betalte for lite skatt i 2012, kan velje å betale inn ekstra innan 31. mai for å sleppe renter på restskatten.

Førebels skatteberekning i sjølvmeldinga gir ein god peikepinn på om ein får pengar til gode eller må betale restskatt. For å sleppe å betale 1,08 prosent renter på det beløpet ein skylder i skatt, kan ein betale restskatten innan 31. mai.

- Viss du betaler det du har trekt for lite i skatt i 2012 innan denne fristen, slepp du renter på restskatten. Vi er opptatt av at folk skal betale rett skatt, og vil oppfordre skattytarar til å bruke denne ordninga, seier fungerande kommunikasjonsdirektør i Skattedirektoratet Anette Bjerke.

Mange betaler inn tilleggsforskot

I fjor nytta 224 000 lønnstakarar og pensjonistar seg av dette, og betalte inn ekstra tilleggsforskot på til saman 11, 8 milliarder kroner før 31. mai.

Kontonummer og KID-nummer som skal brukast ved innbetaling av tilleggsforskot står i sjølvmeldinga.

Viss det er innbetalt for mykje tilleggsforskot, vil det godtgjerast renter ved tilbakebetaling av tilleggsforskot. Fristen for innbetaling av tilleggsforskot blir ikkje påvirka av om ein har fått utsett leveringsfrist for sjølvmeldinga, viss ein har søkt om dette.

Fant du det du lette etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.