Hugs å betale årsavgift før påskeferien

Pressemelding Publisert: 17.03.2016

  • Skriv ut

Betalingsfristen for årsavgift 21. mars nærmar seg. Betal i tide for å unngå 250 kroner i tilleggsavgift.

3 700 000 køyretøyeigarar skal ha fått faktura i postkassen eller varsel i nettbanken med krav om årsavgift frå Skatteetaten. Dersom du ikkje betaler årsavgifta innan forfallsdatoen må du, uansett årsak, betale ei tilleggsavgift.. For bil og motorsykkel er den 250 kroner. Det er ikkje mogeleg å få betalingsutsetjing for årsavgifta.

– Forfallsdatoen måndag 21. mars er kanskje den første dagen med påskeferie for mange i Noreg. Om du ikkje har betalt den ennå, hugs å leggje årsavgifta til betaling i nettbanken før du tar ferie. Da unngår du tilleggsavgift, seier kommunikasjonsdirektør i Skatteetaten, Mariken Holter.

Om du ikkje har fått faktura

Du må betale sjølv om du ikkje får faktura. Dersom du ikkje har fått faktura, kan du lage KID-nummer på skatteetaten.no. Pass på å bruke rett KID-nummer slik at betalinga blir registrert. Årsavgifta for vanlege personbilar er 3 135 kroner. Sjå satsar for alle biltypar.

Manglande betaling

Ubetalte krav blir overførte til Statens innkrevjingssentral, som krev inn beløpet frå den som åtte bilen 1. januar. Det vil seie at den tidlegare eigaren får tvungen trekk i lønn eller trygd. Statens innkrevjingssentral kan òg ta pant i eigedelar. Dersom ikkje alle avgifter er betalte innan fristen på purringa, får du vedtak om avskilting i juni. Bilen blir då avskilta ved kontroll.

Ikkje slå saman fleire fakturaer

Du kan ikkje betale avgift for fleire køyretøy med den same fakturaen. Du kan heller ikkje betale avgift for fleire år på den same fakturaen.

Bileigar er ansvarleg for betaling

Den som sto som eigar av registrert køyretøy hos Statens vegvesen 1. januar 2016, er ansvarleg for å betale årsavgifta for i år. Du skal ikkje betale dersom du leverte registreringsnummerskilta til Statens vegvesen innan 31. desember 2015, eller dersom du vrakar køyretøyet seinast 21. mars. Du må vrake køyretøyet hos godkjent vrakplass eller bilopphoggeri. Hugs å få med vrakmelding.

Har du spørsmål?

Skatteetaten svarar på spørsmål om årsavgift på telefonnummer: 22 07 76 00. Opningstida på telefonen er måndag – fredag frå 0800 – 1800.

Du kan enkelt sjekke på skatteetaten.no om årsavgifta på eit køyretøy er betalt.

Fant du det du lette etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.