127 000 køyretøy risikerer avskilting

Pressemelding Publisert: 08.06.2017

  • Skriv ut

Nå sender Skatteetaten ut vedtak om avskilting og registreringssperre til dei som ikkje har betalt årsavgifta for køyretøyet sitt.

127 000 køyretøy risikerer avskilting, noko som er på samme nivå som i 2016. Du finn alle tall for avskiltingsvedtak fordelt på fylke og kommunar nedst i saka.

Alle som betaler årsavgifta etter forfallsdato, må betale ei tilleggsavgift. For bil og motorsykkel er den 250 kroner. Når årsavgifta er registrert betalt, trekk Skatteetaten avskiltingsvedtaket.

Kontrolleres køyretøyet av Tolletaten på vegen, kan køyretøyet framleis ha skilta på dersom eigaren betaler årsavgifta, tilleggsavgifta og eit gebyr på 900 kroner. Vert køyretøyet avskilta, må eigaren betale eit påskiltingsgebyr til Statens vegvesen på 1540 kroner.

I september kjem Skatteetaten til å be Statens innkrevjingssentral sende dei krava som framleis ikkje er betalte til tvangsinnkrevjing.

Avgift på avskilta køyretøy

Alle køyretøy som var registrert 1. januar i år, er årsavgiftspliktige i 2017. Sjølv om du avskilta køyretøyet etter 1. januar, fører ikkje dette til fritak for avgifta. Berre køyretøy som eigarane leverte til vraking seinast 20. mars 2017 får fullt avgiftsfritak.

Halv avgift ved vraking før 1. juli

Dersom eigaren leverer køyretøyet til vraking i perioden 21. mars til og med 30. juni, betaler Skatteetaten halv avgift tilbake til siste registrerte eigar.

Vi svarar på spørsmål

Skatteetaten svarar på spørsmål om årsavgifta på tlf. 22 07 76 00 frå kl. 8.00 til 15.00 alle kvardagar.

Fylke – tal på avskiltingsvedtak

Kommunar – tal på avskiltingsvedtak

Meir om årsavgifta

Fant du det du lette etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.