Hopp til hovedinnholdet på siden

Spørsmål og svar

Del/tips Utskriftversjon Lytt til tekstenLytt til teksten


Innhold

Til toppen Vanlege spørsmål om RF-1098 Formue av næringseigedom

Til toppen  Om kven som skal levere RF-1098 Formue av næringseigedom

Eig du næringseigedom ved utgangen av inntektsåret skal du levere RF-1098 Formue av næringseigedom, som vedlegg til sjølvmeldinga di. Likningsverdien frå skjemaet overfører du til sjølvmeldinga. Børsnotert selskap treng ikkje levere RF-1098. Det gjer heller ikkje selskap som direkte eller indirekte er eigd av børsnotert selskap eller av personar eller institusjonar som er fritekne frå skatteplikt etter skattelova § 2-30.

 

Til toppen Kvifor må eg gje opplysningar om næringseigedomen i RF-1098 Formue av næringseigedom?

Du leverer skjemaet for å rekne ut likningsverdien. Likningsverdien skal reknast ut på nytt kvart år. Ein fastset verdien av utleigd næringseigedom på grunnlag av utrekna utleigeverdi. Denne metoden for verdsetjing krev av deg som eigar at du gjev likningsmyndigheitene opplysningar om kva for næringseigedom som vart leigd ut, storleiken på leigeinntektene osb. Du brukar RF-1098 for å gje desse opplysningane.
Frå og med inntektsåret 2010 er det innført nye reglar for å verdsetje norsk næringseigedom som ikkje er utleigd. Eig du slike eigedom må du derfor levere RF-1098 med opplysning om areal, eigedomstype osb.

Til toppen Næringseigedomen eg bygger var ikkje ferdig ved sluten av inntektsåret. Skal eg levere RF-1098 for eigedomen?

Var ikkje næringseigedomen teke i bruk enno ved årsskiftet, leverer du ikkje RF-1098 for eigedomen. I staden fører du formue av den uferdige næringseigedomen rett i sjølvmeldinga. Du verdset den uferdige næringseigedomen til ein forholdsmessig del av likningsverdien eigedomen ville fått om du hadde verdsett han som ferdigstilt ikkje-utleigd næringseigedom.

Til toppen I fjor leverte eg RF-1098 med opplysningar om den utleigde næringseigedomen min. Kan eg la ver å levere skjemaet i år og i staden føre opp same likningsverdien som i fjor i sjølvmeldinga?

Nei, eigde du næringseigedomen ved sluten av inntektsåret må du levere RF-1098 som vedlegg til sjølvmeldinga. Du reknar ut likningsverdien på nytt for kvart inntektsår.

Til toppen Huset mitt har både bustad og kontorlokale. Skal eg levere RF-1098?

Ein skal fastsetje ein likningsverdi for kvar brukseining som er seksjonert, fordi ein handsamar kvar seksjon som ein eigen eigedom.

Utgjer bustadarealet meir enn halvparten av bruksarealet i bygningen, skal du verdsetje eigedommen etter reglane for bustadeigedomar. Er næringsarealet størst, skal du verdsetje eigedomen som næringseigedom, og difor levere RF-1098 Formue av næringseigedom.

Leigar du ut bueiningar som ledd i næringsverksemd, skal du likevel rekne dette arealet som bustadareal når du avgjer om meir enn halvparten av bruksarealet er næringsareal.

Til toppen Generelt om korleis ein leverer og fyller ut RF-1098 Formue av næringseigedom

Til toppen Eg eig fleire næringseigedomar. Må eg levere RF-1098 for kvar eigedom?

Ja, du leverer i utgangspunkt eitt RF-1098 for kvar matrikkeleining du åtte ved årsskiftet. Men i nokre tilfelle har ein for skatteføremål handsama to eller fleire matrikkeleiningar som ein eigedom og fastsett felles likningsverdi for desse. Dette gjeld dersom dei aktuelle matrikkeleiningane har same eigar, er same type eigedom, og skal handsamast likt både ved fastsetjing av likningsverdi og ved inntektslikning. Dersom næringseigedomen etter tidlegare likningspraksis har vore samla for skatteføremål, og vilkåra som er nemnde over framleis er til stades, kan du fylle ut felles RF-1098 for dei aktuelle matrikkeleiningane. I post 116 gjev du opp matrikkelnummeret for det som vert rekna som hovuddelen av eigedomen. I post 117 gjev du opp alle dei andre matrikkeleiningane som inngår i likningsverdien

Til toppen Treng eg gje opplysning om matrikkelnummer i RF-1098 post 116 og 117?

Ja, ver nøye med å gjeve opp rett kommune og matrikkelnummer for eigedomen. Skatteetaten registrerer opplysningane i eigedomsregisteret sitt. Difor er det viktig at matrikkelnummeret du gjev opp samsvarar med matrikkelnummeret som er registrert i eigedomsregisteret frå før.

Til toppen Korleis leverer eg RF-1098 i Altinn?

Du leverer RF-1098 som vedlegg til sjølvmelding eller selskapsoppgåve.

 

Til toppen Sender skatteetaten RF-1098 til meg med opplysningar om næringseigedomen min?

Nei, du mottek ikkje førehandsutfylt

RF-1098.
Du legg til RF-1098 som vedlegg til sjølvmelding eller selskapsoppgåve. Opplysningane i skjemaet fyller ut sjølv. Når du er ferdig vert likningsverdien ført over til rett formuespost i sjølvmelding eller selskapsoppgåve.

Ønskjer du å levere på papir kan du skrive ut RF-1098 frå skatteetaten.no. Du kan òg hente skjemaet på skattekontoret.

Til toppen Eg leigde tidlegare ut næringseigedomen min, men ikkje ved sluten av inntektsåret. Skal eg likevel rekna eigedomen som utleigeeigedom?

I RF-1098 post 120 gjev du opp om næringseigedom var ein utleigeeigedom ved slutten av inntektsåret. Stod eigedomen tom ved slutten av inntektsåret, svarar du ja på spørsmålet dersom eigedomen vart leigd ut tidlegare i inntektsåret og du ikkje sjølv har teke eigedomen i bruk etterpå.

Til toppen Eg ga opp feil storleik på næringseigedomen i RF-1098 som eg leverte for førre inntektsår. Korleis rettar eg opp dette?

Medførte feilen at det vart fastsett feil skatt eller eventuelt feil formuesverdi på aksjar, plikter du gjere skatteetaten merksam på feilen. Du kan gjere dette ved å skrive til skatteetaten.  

Til toppen Kan eg krevje frådrag for faktiske kostnader som eg betalar når eg reknar ut likningsverdien for næringseigedomen?

Svaret er nei. I RF-1098 post 176 eller 276 multipliserer du brutto utleigeverdi med 0,9 for å komme fram til utrekna utleigeverdi i feltet til høgre. Dette tilsvarar eit standardfrådrag på 10 % for eigedomen. Du kan ikkje bruke ein annan faktor enn 0,9 sjølv om du har hatt større kostnadar enn 10 % av leigeinntektene.

Til toppen Om utleigd næringseigedom

Til toppen Skal eg levere RF-1098 for bustadene i utlandet som eg leigar ut?

Nei, du leverer ikkje RF-1098 for bustadeigedom.

Til toppen Leigetakaren fikk betalingsvanskar og eg tapte husleiga eg skulle ha motteke. Tek eg omsyn til tapet når eg fører utleigeinntekt i RF-1098 post 145?

Nei, du tek leigeinntekta fortløpande til inntekt i næringsoppgåve eller  RF-1189 Utleige m.m. av fast eigedom. Same leigeinntekta fører du i RF-1098 post 145.

Ved inntektslikninga kan du krevje frådrag for endeleg konstatert tap på leigeinntekt som er skattlagd. Men du skal ikkje føre tapet i RF-1098. I staden får du eit standardisert frådrag for 10 % av brutto utleigeinntekt gjennom utrekninga i post 176.

Til toppen Eg har leigd ut eigedomen sidan 2008. Skal eg fylle ut postane for gjennomsnittleg utleigeinntekt?

Åtte ikkje-børsnotert aksjeselskap eller allmennaksjeselskap utleigd næringseigedom ved slutten av inntektsåret 2010, skal selskapet rekne ut gjennomsnittleg utleigeinntekt, dersom selskapet skulle levert RF-1098 for næringseigedomen for inntektsåret 2008 og 2009. Andre eigarar av næringseigedom treng ikkje fylle ut postane frå og med 160 til og med 167 i RF-1098 for 2010.

Til toppen Leigetakarane står for vedlikehaldet på næringseigedomen min. Kan eg likevel ta omsyn til 10 % eigarkostnader når eg reknar ut utleigeverdien og dermed likningsverdien?

I RF-1098 post 176 multipliserer du brutto utleigeinntekt med 0,9 for å komme fram til utrekna utleigeverdi i feltet til høgre. Dette tilsvarar eit standardfrådrag på 10 % av leigeinntektene. Du bruker faktoren på 0,9 sjølv om du reelt ikkje har hatt så store kostnader i inntektsåret.

Til toppen Selskapet mitt har avvikande rekneskapsår. Korleis finn eg kalkulasjonsfaktoren eg skal bruke i RF-1098?

I sjølvmeldinga/selskapsoppgåva fører du formuen selskapet hadde ved utløpet av siste rekneskapsår før 1. januar i likningsåret. Dette gjeld òg formue av næringseigedom.
I RF-1098 post 145 fører du utleigeinntektene selskapet hadde i rekneskapsåret. Men i post 176 bruker du same kalkulasjonsfaktor som ordinære selskap som fører formuen per 31.12 i sjølvmeldinga.

Skattedirektoratet fastsett kalkulasjonsfaktoren for kvart år. Kalkulasjonsfaktoren for inntektsåret 2010 er fastsett til 0,085.

Til toppen Om ikkje-utleigd næringseigedom

Til toppen Kor i RF-1098 skal eg gje opplysningar om ikkje-utleigd næringseigedom i utlandet?

Du skal ikkje levere RF-1098 for slik eigedom. I staden fører du likningsverdien rett i sjølvmeldinga/selskapsoppgåva.

Med mindre verdien på eigedomen er endra på grunn av påbygging, frådeling, kondemnering eller tilsvarande, kan ein vidareføre likningsverdien frå førre likning. Sal av eigedomen gir ikkje i seg sjølv grunnlag for å regulere likningsverdien. Du kan krevje å få satt ned likingsverdien til 60 % av dokumentert omsetjingsverdi for næringseigedomen.
Fyrste gong du takserar ikkje-utleigd næringseigedom i utlandet, skal ikkje likningsverdien overstige 60 % av kostpris for eigedomen inkludert grunn. Du skal heller ikkje setje likningsverdien høgare enn 60 % av marknadsverdien.

Til toppen Korleis finn eg utrekna kvadratmeterleige?

Ved å klikke her kjem du til kalkulatoren som finn utrekna kvadratmeterleige og hjelpar deg med å rekne ut likningsverdien. For å finne fram til utrekna kvadratmeterleige m du leggje inn opplysningar om kommune, areal og type eigedom.

Til toppen Korleis dokumenterar eg marknadsverdien på næringseigedomen?

Du kan til dømes dokumentera marknadsverdien med takst eller verdivurdering.

Til toppen Hvordan dokumenterer jeg markedsverdien på næringseiendommen?

Du kan for eksempel dokumentere markedsverdien med takst eller verdivurdering.

Til toppen Må eg sende inn dokumentasjon på marknadsverdien som vedlegg til sjølvmeldinga mi?

Nei, i fyrste omgang kan du sjølv taka vare på dokumentasjon på marknadsverdien du har ført i RF-1098 post 290 venstre felt. Men ber skattekontoret om det, må du kunne sende inn dokumentasjonen. 

Til toppen I fjor leverte eg takst for å dokumentere marknadsverdien eg førte i RF-1098. Kan eg føre same marknadsverdien i RF-1098 no i år, eller må eg innhenta ny takst eller verdivurdering?

Likningsverdien treng ikkje overstige 60 % av næringseigedomen sin marknadsverdi. Vil du taka omsyn til slik minking fører du markandsverdien i RF-1098 post 290 venstre felt. Du kan til dømes dokumentera marknadsverdien med takst eller verdivurdering. Dette grunnlaget må skrive seg frå tida etter skatteetaten sende ut skatteoppgjeret for førre likning.