Important information

This page is not available in English.

Pressemelding

1,8 millionar har ikkje sjekka skattekortet – slik kan du endre opplysningane dine

  • Published:
Important information

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Med små grep kan du unngå å betale for mykje eller for lite i skatt. 

Bilde av Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten
Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten

I desember vart det sendt ut 4,3 millionar skattekort til norske lønstakarar og pensjonistar. I skattekortet står det kva Skatteetaten trur inntekta di vert i 2023, kva for renteinntekter og renteutgifter du får, kva formue du har og kva du skal betale i skatt i løpet av det komande inntektsåret. Framleis er det cirka 1,8 millionar som ikkje har sjekka om opplysningane er korrekte.   

–  Er du blant dei som ikkje har sjekka skattekortet, bør du logge deg inn på Skatteetaten sine nettsider og sjekke skattekortet no. Opplysningane vert laga ut frå eit estimat som mellom anna baserer seg på kva du hadde i gjeld, bankinnskot og frådrag i 2021. For mange vil vårt estimat treffe veldig bra, medan andre bør gjere endringar for å forhindre at dei betalar for mykje eller for lite skatt, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten.  

Sjekk rentene i skattekortet 

Det er mange forhold som speler inn når det kjem til kor mykje skatt du skal betale. Skatteetaten veit mykje om deg, men langt ifrå alt. Alle endringar i livssituasjonen din vil som regel ha relevans for kor mykje skatt du skal betale. Har du til dømes fått ny jobb, blitt pensjonist, betalt ned på gjelda di, eller inngått avtale om fastrente, er det difor viktig å sjekke at dei tala som ligg inne i skattekortet ditt er som venta. 

Slik økonomien har utvikla seg i det siste, er det kanskje viktigare enn nokon gong at du har eit bevisst forhold til skatten din, fortel Gjengedal. 

Mange har kontakta Skatteetaten fordi tala på renteinntekter og renteutgifter er for høge.  
 
– Skatteetaten baserer seg på opplysningar frå 2021 og justerer desse. I 2022 kom det fleire renteaukingar. Mange vil difor oppleve at dei antatte renteinntektene og renteutgiftene er mykje høgare enn tidlegare, men for nokon vil tala vere for høge. Du kan endre desse opplysningane sjølv på skatteetaten.no, seier Gjengedal.  

Ho påpeikar at alle med fastrente bør gå over tala i skattekortet nøye.  

Dersom du har fastrente på bustadlånet har du truleg ein særskilt god grunn til å sjekke skattekortet. Skatteetaten har lagt til grunn at renteutgiftene aukar kraftig frå 2021 til 2023, men dette gjeld ikkje for deg som har fastrente, seier Gjengedal. 

Litt enkelt forklart vil det vere slik at dersom renteutgiftene i skattekortet ditt er høgare enn det du faktisk betalar i renteutgifter i 2023, risikerer du å betale for lite skatt. Dette er opplysningar du får om du tek kontakt med banken din. Dei fleste som har eit bustadlån vil kunne sjå kva dei skal betale i gjeldsrenter i 2023 ved å sjekke nedbetalingsplanen i nettbanken. 

Korleis endrar du?  

Fleire kontaktar Skatteetaten fordi dei lurer på om det er feil i skattekortet. Skattekortet du fekk i desember er ikkje ein fasit, og som med skattemeldinga må du sjølv sjekke og gjere eventuelle rettingar.  

–  Det er positivt at mange kontaktar Skatteetaten, for det viser at norske lønstakarar og pensjonistar er opptekne av at skatten skal vere rett. Mange forventar nok at skattekortet er riktig fordi det har vore riktig tidlegare år. Derimot er det slik at det kan ha skjedd endringar i privatøkonomien din som Skatteetaten ikkje kjenner til, eller at våre estimat ikkje treff like godt på akkurat deg, sier Gjengedal. 
 
Du kan sjekke og endre skattekortet ditt på Min side på skatteetaten.no. Er du usikker på kva du forventar å tene i løn i løpet av året, kan du finne den førre lønsslippen din og gange inntekta di (før skatt) med 12. Dei fleste med fast løn får eit tabellkort. Når du har tabellkort vert det trekt meir skatt dess høgare inntekta blir.  

Les meir om tabell- og prosenttrekk her

–  Når du endrar skattekortet vil du med ein gong sjå korleis endringane påverkar kor mykje skatt du skal betale. Skulle noko i privatøkonomien din endre seg seinare i år kan du når som helst logge deg inn og endre skattekortet igjen. Då lagar vi eit nytt skattekort og arbeidsgjevar og NAV hentar dette direkte frå oss i Skatteetaten. Du treng med andre ord ikkje gjere noko meir, seier Gjengedal.