Important information

This page is not available in English.

Pressemelding

Fødselsattesten blir erstatta av ein digital stadfesting for barn født etter 3. mai

  • Published:
Important information

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Fødselsattesten, som tidlegare blei send til nybakte foreldre i posten, er no erstatta av ein digital fødselsstadfesting i Altinn.

Nybakte foreldre som fekk barn etter 3. mai i år, får no ei stadfesting i Altinn på at barnet har blitt registrert med namn og fått tildelt eit fødselsnummer i Folkeregisteret. Det er dermed slutt på at Skatteetaten sender ut fødselsattesten på papir, med mindre foreldra ber om dette sjølve. Alle foreldre som har barn født tidligare enn 3. mai i år får tilsendt fødselsattesten på vanlig måte og får ikkje bestilt ei digital stadfesting.

«Stadfesting av registrering av fødsel og namn i Folkeregisteret» inneheld same informasjon som fødselsattesten, men har ingen handskriven signatur og ingen stempel.

– Rolla til fødselsattesten i samfunnet er kraftig redusert. Vi blir eit stadig meir digitalisert samfunn, og Skatteetaten forventar at den digitale stadfestinga skal erstatte behovet for fødselsattest på papir i dei fleste tilfella. Foreldre som treng fødselsnummeret til barnet for å søkje om tenester som barnehageplass, vil enkelt ha fødselsnummeret tilgjengeleg i brevet som kjem i Altinn-innboksen, seier direktør for informasjonsforvalting i Skatteetaten, Jørn Leonhardsen.

Det går an å bestille fødselsattest

Dei som har behov for det, kan framleis bestille fødselsattesten med stempel og underskrift på nett.

– Foreldre som treng fødselsattesten, kan bestille han i Altinn som før. Det er fordi det framleis er somme som har behov for ein underskriven attest. Det kan dessutan ta tid for verksemder å omstille seg til å hente informasjonen elektronisk eller å gjere seg kjent med den nye stadfestinga, seier Leonhardsen.

Enklare for alle

Digitaliseringa av attestar er ein del av moderniseringsarbeidet til Folkeregisteret.

– Å utferde attestar på papir er dyrt og ressurskrevjande. Det er ikkje berre Skatteetaten som bruker tid og ressursar på å utferde attestar som nesten ingen har behov for. Borgarane må oppbevare attestane eller kopiar av dei, eller eventuelt skanne dei. Det slepp dei no, seier Leonhardsen.

For offentlege og private verksemder som bruker opplysningar om foreldreansvar for å yte ei teneste, kan moderniseringa forenkle dialogen med brukarane eller kundane, slik at dei raskare kan få inn relevant informasjon i sakshandsaminga.