Important information

This page is not available in English.

Pressemelding

Har du fått med deg alle frådraga? Sjekk skattemeldinga før søndag

  • Published:

Fristen for å levere skattemeldinga for lønstakarar og pensjonistar går ut søndag 30. april. – Har du ikkje sjekka at opplysningane i skattemeldinga stemmer, bør du gjere det så snart som mogleg, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark. Ho oppfordrar alle til å bruke frådragsrettleiaren til Skatteetaten for å sjekke at skattemeldinga blir riktig.

Skattedirektør Nina Schanke Funnemark

Tal frå Skatteetaten viser at få dagar før innleveringsfristen har 2,6 millionar levert skattemeldinga, medan rundt 1,5 millionar har fått skatteoppgjeret sitt. Til saman er rett over 15 milliardar kroner betalt ut. Dette er tal som er langt høgare enn på same tid i fjor. Då hadde 2,3 millionar levert skattemeldinga og cirka 1,3 millionar hadde fått skatteoppgjeret.  

Skattemeldinga er sendt ut digitalt til 4,2 millionar personar. Til no har 3,8 millionar opna skattemeldinga si på skatteetaten.no.  

Du bør sjekke at opplysningane stemmer  

Sjølv om svært mange allereie både har levert skattemeldinga og fått utbetalt skatt til gode, er det fleire hundretusen som ikkje eingong har opna skattemeldinga.  

– Det er ditt ansvar å sjekke at opplysningane er riktige, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark. 

Når du opnar skattemeldinga er det viktig at du ikkje berre ser på om du ligg an til å måtte betale restskatt eller om du har skattepengar til gode. Skatteetaten har henta inn 60 millionar ulike opplysningar frå til dømes arbeidsgjevarar, bankar, kommunar og barnehagar. Opplysningane er brukt i skattemeldinga, men det kan framleis vere informasjon som ikkje står der og som du sjølv må legge inn.  

– Det kan vere at du skal ha meir pengar til gode enn kva den nesten ferdige skattemeldinga viser, forklarar skattedirektøren.  

Forhold som ikkje er utfylt på førehand er mellom anna reisefrådrag, informasjon om eigedom, sal av bustad, eller verdiar du har i andre land. - Det er difor viktig at alle både sjekkar at opplysningane er riktige og syter for å legge til det som ikkje er utfylt på førehand, oppfordrar skattedirektøren. 

Dersom du, etter at fristen har gått ut, oppdagar at du har gløymt noko eller du får nye opplysningar, kan du rette opp dette sjølv. For å korrigere, må du logge deg inn på skatteetaten.no, gjere endringane og levere skattemeldinga på nytt. Dette kan du gjere når som helst opp til tre år etter leveringsfristen. 

Dersom du har fått skattemeldinga for næringsdrivande, kan du ikkje benytte deg av leveringsfritaket. Da må du levere skattemeldinga innan 31. mai.  

Har du ikkje fått skattepengane? 

Etter at skattemeldinga di er levert, må vi behandle den og lage eit skatteoppgjer. Når ditt skatteoppgjer er klart, blir du varsla. 

Viss du ikkje leverer skattemeldinga innan fristen, må du vente med å få skatteoppgjeret.  

– I løpet av juni vil omtrent ni av ti ha fått skatteoppgjeret og eventuell skatt til gode utbetalt. Får du restskatt vil du få ein faktura med første betalingsfrist i august, seier skattedirektøren. 

Skatteetaten kan ikkje seie når kvar enkelt skatteoppgjer vil vere klart, men skattemeldingane vert behandla fortløpande. Sjølv om dei fleste vil ha fått skatteoppgjeret i løpet av juni, vil nokon måtte smørje seg med tolmod og vente til hausten. 

– Det er ulike grunnar til at nokon får skatteoppgjeret seinare enn andre. Vi kan ikkje seie noko om kvifor akkurat du ikkje har fått ditt. Det kan vere alt frå at du har ei komplisert skattemelding til at du er teken ut i tilfeldig kontroll, seier Schanke Funnemark. 

Les meir om ulike årsaker til at nokon får skatteoppgjeret seinare enn andre: skatteetaten.no/hvorfor. 

Treng du meir tid? 

Sidan leveringsfristen i år fell på ein søndag, kan du levere skattemeldinga heilt til tirsdag 2. mai.  

Viss du av ulike grunnar skulle trenge meir tid på levere skattemeldinga, kan du søke om å få utsett leveringsfristen. Fristen for å søke om utsetting er 30. april, men også her kan du søke innan 2. mai. Søker du om utsetting, blir leveringsfristen automatisk utsett med 30 dagar. Les meir om dette på skatteetaten.no/utsettelse. 

– Di oppgåve er å kontrollere at opplysningane er fullstendige og korrekte, og dersom du treng meir tid til dette er det mogleg, seier Schanke Funnemark. 

Slik får du hjelp med skattemeldinga 

Har du spørsmål om skattemeldinga, ber vi deg om å kontakte oss via skatteetaten.no, chat, @skattenmin på Facebook eller telefon. 

På skatteetaten.no er det oppdatert informasjon og rettleiing. Du kan sjekke kva for frådrag du kan ha krav på ved å bruke frådragsrettleiaren på skatteetaten.no/fradragsveileder 

Vedlegg