This page is not available in English.

Pressemelding

Sjekk skattemeldinga steg for steg

  • Published:

Skattemeldinga inneheld mange førehandsutfylte opplysningar, men det er ikkje dermed sagt at ho er ferdig. Du må kontrollere om alt stemmer og om det er noko som manglar. Viss det er første gong du skal kontrollere skattemeldinga eller du er i tvil om korleis du skal byrje; her er Skatteetaten sine tips.

– Skattemeldinga er ei oversikt over inntekter, frådrag, formue og gjeld, og andre opplysningar som er vesentlege for at vi får berekna det rette grunnlaget for skatten din. Viss du synest det er vanskeleg og ikkje veit heilt kvar du skal starte, kan det vere lurt å ta eit steg om gongen, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten.

  1. Logg på via skatteetaten.no og opne skattemeldinga
    Over 3 millionar har allereie opna skattemeldinga. Logg på og sjå etter kva for type skattemelding du har fått og den førebelse utrekninga av skattar og avgifter. Blir det skatt til gode, eller må du betale?
    skatteetaten.no/skattemelding

  2. Kontroller tala og om noko manglar, opp mot dine eigne opplysningar
    No er det på tide å gå litt grundigare til verks. Sjå først på postane om inntekt. Samanlikn beløpa med det du har fått frå arbeidsgivaren din eller den som betaler deg pensjon eller trygd. Viss det er fleire som betaler deg, pass på at alle er med. Manglar det noko, skal du leggje til opplysningane som manglar. Er noko feil, skal du endre opplysningane.

  3. Formue og gjeld: Er opplysningane om bankinnskot og gjeld riktige?
    No kan du gå vidare og sjå på innskot, gjeld og bankforhold. Er alt med? Finn fram årsoppgåvene frå banken(-ane) og kontroller at beløpa er dei same som i skattemeldinga. Har du bustadlån saman med nokon, skal de kanskje dele gjeldsrentene mellom dykk slik at begge får ein del av frådraget? Eller har du lånt pengar av foreldra dine? Sjå skatteetaten.no/finnpost og søk etter gjeld.

  4. Bustad: Kanskje Skatteetaten ikkje veit alt frå før?
    Kontroller om opplysningane som står i skattemeldinga om bustaden din stemmer. Er det rett kvadratmeter i p-rom? Formuesverdien er 25 % av marknadsverdien for bustaden du sjølv bur i og 90 % dersom det er ein bustad du eig, men ikkje bur i, til dømes ei leilegheit du leiger ut. Ser verdiane riktige ut? Du rettar opplysningane som er feil og legg inn om noko manglar. Har du leigd ut bustaden? Då skal du fylle ut eit eige skjema med opplysningar om dette, sjå skatteetaten.no/utleie. Har du leigd ut rom, hybel eller heile bustaden i mindre enn 30 dagar? Sjå skatteetaten.no/korttidsutleie

  5. Har du noko meir å fortelje?
    Er det noko anna i økonomien eller i livssituasjonen din som har noko å seie for utrekninga av skatten din for 2018, som du bør opplyse om? Har du ei ferieleilegheit, pensjon eller aksjar i utlandet? Eller har du andre inntekter eller investeringar som ikkje står på skattemeldinga, som til dømes kryptovaluta? Alt skal førast i skattemeldinga sjølv om du har betalt skatt i eit anna land. Dersom du er usikker, ta kontakt med oss for å få hjelp.

– Bruk litt tid på å kontrollere skattemeldinga. Vi har laga fleire vegvisarar og hjelpemiddel på nett. Viss du lurer på noko om skattemeldinga, finn du ofte svar på skatteetaten.no, seier Gjengedal.

Verktøy som kan vere nyttige:

Dersom du ventar på opplysningar eller svar, eller treng meir tid, hugs at du kan søkje om å få utsett frist for å levere skattemeldinga. Sjå skatteetaten.no/utsettelse Fristen for dette er 30. april og då blir fristen utsett til 31. mai.

Mange lurer på korleis dei kan endre kontonummer for utbetaling av skatt til gode. Det kan ein gjere sjølv på nett, sjå skatteetaten.no/endrekonto.

Har du fått tilsendt skattemelding for næringsdrivande?

Då har du betre tid, fristen for å levere denne er 31. mai. Men hugs; dei som har fått skattemelding for næringsdrivande levere skattemeldinga, og du må levere ho elektronisk.

Opningstider påske

På skatteetaten.no finn du til ei kvar tid alt frå pendlarvegvisar til frådragskalkulator. Desse verktøya hjelper deg både til å finne ut kva for reglar som gjeld og kvar du skal føre inn opplysningar i skattemeldinga.

Viss du har spørsmål, får du raskast hjelp dersom du kontakter oss på chat, Facebook/Skattenmin eller telefon. Vi svarer deg 09:00 til 15:30 på kvardagar (påskestengt frå kl.11:30 onsdag 17. april til kl. 09:00 tysdag 23. april).

Du kan òg skrive til oss, sjå skattetaten.no/sendepost. Hugs at du må bestille time dersom du skal besøke skattekontoret, sjå skatteetaten.no/timebestilling