Important information

This page is not available in English.

Kunngjøring

Lønns- og trekkoppgåver for 2003

  • Published:

Arbeidsgivarar skal sende lønns- og trekkoppgåve til arbeidstakarane og til skattemyndigheitene. Om utfylling og bruk av kodane, sjå Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgaver, 8. utgåve, sjå og Tillegg til kodeoversikt (November 2003).

Lønns- og trekkoppgåver skal seinast 20. januar sendast på CD-rom, diskett, magnetband o.a. til datasentralen for kommunen. Om korleis maskinelle oppgåver skal leverast og kvar dei skal sendast, sjå Rettledning for arbeidsgivers utfylling og innlevering av maskinlesbare lønns- og trekkoppgaver, 7. utgåve. Dei som ikkje kan levere maskinelle oppgåver skal sende lønns- og trekkoppgåver med følgjeskriv til skatteoppkrevjaren i sin kontorkommune. Skatteoppkrevjarane kan og gi nærmare opplysningar. Grunngitt søknad om utsetjing av innleveringsfristen må leverast innan 20. januar til Skattedirektoratet for maskinelle oppgåver, elles til skatteoppkrevjaren.

Sjølv om utbetalt godtgjering er under grensa for lønnsoppgåveplikt, må eventuelt forskottstrekk meldast inn (kode 950).

Alle oppgåver må fyllast ut med fullstendige arbeidsgivar- og arbeidstakaropplysningar. For arbeidstakarar som er busett i utlandet er det særleg viktig å gi nøyaktige opplysningar om namn og adresse. Arbeidsgivarar kan bli pålagde eit gebyr på kr 10 per dag for kvar oppgåve som ikkje blir levert, som blir levert for seint eller som er mangelfull.

Utanlandske arbeidsgivarar som ikkje har varig verksemd her i riket, skal sende lønns- og trekkoppgåver for alle arbeidstakarar til Rogaland skattfutkontor, avdeling sokkel/utland, Postboks 148 Sentrum, 4001 Stavanger. Det gjeld også utanlandske arbeidsgivarar med verksemd på norsk kontinentalsokkel. Arbeidstakarar bør kontrollere fødselsnummer og andre opplysningar på oppgåva. Meld frå til arbeidsgivar ved feil eller manglar.

Ekstra arbeidsgivaravgift på 12,5 prosent skal betalast av avgiftspliktige ytingar over 16 gonger gjennomsnittleg grunnbeløp i folketrygda. Årsoppgåve for arbeidsgivaravgift - Følgjeskriv til lønns- og trekkoppgåver (RF-1025) er endra. Det er eit nytt fast felt for kode 316 som gjeld underhaldstilskott. Skattedirektoratets arbeidsgivarhefte, del 3 Lønns- og trekkoppgaver, gir nærmare opplysningar om lønnsoppgåveplikta. Heftet får du hos skatteoppkrevjaren. Lønns- og trekkoppgåve (RF-1015), Kodeoversikt, tillegg til kodeoversikt, Rettledning for utfylling og innlevering av maskinelle oppgaver kan ein og få hos skatteoppkrevjaren.

Oslo,  januar 2004