Important information

This page is not available in English.

Kunngjøring

Sjølvmelding for næringsdrivande

  • Published:

Nye leveringsfristar

”Sjølvmelding for næringsdrivande mv”, ” Sjølvmelding frå aksjeselskap, verdipapirfond, bankar mv.” og ”Inntektsoppgåve – Tax Return” har frå og med 2004 leveringsfrist 31. mai dersom sjølvmeldinga med vedlegg blir levert elektronisk via http://www.altinn.no/. Levering av sjølvmelding med vedlegg på papir, har frist 31. mars.

Deltakar i ansvarleg selskap, kommandittselskap mv. kan ha frist som avvik frå dette.

Skattytarar som blir likna ved Oljeskattekontoret skal levere sjølvmelding med vedlegg seinast 30. april. Frist for å levere sjølvmelding med vedlegg for skattytarar som blir likna ved likningskontoret for Svalbard er 29. februar. Det er også ein del endringar for behandling av sjølvmeldinga.

Nye satsar for rentegodtgjersle og rentetillegg

Rentetillegget på restskatt er 3,1 prosent for dei som får skatteoppgjer i oktober. Rentetillegget blir rekna frå første krone.

Rentegodtgjersla på tilgodebeløp er 3,1 prosent for skattytarar som får skatteoppgjeret i oktober. Rentetillegget på tilleggsforskott som er betalt mellom 1. januar til 30. april er 0,9 prosent for skattytarar som får skatteoppgjeret i oktober.