Vegen til ekteskapet – steg for steg

  • Skriv ut

Papir som må fyllast ut

Før de kan gifte dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Fyll ut skjemaa nedanfor, og send dei samla til det lokale skattekontoret dykkar. Vi tilrår at de er tidleg ute, men ikkje meir enn 4 månader før giftemålet. Årsaka er at papira berre er gyldige i ein avgrensa periode. Forventa handsamingstid er minst 2 til 3 veker.

  • Eigenerklæring – de må fylle ut kvar si erklæring
  • Forlovarerklæring – må fyllast ut av to forlovarar – ein frå kvar side. Det må være ein person som kjennar deg. Statsborgarskapet til forlovar har ingen betydning. Forlovar må ikkje være til stades ved inngåande av ekteskapet. Skjemaet
  • Har de vore gift tidlegare? Då må det fyllast ut ei erklæring om skifte
  • Endre namn? Fyll ut melding om endring av namn.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.