Adopsjon og registrering i folkeregisteret

  • Skriv ut

Det er Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) som handsamar søknader om adopsjon – både adopsjonar av barn frå utlandet og frå Noreg.

Etter at adopsjonen er gjennomførd, sender Bufetat ei melding til Skatteetaten. Meldinga dannar grunnlaget for registreringa av barnet i folkeregisteret.

Adoptivforeldre som adopterer frå utlandet, må melde flytting til Noreg for barnet sitt.

I høve hvor adopsjonen er gjennomført i utlandet utan at det er gitt førehandssamtykke av norsk adopsjonsmyndigheit, må adopsjonen vere godkjend av Bufetat. I slike høve må adoptivforeldra sjøl melde frå om adopsjonen til Skatteetaten ved at ein kopi av Bufetat si godkjenning leggas ved.

Etternamn

Ved adopsjon av barn under 18 år, får barnet etternamnet til mor, dersom ikkje noko anna er fastsett i samband med adopsjonen.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.