Om vegvisaren

Publisert: 26.05.2017

  • Skriv ut

I denne vegvisaren gir finn du rettleiing og informasjon om du oppfyller vilkåra for å kunne bruke utanlandsregistrert bil i Noreg.

Hovudregelen er:

  • Dersom du har fast opphaldsstad utanfor Noreg eller mellombels opphald i Noreg, kan du innføre og mellombels bruke ein utanlandsregistrert bil i Noreg utan å betale avgifter.
  • Dersom du har fast opphaldsstad i Noreg, kan du berre bruke utanlandsregistrert køyretøy i visse tilfelle.

Du må svare på mellom 2 og 8 spørsmål for å få vite kva som gjeld for deg.

Vegvisaren gir generell rettleiing ut frå spørsmåla du har svart på. Informasjonen du får er difor ikkje eit bindande svar frå oss.

Kva meiner vi med "bruk" av køyretøy?

Med bruk meiner vi all form for disponering. Dette inneber at det i tillegg til å køyre bilen òg omfattar fysiske og faktiske høve til å køyre. Vidare omfattar det

  • lagring
  • framvising
  • reparasjonar
  • sal

Det vil seie at dersom du har den utanlandsregistrerte bilen lagra/ståande i garasjen, så er det å rekne som bruk. 

Kva for køyretøy kjem inn under regelverket?

Dei køyretøya som kjem inn under regelverket er mellom anna personbil, varebil, bubil, motorsykkel og ATV. Tilhengjarar og campingvogner åleine eller saman med bil kjem òg inn under regelverket.

Etterlate køyretøy

Du må i utgangspunktet ta med deg bilen når du reiser ut av Noreg. Du kan likevel la bilen stå att i Noreg i inntil 6 veker per 12 månader.

Dokumentasjon og følgjer ved brot på regelverket

Ver merksam på at du til kvar tid må kunne dokumentere at du oppfyller vilkåra for å bruke utanlandsregistrert bil i Noreg. Dersom du ikkje følgjer reglane må du betale avgifter, og du kan risikere å bli pålagt tilleggsskatt.

Utfyllande informasjon

 

Ønskjer du utfyllande informasjon om regelverket for bruk av utanlandsregistrert bil i Noreg, kan du lese her:

Kan vegvisaren bli betre?

Du kan hjelpe oss med å gjere vegvisaren betre ved å sende oss ei melding. Vi kan ikkje svare på konkrete spørsmål knytt til din situasjon, så treng du hjelp og personleg rettleiing om reglane for bruk av utanlandsregistrert bil i Noreg, må du kontakte oss i andre kanalar.

Ditt navn (valgfritt):
Din tilbakemelding:
Din e-postadresse (valgfritt):

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.