Arbeidsforholdstypen er endra frå den førre rapporteringa
F266 / MAGNET_EDAG-266
Kvifor denne feilmeldinga
Type arbeidsforhold er ikkje den same som førre månad.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt ein annan type arbeidsforhold for ein inntektsmottakar i denne månaden enn førre månad
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du opp
- Kontroller arbeidsforholdet du har fått feilmelding på. Dersom du har ført opp feil type arbeidsforhold, må du endre til rett type. Sjå òg Vel rett type arbeidsforhold.
- Dersom type arbeidsforhold har endra seg, avsluttar du det eksisterande arbeidsforholdet, og opprettar eit nytt arbeidsforhold med den nye typen arbeidsforhold.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit reiarlag sender a-melding for februar med opplysningar om maritimt arbeidsforhold for Kari. I a-meldinga for mars fører dei opp det same arbeidsforholdet for Kari, men arbeidsforholdstypen er endra til ordinært.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-266 fordi opplysningar om type arbeidsforhold er endra sidan førre månad. Det er ikkje lov å endre type arbeidsforhold. Dersom det skjer ei endring i type arbeidsforhold må ein avslutte det inneverande arbeidsforholdet og opprette eit nytt arbeidsforhold med ny arbeidsforholdstype.
Reiarlaget oppgir desse opplysningane om det maritime arbeidsforholdet til Kari: | |
ArbeidsforholdsID | 10 |
Type arbeidsforhold | maritimt |
Sluttdato på arbeidsforhold | 28. februar |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Dei oppgir desse opplysningane om det ordinære arbeidsforholdet til Kari: | |
ArbeidsforholdsID | 20 |
Type arbeidsforhold | ordinært |
Startdato på arbeidsforhold | 1. mars |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.