Fødselsnummer/D-nummer finst ikkje i folkeregisteret
F180D / MAGNET_EDAG-180D
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt eit fødselsnummer eller D-nummer som ikkje finst i folkeregisteret.
Dette kan til dømes kome av at du har:
- tasta feil nummer
- brukt eit fødselsnummer som ikkje er norsk
- brukt eit fiktivt nummer
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller fødselsnummeret eller D-nummeret du har brukt, og rett til riktig nummer.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit advokatkontor sender a-melding med opplysningar om Fatima med fødselsnummer 1010199900000. Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-180D fordi 1010199900000 ikkje finst i Folkeregisteret.
For å rette feilen oppgir advokatkontoret Fatima sitt riktige fødselsnummer. | |
Fødselsnummer | Fatima sitt fødselsnummer |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.