Ugyldig opplysningspliktig
F283 / MAGNET_EDAG_283
Dersom du sender inn ei ordinær a-melding (A10 eller A02) må du føre opp deg sjølv med ditt fødsels- og personnummer/d-nummer som arbeidsgivar. Du kan ikkje betale ut lønn og godtgjersle til dagmamma eller praktikant som passar barn i barnet sin heim, eller lønn og godtgjersle til privatpersonar for arbeidsoppdrag i oppdragsgivar sin heim frå eit firma du har ført opp med eit organisasjonsnummer.
Kvifor denne feilmeldinga
Du har ført opp feil nummer på arbeidsgivar/opplysningspliktig. For lønn til dagmamma eller praktikant / au pair eller lønn til privatpersonar for arbeidsoppdrag i heimen til oppdragsgivaren skal du føre opp deg sjølv med ditt fødsels- og personnummer/d-nummer som arbeidsgivar.
Det kan til dømes kome av at du har:
- rapportert at denne lønna er betalt frå eit firma og ført opp eit organisasjonsnummer som arbeidsgivar
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgradar på feil
Slik rettar du
1. Kontroller kva for eit nummer du har brukt på arbeidgivar/opplysningspliktig.
2. Før opp fødsels- og personnummeret / d-nummeret ditt som arbeidsgivar/opplysningspliktig.
3. Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.