Ugyldig verdi
F299 / MAGNET_EDAG-299
Kvifor denne feilmeldinga
Du har opplyst om tilsetjingsform. Opplysninga skal ikkje leggjast inn i a-meldinga før 2021.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt feil månad for a-meldinga
- oppgitt tilsetjingsform. Tilsetjingsform for arbeidsforholdet skal leggjast inn først frå og med 2021.
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Fjern opplysninga om tilsetjingsform på arbeidsforholdet ho er oppgitt på i a-meldingar før 2021, eller endre månad for når a-meldinga gjeld.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Ved bruk av lønnssystem kan du sjekke med systemleverandøren din dersom du er usikker på korleis du rettar i systemet.
Døme
Carl jobbar i eit konsulentfirma. I mars 2021 oppdagar firmaet ein feil i opplysningane om Carl i a-meldinga for desember 2020. Dei sender ei ny a-melding for desember for å korrigere dette. Konsulentfirmaet sender med dagens status på arbeidsforholdet når dei skal korrigere tilbake i tid, og oppgir også tilsetjingsform på a-meldinga for desember.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-299. Ettersom tilsetjingsform er oppgitt før periodar i 2021, er opplysningane om arbeidsforholdet til Carl feil. Dei sender ny a-melding for desember utan opplysningar om tilsetjingsform.
A-melding for desember 2020 |
|
Inntektsmottakar | Carl |
ArbeidsforholdsID | 20 |
Type arbeidsforhold | ordinært |
Startdato på arbeidsforhold | 1. februar |
Yrkeskode | 5221 126 |
Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling | 37,5 |
Stillingsprosent | 100 |
Siste dato for endring av stillingsprosent | 1. februar |
I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar. Dei oppgir ikkje tilsetjingsform.