Ugyldig verdi
F500 / MAGNET_EDAG-500
Kvifor denne feilmeldinga
Du har opplyst om årsak til sluttdato. Opplysninga skal ikkje leggjast inn i a-meldinga før 2021.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt feil månad for a-meldinga
- oppgitt årsak til sluttdato. Årsak til sluttdato for arbeidsforholdet skal leggjast inn først frå og med 2021.
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Fjern opplysninga om årsak til sluttdato på arbeidsforholdet som er oppgitt i a-meldingar før 2021, eller endre månad for når a-meldinga gjeld.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Ved bruk av lønnssystem kan du sjekke med systemleverandøren din dersom du er usikker på korleis du rettar i systemet.
Døme
Nina sluttar i jobben sin i ein blomsterbutikk 15. februar 2021. I a-meldinga for februar oppgir arbeidsgivar sluttdato på arbeidsforholdet og årsak til sluttdato.
I mars 2021 finn butikken ut at det har blitt gjort ein feil i opplysningane om Nina i a-meldinga for desember 2020. Dei sender ei ny a-melding for desember for å korrigere dette. Blomsterbutikken sender dagens status på arbeidsforholdet når dei skal korrigere tilbake i tid, og oppgir også sluttdato og årsak til sluttdato på a-meldinga for desember.
Dei får då feilmeldinga MAGNET_EDAG-500. Ettersom årsak til sluttdato er oppgitt før periodar i 2021, er opplysningane om arbeidsforholdet til Nina feil. Dei sender ny a-melding for desember utan opplysningar om sluttdato og årsak til sluttdato.
A-melding for desember 2020 |
|
Inntektsmottakar | Nina |
ArbeidsforholdsID | 20 |
Type arbeidsforhold | ordinært |
Startdato på arbeidsforhold | 1. februar |
Yrkeskode | 5221 126 |
Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling | 37,5 |
Stillingsprosent | 100 |
Siste dato for endring av stillingsprosent | 1. februar |
I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar. De legg ikkje inn opplysningar om sluttdato eller årsak til sluttdato.