Ulogisk dato for siste lønnsendring
F259 / MAGNET_EDAG-259
Kvifor denne feilmeldinga
Datoen for siste lønnsendring er langt fram eller tilbake i tid.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt dato for siste lønnsendring før 1. januar 1960
- oppgitt dato for siste lønnsendring som er 1 år fram i tid
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller om du har rapportert rett start- og sluttdato på dato for siste lønnsendring.
- Dersom datoen er feil, må du endre til rett dato.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit snikkarfirma sender a-melding for mai med opplysningar om arbeidsforholdet til Anne. Dei oppgir datoen for siste lønnsendring til 1. januar 1958.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-259 fordi datoen for siste lønnsendring er før 1. januar 1960. Rett dato for siste lønnsendring for Anne er 1. januar 2017.
Snikkarfirmaet endrar datoen for siste lønnsendring for Anne til: | |
Siste lønnsendringsdato | 1. januar 2017 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.