Feriepengar opptent i utlandet tidlegare år
Gjeld feriepengar som er opptente i utlandet i tidlegare år.
Kort om feriepengar opptente i utlandet tidlegare år
Før opp feriepengar som er opptent i utlandet og som først blir utbetalt etter at opphaldet i utlandet er avslutta. Det er nødvendig å føre opp beløpet under ei eiga nemning som syter for at det blir rett handsama skattemessig.
Unnatak
Det er ikkje opplysningsplikt når inntektsmottakaren:
- ikkje er skattemessig busett i Noreg,
- og utbetalinga skal belastast ein fast driftsstad som arbeidsgivaren har i eit land som Noreg har skatteavtale med.
Norske skatte- og avgiftsmyndigheiter har i praksis lagt til grunn at det ikkje gjeld lønnsopplysningsplikt for lønn og anna godtgjersle knytt til arbeid utført utanfor norsk territorium, dersom arbeidsgivaren ikkje er skattemessig heimehøyrande i Noreg.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, feriepenger |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Frå dato til dato | periode |
Oppteningsland | landkode |
Opptent på kontinentalsokkel | ja/nei |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Dersom utbetalinga gjeld for fleire tidlegare år, må du føre opp eitt beløp for kvart av dei aktuelle åra.
Dersom beløpet er opptent i fleire ulike land, må du dele beløpet på kvart av dei aktuelle oppteningslanda.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «feriepengar».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk i lønn og godtgjersler for arbeid i teneste utført i utlandet til personar som verken er busette i Noreg eller oppheld seg her mellombels når det blir mogeleg å få beløpet utbetalt.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
- Frå dato til dato
Før opp perioden utbetalinga gjeld for frå dato til dato. Dersom utbetalinga gjeld fleire tidlegare år, må du føre opp eitt beløp for kvart av dei aktuelle åra. - Oppteningsland
Før opp landkoden til det landet der inntekta er opptent. Dersom beløpet er opptent i fleire ulike land, må du dele beløpet på kvart av dei aktuelle landa. Dette må du gjere for å syte for at Skatteetaten veit kva for ein skatteavtale som skal nyttast. Dette kan ha noko å seie for ei eventuell nedsetjing av norsk skatt. - Kontinentalsokkel
Du skal føre opp om inntekta er opptent på kontinentalsokkel eller ikke.
Døme
Kari tente opp feriepengar med 70 000 kroner i Sverige i perioden 1. januar 2017 til 31. desember 2017.
Beløp | 70 000 |
Type lønn eller yting | kontantyting, feriepengar |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja |
|
|
Frå dato til dato | 01012017-31122017 |
Oppteningsland | SE |
Opptent på kontinentalsokkel | nei |
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten nyttar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk