Trekkfri bilgodtgjersle, passasjertillegg o.a.
Gjeld trekkfri bilgodtgjersle ved yrkes- eller tenestekøyring, passasjertillegg og godtgjersle når ein nyttar andre framkomstmiddel
Kort om trekkfri bilgodtgjersle, passasjertillegg o.a.
Før opp trekkfri bilgodtgjersle for yrkes- eller tenestekøyring.
Ytinga er berre trekkfri når ho
- blir utbetalt som kilometergodtgjersle etter Skattedirektoratet sine forskotssatsar (satsforskrifta § 4)
- er i samsvar med legitimasjonskrava i skattebetalingsforskrifta § 5-6-12 (9)
Reiserekninga må minst innehalde:
- namnet og adressa og underskrifta til arbeidstakaren
- dato for avreise og heimkomst for kvar yrkes- eller tenestereise
- føremålet med reisa
- kva for arrangement arbeidstakaren har delteke på
- framstilling av reiseruta med spesifikasjon av utgangs- og endepunkt, lokal køyring på oppdragsstaden og årsaka til eventuelle omkøyringar
- totalt køyrd distanse i samband med yrkes- eller tenestereise, til dømes berekna på grunnlag av kilometerteljaren til bilen, GPS-basert elektronisk køyrebok eller nettbasert kartprogram.
- namnet på passasjeren ein krev passasjertillegg for
Passasjertillegg gjeld når ein tek med andre arbeidstakarar på oppdrag for arbeidsgivar.
Sjå satsane du skal leggje til grunn for at ytinga skal vere trekkfri
Om kilometergodtgjerlsen er trekkpliktig før opp den som trekkpliktig bilgodtgjerlse eller trekkpliktig fast bilgodtgjerlse. Hvis kilometergodtgjørelsen gjeld besøksreise til heimen for pendlarar- sjå Trekkfri bilgodtgjersle – besøksreise til heimen for pendlarar.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kjem an på type yting (sjå nedanfor) |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Tal | talet på kilometer |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «utgiftsgodtgjersle» og ei av desse nemningane:
- kilometergodtgjersle bil
- kilometergodtgjersle elbil - UTGÅTT FRA 2019
- kilometergodtgjersle passasjertillegg
- kilometergodtgjersle andre framkomstmiddel
Vel andre framkomstmiddel for:
- tilhengjartillegg (mellom anna godtgjersle for lasterom i varebil)
- godtgjersle for køyring på skogs- og anleggsvegar
- godtgjersle for bruk av eigen motorbåt
- godtgjersle for bruk av eigen snøscooter, motorsykkel og moped
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, kan du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Tilleggsinformasjon
Før opp talet på kilometer.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga for den kalendermånaden utgiftsgodtgjersla er utbetalt.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar trekkfri bilgodtgjersle, passasjertillegg o.a. til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk