Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startside til skatteetaten
Startside til skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for verksemder Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform (fast og mellombels)
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, kommunesamanslåing og meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Kommune- og fylkessamanslåing
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift på lønnsinntekt over 750 000 kroner Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Organisasjonsnummer
  • Del
    • Facebook
    • Twitter
    • LinkedIn
  • Skriv ut

Juridisk organisasjonsnummer (opplysningspliktig) og organisasjonsnummer for verksemder

  • Oppdatert: 30.04.2021

Kva for organisasjonsnummer du skal bruke i a-meldinga.

    Viktig informasjon

    Juridisk organisasjonsnummer er den juridiske eininga sitt organisasjonsnummer. I rettleiinga til a-meldinga kallar vi juridisk eining óg for opplysningspliktig, hovedeining og føretak.

    Verksemdnummer er organisasjonsnummeret til undereininga som opplysningspliktige driv. I rettleiinga til a-meldinga kallar vi undereining òg for verksemd.

    Bruk to organisasjonsnummer for å identifisere den du sender a-melding for

    I a-meldinga skal du identifisere den du sender a-melding for ved å føre opp juridisk organisasjonsnummer.

    Dersom du har tilsette, skal du òg oppgi organisasjonsnummer for verksemda, også kalla verksemdsnummer.

    Dersom du for ei verksemd berre oppgir arbeidsforholdstypen pensjon eller arbeid utan arbeidsforhold, eller du ikkje oppgir arbeidsforhold i det heile teke, kan du oppgi juridisk organisasjonsnummer også på nivået verksemd i a-meldinga.

    Juridisk organisasjonsnummer

    Før opp det juridiske organisasjonsnummeret til hovudeininga for å identifisere den du sender a-melding for. Gjeld òg enkeltpersonføretak.

    Alle føretak og foreiningar som registrerer seg i Einingsregisteret i Brønnøysundregistre får tildelt eit juridisk organisasjonsnummer. Den eininga ein identifiserer med juridisk organisasjonsnummer, kallar vi hovudeininga. Det er hovudeininga som er opplysningspliktig i a-meldinga.

    Har du ikkje juridisk organisasjonsnummer? Sjå Brønnøysundregistra og på altinn.no viss du ønskjer meir informasjon og søknadsskjema.

    Finn ditt organisasjonsnummer

     

    Privatpersonar skal bruke fødselsnummer

    Dersom du sender a-melding som privatperson, skal du bruke fødselsnummer for å identifisere den opplysningspliktige.

    Verksemdsnummer

    Før opp organisasjonsnummer for verksemda og knyt dei tilsette til den verksemda der dei jobbar.

    Alle som driv næringsverksemd og/eller har tilsette, må ha minst ei undereining/verksemd, identifisert med eit organisasjonsnummer for undereining/verksemd. Undereininga/verksemda er ikkje sjølvstendig. Ho kjem alltid til å vere knytt opp mot ei hovudeining. Under ei hovudeining kan det vere ei eller fleire undereiningar/verksemder.

     

    Diagram. Før opp juridisk organisasjonsnummer for hovudeininga. Før opp organisasjonsnummer for verksemd, for kvar av verksemdene. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.

     

    Pass på at registreringa i Einingsregisteret er rett, og rapporter etter den same strukturen i a-meldingane. Registrer verksemda i Einingsregisteret før du sender a-melding. 

    Slik finn du organisasjonsnummeret for verksemda di

    Dei aller fleste som driv næringsverksemd, får tildelt eit organisasjonsnummer både for hovudeininga og for undereininga/verksemda. På nettsidene til Brønnøysundregistra kan du finne organisasjonsnummeret for undereininga/verksemda di. Legg inn ditt juridiske organisasjonsnummer i feltet Finn føretak/selskap. Nedst på den neste sida (søkjeresultat) finn du ei lenke til ei side som viser kva verksemder som er registrert under den juridiske eininga.

    Har du ikkje organisasjonsnummer for verksemda? Sjå Brønnøysundregistra og på altinn.no viss du ønskjer meir informasjon og søknadsskjema.

    Ikkje fått organisasjonsnummer for verksemd endå

    Har du søkt om organisasjonsnummer for verksemda i Einingsregisteret og ikkje fått dette innan fristen for rapportering av a-melding, må du vente med å sende a-meldinga til du har fått organisasjonsnummer for verksemda.

    Når du har fått organisasjonsnummer for verksemda, skal du bruke det.

     

    Døme med éi verksemd

    Ein frisørsalong som skal drive verksemd i Bodø har registrert seg i Einingsregisteret. Dei har fått eit juridisk organisasjonsnummer og eit organisasjonsnummer for verksemda i Bodø.

    Frisørsalongen oppgir juridisk organisasjonsnummer for å identifisere den opplysningspliktige i a-meldinga.

    I tillegg fører dei opp organisasjonsnummer for verksemda i Bodø og knyter opplysningar om dei tilsette til dette nummeret.

    Diagram. Oppgi juridisk organisasjonsnummer for den som er opplysningspliktig. Oppgi organisasjonsnummer for virksomheten i Bodø. Opplysninger om inntekstmottakere knyttes til virksomhet i Bodø. Teksten i artikkelen forklarer dette nærmere.
    Modell: Bruk av juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for virksomhet, ved én virksomhet.

     

    Døme med fleire verksemder

    Ei røyrleggjarbedrift som skal drive verksemd i både Oslo og Hamar har registrert seg i Einingsregisteret. Dei har fått tildelt juridisk organisasjonsnummer og to organisasjonsnummer for verksemd, eitt for Oslo og eitt for Hamar.

    Røyrleggjarbedrifta oppgir juridisk organisasjonsnummer for å identifisere den opplysningspliktige når dei sender a-melding for Oslo og Hamar.

    I tillegg fører dei opp organisasjonsnummer for verksemda i Oslo og knyter opplysningar om dei tilsette i Oslo til dette nummeret.

    Tilsvarande fører dei opp organisasjonsnummer for verksemda i Hamar og knyter opplysningar om dei tilsette i Hamar til dette nummeret.

    Røyrleggjarbedrifta rapporterer begge verksemdene i den same a-meldinga (tilrådd). Dei kan òg rapportere verksemda i Oslo i éi a-melding og verksemda i Hamar i ei anna a-melding.

    Diagram. Oppgi juridisk organisasjonsnummer for den som er opplysningspliktig. Oppgi organisasjonsnummer for virksomhetene i Hamar og Oslo. Opplysninger om inntektsmottakere knyttes til Hamar og Oslo. Teksten i artikkelen forklarer dette nærmere.
    Modell: bruk av juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for virksomhet, ved flere virksomheter.

     

    Organisasjonsnummer og arbeidsforhold ved fusjon, fisjon o.l

    Fusjon

    Fisjon

    Oppkjøp, eigarskifte eller overdraging av verksemd 

     

    Rette feil

    Feilmeldingar som gjeld juridisk organisasjonsnummer
    MAGNET-000005
    Ugyldig identifikator for opplysningspliktig
    MAGNET-000096
    Ugyldig identifikator for opplysningspliktig
    MAGNET_EDAG-109A
    Avvik frå opplysningar i Einingsregisteret
    MAGNET_EDAG-182
    Opplysningspliktig sitt organisasjonsnummer i a-meldinga er ulikt organisasjonsnummeret det er rapportert for i Altinn

     

    Feilmeldingar som gjeld organisasjonsnummer for verksemd 
    MAGNET_EDAG-107B
    Ugyldig identifikator for verksemd
    MAGNET_EDAG-142
    Informasjonen i meldinga stemmer ikkje overeins med informasjonen i Enhetsregisteret
    MAGNET_EDAG-142B
    Informasjonen i meldinga stemmer ikkje overeins med informasjonen i Enhetsregisteret
    MAGNET_EDAG-142C
    Informasjonen i meldinga stemmer ikkje overeins med informasjonen i Enhetsregisteret
    MAGNET_EDAG-196
    Informasjonen i meldinga stemmer ikkje overeins med informasjonen i Enhetsregisteret
    MAGNET_EDAG-255
    Feil rapportering av verksemd
    MAGNET_EDAG-288
    Ugyldig identifikator for verksemda
    MAGNET_EDAG-289
    Ugyldig identifikator for verksemda

    Feil som gjeld juridisk organisasjonsnummer

    Dersom du har oppgitt feil juridisk organisasjonsnummer, men ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemelding (A03), må du slette alle opplysningane du har sendt inn på dette nummeret.

    Det gjer du ved å sende ei erstatningsmelding med tomt innhald. I tillegg må du sende inn opplysningane på korrekt juridisk organisasjonsnummer.

     

    Døme på bruk av feil organisasjonsnummer

    Kari brukte ved ein feil sitt eige fødselsnummer, i staden for juridisk organisasjonsnummer, då ho sende a-melding.

    For å rette opp sender Kari først ei tom a-melding på fødselsnummeret for å erstatte a-meldinga som blei send på feil nummer.

    Deretter sender ho ei ny a-melding med juridisk organisasjonsnummer til hovudeininga ho skal rapportere for.

    Tom a-melding  
    Opplysningspliktig fødselsnummer
    MeldingsID 2
    Erstattar meldingsID 1

     Ingen andre opplysningar.

    Ny a-melding  
    Opplysningspliktig juridisk organisasjonsnummer
    MeldingsID 1

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Feil som gjeld organisasjonsnummer for verksemder

    Dersom du har oppgitt feil organisasjonsnummer for verksemda, og ikkje har fått feilmelding på dette i tilbakemelding (A03), må du flytte tilsette til rett nummer.

    For å rette opp må du først sende inn ei tom a-melding med organisasjonsnummer for verksemda som er feil. Deretter sender du ei ny a-melding på rett juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for verksemda.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Kva brukar vi opplysningane til

    Alle opplysningar i a-meldinga er knytte til eit juridisk organisasjonsnummer eller organisasjonsnummer for organisasjonsledd, så organisasjonsnummer for offentleg sektor. Dette nyttar ein når opplysningar i a-meldinga blir distribuert til NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten. 

    Opplysningar om organisasjonsnummer for verksemder, saman med opplysningar om arbeidsforhold, skal overførast til Aa-registeret. Aa-registeret gir ei oversikt over kva for arbeidstakarar som er tilsette i kvar einskild verksemd.

    Offentlege myndigheiter som NAV, Skatteetaten, Statistisk sentralbyrå, Arbeidstilsynet og politietaten nyttar opplysningar frå Aa-registeret til oppgåveløysing og kontroll.

     

    Aktuelt regelverk

    • Enhetsregisterloven

    • Forskrift om registrering i Enhetsregisteret

    • Forskrift om AA-registeret

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Personvern