A-ordninga får nye nettsider på skatteetaten.no

A-ordninga har flytta informasjon og rettleiing om a-meldinga til skatteetaten.no. Dagens informasjonssider på altinn.no vil forsvinne.

Mykje er nytt

Rettleiinga er strukturert på ein ny måte

  • Alt om eitt tema er samla. For eksempel er alt om arbeidsforholdet samla, og alt som gjeld lønn og andre ytingar er ført opp på éi side – slik at du enkelt skal kunne søkje og sortere på kontantyting, naturalyting og utgiftsgodtgjering.  
  • Kvart tema har ein referanse til det aktuelle regelverket og kva vi brukar opplysningane til.  


Nye sider har komme til  

  • Vi har laga ei eiga side til kvar feilmelding (MAGNET_EDAG) der vi beskriv feilen og korleis du rettar han. 
  • Skatte- og avgiftsreglane har òg fått eigne informasjonssider.  


Innhaldet er utvida  

  • Der brukarane meinte at dagens rettleiing ikkje svarte på det dei lurte på, har vi utdjupa og lagt til eksempel på korleis du gir opplysningane.  


Klart språk i alle tekstar  

  • Tekstane er skrivne i Skatteetaten sin stil og tone for at innhaldet skal vere lettare å forstå.  


Søket er oppgradert for å gi betre treff 

  • Rettleiinga til a-meldinga har fått ein eigen søkjefunksjon.
  • I tillegg finn du ein overordna søkjefunksjon for skatteetaten.no som gir treff på heile nettstaden.  


Endringslogg på framsida  

  • Når vi gjer endringar av fagleg karakter i rettleiinga, ser du det i endringsloggen på framsida av rettleiinga.  


Utskrift  

  • Du kan skrive ut enkeltsider. Vi har teke vekk dagens rettleiing i PDF for å sikre at du har tilgang til siste gjeldande informasjon, som vil vere på nettsida.  

 

Skjemaa er i Altinn

Du finn framleis skjema og tenester frå a-ordninga i Altinn