Ekstra arbeidsgivaravgift – rettleiing og informasjon

Frå januar 2023 skal arbeidsgivarar berekne og betale arbeidsgivaravgift når samla avgiftspliktige lønnsytingar overstig 750 000 kroner. Den ekstra arbeidsgivaravgifta er sett til 5 prosent.

Regelverk og forskrift

Ønskjer du å lese meir om korleis arbeidsgivaravgift til folketrygda blir praktisert for 2023, er dette forklart i Skattedirektoratet si melding Arbeidsgiveravgift til folketrygden for 2023. Dei nye reglane for ekstra arbeidsgivaravgift er forklarte under punkt 4.8.

På lovdata.no finn du forskrift om ekstra arbeidsgivaravgift.

Kvar finn eg rettleiing til rapportering?

Vi har laga ei eiga side i rettleiinga til a-meldinga som skildrar korleis du bereknar og kva informasjon du skal gi om ekstra arbeidsgivaravgift på lønnsytingar i a-meldinga. Du finn sida her: Ekstra arbeidsgivaravgift på lønnsinntekt over 750 000 kroner.

Korleis rapportere ekstra arbeidsgivaravgift for lønn over 750 000 kroner?

Grunnlag for ekstra arbeidsgivaravgift kan du berre rapportere

  • via lønnssystemet (A02) som er lagt til rette for rapportering av ekstra arbeidsgivaravgift
  • i den nye rapporteringsløysinga (A10)

Dersom du leverer a-melding direkte i Altinn (A01), og har passert beløpsgrensa på 750 000 for ein inntektsmottakar, skal du rapportere grunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift i ei ny rapporteringsløysing (A10). Det er ikkje mogleg å rapportere grunnlag for ekstra arbeidsgivaravgift direkte i Altinn (A01).

Dersom du leverer a-meldinga via eit lønnssystem, må du først sjekke om det er mogleg i lønnssystemet å rapportere inn ekstra arbeidsgivaravgift for lønn over 750 000 kroner. Dersom det ikkje er mogleg i lønnssystemet, skal du rapportere grunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift i den nye rapporteringsløysinga (A10).

Ny rapporteringsløysing (A10)

Vi jobbar med å utvikle ei ny og forbetra a-melding. Den nye rapporteringsløysinga er under utvikling og har førebels avgrensa funksjonalitet. Det er likevel opna for at du kan rapportere grunnlag for ekstra arbeidsgivaravgift, dersom du har tilsette med samla avgiftspliktige lønnsytingar over 750 000 kroner.

Merk! Det er først når lønn overstig 750 000 kroner at du skal rapportere inn grunnlag for ekstra arbeidsgivaravgift.

Den nye rapporteringsløysinga finn du her: Direkte rapportering av a-meldingen og arbeidstakere på oppdrag (A10).

Dersom du treng rettleiing til rapportering av ekstra arbeidsgivaravgift, finn du ein steg-for-steg-gjennomgang her: Registrere ekstra arbeidsgiveravgift over 750 000 kroner.