Vil du hjelpe oss å gjere skjemaa A04 og A05 enklare? 

A-ordninga skal sjå på korleis vi kan gjere skjemaa A04 og A05 i Altinn betre. Vi ønskjer å snakke med deg som bruker eit av desse skjemaa i dag, slik at vi kan lære av erfaringane dine. 

Viktig informasjon

Vi har fått tilbakemelding fra et tilstrekkelig antall brukere av A04, og har ikke behov for flere innspill om A04 på nåværende tidspunkt. 

Vi ønsker fortsatt innspill fra deg som bruker A05. Se informasjon om hvordan melde deg på nederst i artikkelen.  

Kvifor gjer vi dette?

Ved å sjå nærmare på kva som fungerer godt og kva som er vanskeleg, kan vi lage eit betre skjema som er tilpassa behova dine. 

Kven ser vi etter? 

Vi ser etter deg som anten 

  • bruker A04-skjemaet til å sende a-melding for privatpersonar som betalar lønn til tilsette for arbeid i eigen bustad eller fritidseigedom, eller 
  • bruker A05-skjemaet til å sende a-melding for ein velgjerande eller allmennyttig organisasjon 

Vi ser etter deg som er heilt ny brukar eller som har brukt A04- eller A05-skjemaet ei stund. 

Korleis samlar vi innspel frå deg? 

Vi ønskjer i første omgang å snakke med deg og få innsikt i erfaringane dine med skjemaet. Du treng ikkje å førebu deg. 

Vi kan møtast digitalt eller på telefon, og det tar om lag ein time. 

 

Meld deg på 

Du melder deg på ved å sende ein e-post til [email protected] med

  • namn 
  • telefonnummer 
  • e-postadresse
  • informasjon om kva skjema du bruker. A04 eller A05.

Vi gleder oss til å høyre frå deg!