Økonomisk ansvar og straffeansvar

Som arbeidsgivar pliktar du å melde inn dei tilsette i arbeidstakarregisteret, utføre forskotstrekk og utleggstrekk og betale inn dette til Skatteetaten.

Dersom du ikkje oppfyller desse pliktene, er du økonomisk ansvarleg for beløpa som elles ville ha blitt trekte frå arbeidstakaren, med mindre du kan sannsynleggjere at det ikkje skuldast forsøming eller manglande aktsemd frå di side.

Som arbeidsgivar kan du bli straffa med bøter eller fengsel inntil to år dersom du ikkje gjennomfører trekket slik det er bestemt i regelverket.