Slik rettar du feil i mva-rapporteringa

Dersom noko er blitt feil i samband med rapportering og betaling av meirverdiavgift ved import, må du rette feilen.

Feil i tolldeklarasjonen

Når du avstemmer deklarasjonsoversikta mot faktura og tolldeklarasjonar vil du i somme tilfelle oppdage at det er feil i tolldeklarasjonane. Det kan til dømes vere at:

  • Det er ført opp varer du ikkje har kjøpt
  • Feil tal på varer
  • Feil beløp på varer
  • Feil avgiftssats
  • Feil varekode

I desse tilfella må du ta kontakt med speditøren eller Tolletaten slik at dei kan rette tolldeklarasjonane som ligg til grunn for deklarasjonsoversikta. Endringar frå speditør eller toll vil komme fram som omberekningar i deklarasjonsoversikta.

I andre tilfelle vil du oppdage at deklarasjonsoversikta er rett, men at du manglar nokre dokument for at rekneskapen skal bli riktig. I så fall må du kontakte leverandør eller speditør og be dei sende deg dokumentasjonen du treng for å føre rekneskapen riktig.

Endringar i mva-meldinga

I mva-meldinga skal du berre rapportere dei kjøpa frå utlandet som stemmer overeins med det verksemda faktisk har kjøpt og som er avstemt mot deklarasjonsoversikta. Dersom deklarasjonsoversikta rommar kjøp som du ikkje har gjennomført, eller informasjonen om kjøpa er feil, skal du ikkje føre dei i mva-meldinga, men ta kontakt med speditøren eller Tolletaten for å endre deklarasjonen.

Viss du ikkje har fått den naudsynte dokumentasjonen til å føre dei korrekte beløpa i mva-meldinga, må du likevel levere mva-meldinga innan fristen. I så fall må du sende en tilleggsmelding når du får dokumentasjonen du treng. For terminer 01.01.2022 må du sende endringsmelding.

Det er alltid den sist innsende mva-meldinga som gjeld. Viss du ønskjer å endre noko, må du derfor sende inn ei ny mva-melding.

Du kan gjere endringar innan 3 år etter den opprinnelige innleveringsfristen for mva-meldinga.