Lag KID-nummer

  • Skriv ut

Her kan du få laga KID-nummer for innbetaling av meirverdiavgift.

Du kan lage eit KID-nummer som du kan bruke til å betale inn meirverdiavgifta. Du kan bruke dette dersom du ikkje har KID tilgjengeleg i altinn.no eller ikkje har teke imot betalingsinformasjon frå skattekontoret.

Vi nyttar organisasjonsnummer for å finne ut kven som har betalt og termin for å finne ut kva for eit krav som skal betalast.

Dersom bedrifta har fleire organisasjonsnummer, må du bruke organisasjonsnummeret som er knytt til meirverdiavgiftsplikta.

Dersom du skriv feil KID-nummer, organisasjonsnummer eller termin når du skal betale, kan innbetalinga bli forseinka.

Skal betalast til:        

Meirverdiavgift – Skatte- og avgiftsrekneskap
Postboks 38,  4891 Grimstad


Kontonummer med KID-nr: 7694 05 18888

IBAN-nr – NO5876940518888

Dersom du ikkje har konto i ein norsk bank, må du nytte denne Iban/Swift-adressa:  BIC/SWIFT: DNBANOKK.

Kontonr utan KID-nr: 7694 05 17075

IBAN-nr: NO2476940517075

  •  
  •  
  •  
  •  

  • KID-nummeret ditt er:

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.