Drive jordbruk
Når du driv jordbruk som næringsverksemd, har du ein del pliktar og oppgåver for å sikre rette skattar og avgifter. Her får du hjelp til å forstå korleis du gjer det rett.
Gjeld det meg?
Jordbruk er aktivitet som produserer mat eller fôr ved bruk av jorda og/eller gjennom husdyrhald. Jordbruk kan vere
- dyrking av korn, fôr, plantar, grønsaker, frukt og bær
- husdyrhald, inkludert avl og oppdrett som er knytt til jordbruk når målet er å produsere og omsetje eigne produkt.
Informasjonen på denne sida gjeld deg som driv jordbruk som næringsverksemd. Er eg næringsdrivande?
Dette må du gjere
Skattekort og forskottsskatt
Sjekk skattekortet ditt, og hugs å betale forskottsskatt.
Meirverdiavgift
Dersom du er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, skal du levere mva-melding.
Rekneskap
Du må føre rekneskap heile året. Rekneskapen din skal vere oppdatert med alle inntektene og kostnadene du har hatt.
- sal av produkt og varer som til dømes mjølk, slakt, livdyr, grønsaker, poteter og liknande
- tilskott som du har fått frå det offentlege eller andre
- erstatning ved skade på avling, maskiner, dyr og liknande som du har fått i tilknyting til verksemda
- sal av driftsmiddel, til dømes traktorar og andre maskiner.
- utleige av ei eller to hytter på gardsbruket. Utleige av tre eller fleire hytter blir vanlegvis rekna som eiga næringsverksemd.
Verdien på varer og dyr i jordbruksverksemd er bestemt av takseringsreglane. Endring i varelageret påverkar inntekta.
Viss du har inntekter frå andre aktivitetar knytte til gardsbruket, skal du oppgi desse i skattemeldinga. Du skal ikkje ta med desse som del av næringsinntekta i jordbruksverksemda som du oppgir i næringsspesifikasjonen.
Andre aktivitetar kan vere
- sal av jord, sand, stein og torv
- sanking av bær, kongler, mose, tang, tare og liknande
- inntekt frå utleige av bustader, driftsbygningar, jakt- og fiskerettar, mjølkekvote, beiterett, vegrett og liknande
- inntekt frå produksjon av biobrensel eller ved
Dersom du bruker maskinene, reiskapane eller eigedelane til garden i oppdrag for andre, er det grenser for kor mykje du kan bruke desse før det blir rekna som ei eiga næringsverksemd.
Kostnader er ting du kjøper eller leiger som er nødvendige for å drive jordbruksverksemda. Dette kan til dømes vere fôr, gjødsel, drivstoff til maskiner, vedlikehald og liknande.
Du får frådrag for kjøp av maskiner og utstyr som kostar under 30 000 kroner. Kostar dei 30 000 kroner eller meir, og har meir enn tre års forventa levetid, skal dei aktiverast og avskrivast i rekneskapen.
Dersom du har ei grøft som blir reparert, blir det rekna som vedlikehald og blir oppgitt som ein kostnad i verksemda. Det same gjeld viss du har ei grøft som ligg i røyr som du gjer om til open grøft.
Kostnader til nye grøfter skal aktiverast og avskrivast i saldogruppe h. Det same gjeld viss du har ei grøft som skal leggjast i røyr.
Ved kjøp av gardsbruk blir verdien av grøfter rekna som ein del av verdien på jorda. Det vil seie at ein ny eigar ikkje kan aktivere og avskrive verdien av grøftene.
Skattemelding
Du må levere skattemelding med næringsspesifikasjon seinast 31. mai.
Rekneskapen din legg grunnlaget for utfylling av næringsspesifikasjonen. Du må oppgi alle inntektene og kostnadene du har i næringsverksemda. Du får frådrag for kostnader.
Dersom du driv jordbruk, gartneri eller hagebruk, kan du få jordbruksfrådrag.
Overskott
Dersom gifte par driv jordbruksverksemd saman, kan dei fordele overskottet. Begge ektefellane må arbeide i jordbruksverksemda, men begge treng ikkje å eige verksemda.
Viss berre éin ektefelle arbeider i jordbruksverksemda, skal heile overskottet førast på denne personen.
Viss begge ektefellane arbeider i jordbruksverksemda, kan dei fordele overskottet mellom seg etter arbeidsinnsatsen.
Underskott
Underskott skal fordelast på dei som eig jordbruksverksemda. Viss begge ektefellane står som ansvarlege innehavarar, skal underskottet fordelast i tråd med eigarbrøken i verksemda.
Viss du har eit enkeltpersonføretak, må du rekne ut og oppgi personinntekt for næringsverksemda di.
Spesielt for deg som
Gardsturisme er turisme der ressursane i garden blir brukte, til dømes bygningar, dyr, utstyr eller natur. Det kan vere at garden er besøksgard, overnattingsstad, serveringsstad eller tilbyr eit aktivitetstilbod.
Grøn omsorg (også kalla «Inn på tunet») er tilbod og aktivitetar innan omsorg, rehabilitering, trening og liknande som garden tilbyr i samarbeid med offentleg sektor.
Inntekt under 30 000 kroner blir rekna som ein del av den vanlege drifta til garden og blir tatt med i rekneskapen for garden. Dersom inntekta er 30 000 kroner eller meir, blir dette rekna som ei eiga næringsverksemd. Då må du ha ein eigen rekneskap for dette, fordi det er ulik skatteberekning for dette enn for resten av jordbruksverksemda.
Viss du har både gardsturisme og grøn omsorg på same gard, er grensa 30 000 kroner totalt, det vil seie for samla omsetning.
Dersom du driv anna næring i tilknyting til jordbruksverksemda, blir dette rekna med i jordbruksverksemda viss omsetninga er 30 000 kroner eller mindre.
Viss omsetninga er over 30 000 kroner, blir dette rekna som eiga næringsverksemd. Dersom den andre næringa ikkje er tilknytt jordbruksverksemda, blir den rekna som eiga næringsverksemd uavhengig av omsetninga.
Du må då ha ein eigen rekneskap for dette. Viss du har felles kostnader for begge verksemdene, skal du fordele kostnadene etter omsetninga på dei ulike verksemdene. Det kan til dømes vere at to næringar blir drivne frå felles driftsbygning. Då må du fordele dei felles kostnadene som forsikring, vedlikehald, straum og liknande mellom dei ulike næringane etter omsetninga.
Døme
Du driv jordbruksverksemd og dyrkar eple som du også lagar sider av. Du sel sider for meir enn 30 000 kroner i året og bruker den same driftsbygningen for jordbruksverksemda og siderproduksjonen. Du skal då fordele kostnadene knytte til driftsbygningen på dei to næringane etter omsetninga.
Jordbruksverksemda har ei omsetning på 400 000 kroner. Siderproduksjonen har ei omsetning på 100 000 kroner. Total omsetning er 500 000 kroner. Jordbruksverksemda utgjer 4/5 av total omsetning, eller 80 prosent, medan siderproduksjonen utgjer 1/5 av total omsetning, eller 20 prosent.
På driftsbygningen har du utgifter til vedlikehald, straum og forsikring på totalt 50 000 kroner. Du skal fordele kostnadene etter same forhold som omsetninga, det vil seie 4/5, altså 40 000 kroner, på jordbruksverksemda og 1/5, altså 10 000 kroner, på siderproduksjonen.
Når du kjøper mjølkekvotar, får du ikkje frådrag for kjøpesummen. Kjøpesummen skal stå i rekneskapen som ein eigedel i verksemda til du sel mjølkekvoten.
Viss du sel med gevinst, er dette skattepliktig inntekt. Viss du sel med tap, gir dette frådrag.
Du får frådrag for kostnader til kjøp av gjetarhund. Dersom gjetarhunden kostar 30 000 kroner eller meir, skal kostnaden avskrivast i saldogruppe d.
Du får også frådrag for kostnader til fôr til gjetarhund. Kostnaden skal setjast til 2 800 kroner per år (sats for 2024). Viss du kan dokumentere at kostnaden er høgare, kan du bruke den faktiske kostnaden.
Sal av kvalpar er skattepliktig inntekt.
Dersom du bruker maskiner, reiskapar eller eigedelar på garden i oppdrag for andre, skal dette reknast med i inntektene til garden. Det kan til dømes vere at du bruker traktoren og slåmaskinen på garden for å slå graset til andre.
Dersom meir enn 40 prosent av den samla bruken av eigedelen er i oppdrag for andre, blir dette rekna som ei eiga næringsverksemd.
Verdien av eige arbeid på bygningar og andre avskrivbare driftsmiddel i jordbruket blir ikkje rekna som inntekt. Verdien av eige arbeid skal heller ikkje takast med i verdien av driftsmiddelet.