Unntak for renteavgrensing for selskap i konsern

Eit selskap som er eit "selskap i konsern" og i utgangspunktet får avskore rentefrådrag etter renteavgrensingsregelen, kan likevel få heilt eller delvis rentefrådrag dersom ein bruker unntaksregelen.

Kva selskap gjeld dette for?

Unntaksregelen kan brukast av selskap som er "selskap i konsern", og får avskore rentefrådrag etter renteavgrensingsregelen fordi dei netto rentekostnadene overstig rentefrådragsramma.

Dette må selskapet gjere

Eit "Selskap i konsern" kan få avskore frådrag for alle typar renter, også renter til eksterne partar. For å skjerme ordinære låneforhold er det innført ein unntaksregel, der eigenkapitalandelen i Noreg blir samanlikna med eigenkapitalandelen til konsernet. 

For å bruke unntaksregelen må selskapet gi opplysningar knytte til "Unntak frå renteavgrensing", under temaet "Avgrensing av rentefrådrag". Opplysningane må signerast av revisor. Dersom selskapet har valt bort revisor, må selskapet engasjere ein revisor som må tildelast rolla som "Revisorattesterer (A0298)" i Altinn.

Unntaksregelen kan brukast på to alternative måtar: 

  • Selskapsnivå 
    Selskapet må kunne dokumentere at eigenkapitalandelen i selskapet, lagt til to prosenteiningar, er lik eller høgare enn eigenkapitalandelen i konsernet globalt. 

    Eit selskap som er stifta i inntektsåret, og inngår i konsern på stiftingstidspunktet, kan ikkje bruke unntaksregelen på selskapsnivå, berre på nasjonalt nivå. Dette gjeld også for overtakande selskap ved fusjon i inntektsåret. 
  • Nasjonalt nivå 
    Selskapet må kunne dokumentere at eigenkapitalandelen for den norske delen av konsernet (konsolidert balanse), lagt til to prosenteiningar, er lik eller høgare enn eigenkapitalandelen i konsernet globalt.  

    Når unntaksregelen blir brukt på nasjonalt nivå, kan fleire selskap i den norske delen av konsernet bruke unntaksregelen på det same grunnlaget. 

Selskapet vel sjølv om det vil bruke unntaksregelen. Dette gjeld også når andre selskap i konsernet bruker unntaksregelen på nasjonalt nivå. 

Sjølv om ein bruker unntaksregelen, kan selskapet likevel få avskore frådrag for renter til nærståande part utanfor same konsern. 

Endringar for tidlegare år

Dersom selskapet skal endre skattemeldinga for inntektsåret 2022 eller tidlegare, bruk skjema RF-1509 med tilhøyrande rettleiing RF1510. 

Krav til konsernrekneskapen

Konsernrekneskapen som blir brukt for unntaksregelen, må  

  • gjelde året før inntektsåret
  • vere utarbeidd etter eit akseptert rekneskapsspråk
  • vere utarbeidd av det øvste selskapet i konsernet som kan konsolidere. 

Denne konsernrekneskapen er utgangspunktet for berekninga av eigenkapitalandelen til konsernet, og han må gi eit rett og fullstendig bilete av konsernet som éi økonomisk eining.  

Finansdepartementet har i ei tolkingsfråsegn av 6. desember 2019 uttalt at kravet om at konsernrekneskapen skal vere utarbeidd av det øvste selskapet i konsernet berre kan fråvikast der det følgjer av rekneskapsreglane at det ultimate morselskapet ikkje kan konsolidere underliggjande selskap. Ein faktisk konsernrekneskap kan ikkje leggjast til grunn for berekninga av eigenkapitalandelen til konsernet etter unntaksregelen dersom eit overliggjande konsernselskap kunne ha utarbeidd ein konsernrekneskap etter eit akseptert rekneskapsspråk. Sjå døme i uttalen. 

Det er også eit krav at selskapet som bruker unntaksregelen er konsolidert inn, linje for linje, i denne konsernrekneskapen. Det er derimot nokre forenklingar for heilnorske konsern. 

Sjå nærmare rettleiing i Skatte-ABC under emnet R-11-13.3 Egenkapitalandelen i konsernregnskapet.

Unntaksregelen på selskapsnivå

Selskapet må godtgjere at eigenkapitalandelen til selskapet etter omarbeidingar og justeringar, lagt til to prosenteiningar, er lik eller høgare enn eigenkapitalandelen i konsernrekneskapen.  

Før ein samanliknar eigenkapitalandelane, må eigenkapitalen og balansesummen som blir henta frå selskapsrekneskapen korrigerast gjennom omarbeidingar til rekneskapsprinsippa i konsernrekneskapen og lovpålagde justeringar. Sjå Berekne eigenkapitalandelen.

Eigenkapitalandelen til selskapet er forholdet mellom korrigert eigenkapital og korrigert balansesum.

Revisor må godkjenne at vilkåra for å bruke unntaksregelen er oppfylte for at unntaksregelen kan leggjast til grunn for skattefastsetjinga med tilhøyrande rentefrådrag. Sjå Oppgåvene til revisoren. 

Unntaksregelen på nasjonalt nivå

Når unntaksregelen blir brukt på nasjonalt nivå, må selskapet godtgjere at eigenkapitalandelen for den norske delen av konsernet, lagt til to prosenteiningar, er lik eller høgare enn eigenkapitalandelen i konsernrekneskapen globalt.   

Før ein samanliknar eigenkapitalandelane, må eigenkapitalen og balansesummen som blir henta frå den konsoliderte balansen korrigerast gjennom omarbeidingar til rekneskapsprinsippa i konsernrekneskapen og lovpålagde justeringar. Sjå Berekne eigenkapitalandelen. 

Eigenkapitalandelen er forholdet mellom korrigert eigenkapital og korrigert balansesum.

I utgangspunktet må selskapet gi alle opplysningar, men det er forenkla rapporteringskrav når unntaksregelen blir brukt på nasjonalt nivå, som illustrert i figuren under:  

*) Gjeld også for selskap i heilnorske konsern, sjå Om heilnorske konsern. 

Revisor må godkjenne at vilkåra for å bruke unntaksregelen er oppfylte for at unntaksregelen kan leggjast til grunn for skattefastsetjinga med tilhøyrande rentefrådrag. Les meir under Oppgåvene til revisoren. 

For å bruke unntaksregelen på nasjonalt nivå, må det utarbeidast ei konsolidert, revisorgodkjend balanseoppstilling, der alle selskapa i den norske delen av konsernet inngår. Balanseoppstillinga må vise eigenkapital og balansesum som om desse norske einingane utgjorde éi eining. 

Det er ikkje nødvendig å utarbeide eit eige, fullstendig konsernrekneskap for den norske delen av konsernet.  

Den konsoliderte balansen skal utarbeidast som om berre dei norske einingane inngår i konsernet. Dette inneber mellom anna at  

  • eigardelane til dei norske einingane i det utanlandske konsernselskapet ikkje skal eliminerast. Sjå likevel kravet til justeringar.  
  • gjeld til konsernselskap som ikkje inngår i den norske delen av konsernet ikkje blir eliminert, men inngår som gjeld på lik linje med gjeld til eksterne og andre nærståande utanfor konsernet 
  • fordringar mot konsernselskap utanfor den norske delen av konsernet ikkje skal eliminerast ved konsolidering. Sjå likevel kravet til justeringar.  

Sjekk at dei same forholda ikkje blir tatt med fleire gonger i berekninga av eigenkapitalandelen for unntaksregelen, under konsolidering, omarbeidingar og justeringar. 

I den norske delen av konsernet inngår alle selskapa som er konsoliderte inn linje for linje i konsernrekneskapen som blir brukt for unntaksregelen, og som på eit tidspunkt i løpet av inntektsåret er skattepliktig til Noreg.  

Sjå likevel nokre unntak frå kravet til konsolidering for heilnorske konsern. 

Merk at  

  • måletidspunktet for «norsk del av konsernet» etter unntaksregelen er utgangen av rekneskapsåret før inntektsåret 
  • selskap stifta i inntektsåret kan bruke unntaksregelen på nasjonalt nivå dersom vilkåra er oppfylte for den norske delen av konsernet som selskapet blir stifta inn i. Tilsvarande gjeld for overtakande selskap ved fusjon i inntektsåret. 
  • finansieringsføretak og petroleumsselskap inngår i den norske delen av konsernet når unntaksregelen blir brukt på nasjonalt nivå  
  • selskap med deltakarfastsetjing (SDF) og NOKUS, som er konsoliderte inn i konsernrekneskapen, blir rekna med forholdsmessig etter dei norske eigardelane til konsernet

Filialar er omtalte under Spesielt for filialar.

For nærare informasjon av kva einingar som inngår i den norske delen av konsernet etter unntaksregelen, sjå Skatte-ABC R-11-13.5 Beregningen av egenkapitalandelen i den norske delen av konsernet.

Eitt av selskapa i den norske delen av konsernet må gi fullstendige opplysningar når ein bruker unntaksregelen på nasjonalt nivå, medrekna opplysningar om   

  • den norske delen av konsernet   
  • konsernrekneskapen, med tilhøyrande eigenkapital og balansesum  
  • den konsoliderte balansen for den norske delen av konsernet, omarbeidingar og justeringar 

Revisorsignaturen stadfestar at desse opplysningane er korrekte, og at vilkåra for å bruke unntaksregelen er oppfylte. 

Resten av selskapa opplyser kva føretak som gir opplysningane, og stadfestar samstundes at opplysningane er korrekte og fullstendige. Revisorsignaturen inneber at revisoren i selskapet stadfestar at vilkåra for å bruke unntaksregelen er oppfylte hos selskapet, inkludert opplysningane det andre føretaket har gitt på vegner av selskapet.  

Dersom dei andre selskapa leverer skattemeldinga før det rapporterande føretaket, kan ikkje unntaksregelen leggjast til grunn for skatteoppgjeret for dei andre selskapa før fullstendige opplysningar er rapporterte. 

Dersom selskapet er i eit heilnorsk konsern, sjå ytterlegare forenklingar i "Om heilnorske konsern".

Eit konsern som ved utgangen av rekneskapsåret før inntektsåret berre har selskap og innretningar som er skattepliktige til Noreg, er eit heilnorsk (innanlandsk) konsern. Eigenkapitalandelen på nasjonalt nivå vil vere identisk med eigenkapitalandelen i konsernet globalt.  

Det avgjerande for om konsernet er heilnorsk, er om det er samanfall mellom norske delen av konsernet og konsernet når det gjeld berekninga av eigenkapitalandelen på konsernnivå.  

Dersom vilkåra for å vere eit heilnorsk konsern er oppfylte, kan selskap i det heilnorske konsernet alltid bruke unntaksregelen på nasjonalt nivå.  

Eit konsern er ikkje heilnorsk viss det omfattar selskap med deltakarfastsetjing (SDF) eller NOKUS som har éin eller fleire utanlandske andelseigarar. Tilsvarande gjeld dersom eitt eller fleire selskap i konsernet har filialar eller faste driftsstader i utlandet der ein unngår dobbel skattlegging gjennom fordelingsmetoden (unntaksmetoden). 

I utgangspunktet må alle selskapa som bruker unntaksregelen vere konsoliderte linje for linje i ein konsernrekneskap, men det er nokre unntak for heilnorske konsern. Det gjeld 

Forenkla rapporteringskrav for selskap i heilnorske konsern 

Selskap i heilnorske konsern som bruker unntaksregelen på nasjonalt nivå, treng berre fylle ut delar av "Unntak for renteavgrensing". 

Eitt av selskapa må godtgjere at konsernet ikkje har utanlandske selskap og einingar med å gi ei komplett oversikt over alle selskapa i konsernet. Eit heilnorsk konsern treng ikkje å gi opplysningar om konsernrekneskapen, utarbeide ei konsolidert balanseoppstilling eller berekne eigenkapitalandelen for den norske delen av konsernet. Revisorsignaturen stadfestar at konsernet er heilnorsk og at oversikta over selskapa i konsernet er komplett. 

Resten av selskapa opplyser om kva for eit føretak som gir opplysningane, og stadfestar samtidig at opplysningane er korrekte og fullstendige. Revisorsignaturen stadfestar at vilkåra for å bruke unntaksregelen er oppfylte hos selskapet, inkludert opplysningane det andre føretaket har gitt på vegner av selskapet. 

På førespurnad må selskapa kunne dokumentere at det er samanfall mellom den norske delen av konsernet og konsernet globalt ved berekninga av eigenkapitalandelar.  

Berekne eigenkapitalandelen

Når ein skal berekne eigenkapitalandelen, bruker ein den utgåande balansen i rekneskapsåret før inntektsåret. Ein bereknar eigenkapitalandelen som forholdet mellom eigenkapitalen og balansesummen, og andelen skal visast i prosent med to desimalar.  

Dette gjeld både for eigenkapitalandelen til konsernet, og for eigenkapitalandelen på selskapsnivå eller nasjonalt nivå. Utgangspunktet for berekninga av eigenkapitaldel er:   

  • Konsernnivå: Eigenkapitalen og balansesummen i konsernrekneskapen, i presentasjonsvaluta.
  • Selskapsnivå: Eigenkapitalen og balansesummen i selskapsrekneskapen, i presentasjonsvaluta.  
  • Nasjonalt nivå: Eigenkapitalen og balansesummen i den konsoliderte balansen for den norske delen av konsernet, i presentasjonsvaluta.  

Eigenkapitalen og balansesummen må korrigerast gjennom omarbeidingar og justeringar før ein kan berekne eigenkapitalandelen på selskapsnivå eller nasjonalt nivå, og deretter samanlikne han med eigenkapitalandelen i konsernrekneskapen.

Eigenkapitalandelen i konsernet bereknar ein i presentasjonsvalutaen til konsernrekneskapen.  

Ei samanlikning av eigenkapitalandelar føreset at det blir brukt same rekneskapsprinsipp som i konsernrekneskapen.  

  • Selskapsnivå: Dersom det er brukt ulike rekneskapsprinsipp i selskapsrekneskapen og konsernrekneskapen, må selskapsrekneskapen omarbeidast til rekneskapsprinsippa i konsernrekneskapen.  
  • Nasjonalt nivå: Den konsoliderte balansen kan utarbeidast direkte etter rekneskapsprinsippa i konsernrekneskapen. Dersom det blir brukt andre rekneskapsprinsipp enn i konsernrekneskapen, må den konsoliderte balansen omarbeidast.  

Sjå Skatte-ABC under emnet R-11-13.2 Krav til selskapsregnskapet og den konsoliderte balanseoppstillingen for den norske delen av konsernet. 

Omarbeidingane må spesifiserast på dei aktuelle balansekontoane.  

Dersom rekneskapen gjeld ein annan periode enn konsernrekneskapen, er rekneskapane ikkje eigna for samanlikning. Då må rekneskapen omarbeidast til det same rekneskapsåret som konsernrekneskapen.   

Selskapsrekneskapen / den konsoliderte balansen skal ikkje omarbeidast til valutaen i konsernrekneskapen. Sjå fråsegna frå Finansdepartementet 30.januar 2019.  

Sjekk at dei same forholda ikkje blir tatt med fleire gonger i berekninga av eigenkapitalandelen for unntaksregelen, under konsolidering, omarbeidingar og justeringar. 

Etter omarbeiding, før samanlikninga av eigenkapitalandelar, skal selskapet gjere lovpålagde justeringar av eigenkapitalen eller balansesummen.  

Aktuelle justeringar:

Rekneskapsprinsippa for utarbeiding av konsernrekneskap og selskapsrekneskapar er ulike. Til dømes blir meir-/mindreverdiar ved oppkjøp av dotterselskap reflekterte i konsernrekneskapen, men ikkje i selskapsrekneskapen. Positiv og negativ forretningsverdi og andre meir-/mindreverdiar kan føre til at eigenkapitalandelen ikkje kan samanliknast med eigenkapitalandelen i konsernet. Derfor må ein tak omsyn til forretningsverdi og meir-/mindreverdiar som gjeld dei norske einingane.   

  • Positiv forretningsverdi (goodwill) og meirverdiar frå konsernrekneskapen som gjeld dei norske selskapa, aukar eigenkapitalen og balansesummen i berekninga av eigenkapitalandelen for selskapet eller på nasjonalt nivå.  
  • Negativ forretningsverdi og mindreverdiar frå konsernrekneskapen som gjeld dei norske selskapa, reduserer eigenkapitalen og balansesummen i berekninga av eigenkapitalandelen for selskapet eller på nasjonalt nivå.  

Verdsetjinga av latent skatt kan reknast til nominell verdi eller til noverdi. Dersom latent skatt er verdsett til nominell verdi, kan det oppstå positiv eller negativ forretningsverdi knytt til differansen mellom verdsetjinga til nominell verdi og noverdi.

I berekninga av eigenkapitalandelen skal ei utsett skatteforplikting knytt til forretningsverdiar og meirverdiar redusere eigenkapitalen, ikkje balansesummen.  

Ein utsett skattefordel knytt til negative forretningsverdiar og mindreverdiar aukar eigenkapitalen, men ikkje balansesummen. 

Dersom ein bruker bruttometoden i meirverdianalysen, blir det normalt berekna ei utsett skatteforplikting eller ein skattefordel relatert til meir- eller mindreverdiar i utarbeidinga av konsernrekneskapen. Meirverdien inkluderer skattefordelen som ville ha oppstått dersom kjøparen skaffa innmaten i det oppkjøpte selskapet, i staden for aksjane. I konsernrekneskapen vil derfor eigedelane i dotterselskapa svare til anskaffingskost for aksjane, og dessutan gjelda til dotterselskapa og den latente skatten knytt til meirverdiane.  

Justeringane må vere konsistente med verdiane som er førte i konsernrekneskapen, og berre omfatte verdiar relaterte til dei aktuelle norske selskapa.  

Dersom gjeld er ulikt verdsett i konsernrekneskapen og i selskapet / den konsoliderte balansen, må det justerast for skilnaden. 

  • Selskapsnivå: Dersom gjelda i selskapet er verdsett høgare/lågare i konsernrekneskapen enn i selskapsrekneskapen, skal differansen auke/redusere balansesummen, ikkje eigenkapitalen.  
  • Nasjonalt nivå: Dersom gjelda i den norske delen av konsernet er verdsett høgare/lågare i konsernrekneskapen enn i den konsoliderte balansen, skal differansen auke/redusere balansesummen, ikkje eigenkapitalen.  

For at eigenkapitalandelen i selskapet skal gi eit økonomisk rett uttrykk for finansieringa, skal eigenkapitalinvesteringar berre teljast éin gong og tilordnast det selskapet som bruker eigenkapitalen til å investere i realkapitalen for verksemda. Somme aksjar og andelar skal derfor justerast.   

  • Selskapsnivå: Aksjar og andelar i norske og utanlandske selskap som er konsoliderte linje for linje i konsernrekneskapen skal redusere både balansesummen og eigenkapitalen. 
  • Nasjonalt nivå: Aksjar og andelar i selskap som inngår i den norske delen av konsernet, skal eliminerast ved utarbeiding av den konsoliderte balansen på nasjonalt nivå. Aksjar og andelar i andre selskap som er konsoliderte linje for linje i konsernrekneskapen, skal derimot trekkjast frå balansesummen og eigenkapitalen i samband med justeringane.  

I døma under er mengdeorda utelatne.

Eksempel A: Unntaksregelen på selskapsnivå ved norsk datterselskap 

AS Fabrikk har kjøpt en maskin for 100, som er selskapets eneste eiendel. Maskinen er finansiert med 12,5 i egenkapital og 87,5 i gjeld, slik at egenkapitalandelen til AS Fabrikk er 12,5 %.

AS Fabrikk eies av et holdingselskap AS Holding, som anskaffet aksjene i AS Fabrikk for 12,5. AS Holding har finansiert aksjene i AS Fabrikk med egenkapital på 12,5, og har dermed en egenkapitalandel på 100 %.

 Et konsernregnskap som består av AS Fabrikk og AS Holding, har en balansesum på 100 (maskiner), egenkapital 12,5 og gjeld 87,5. Egenkapitalandel er 12,5 %.

For at egenkapitalen som finansierer maskinen ikke skal telle med to ganger, må AS Holding justere for aksjene i AS Fabrikk ved å redusere balansesum og egenkapital med 12,5.

Egenkapitalandelen til AS Holding blir 0 %. AS Holding kan ikke bruke unntaksregel på selskapsnivå.

Egenkapitalandelen til AS Fabrikk på 12,5 % er lik egenkapitalandelen i konsernregnskapet. AS Fabrikk kan bruke unntaksregelen på selskapsnivå.

Eksempel B: Unntaksregelen på selskapsnivå ved utenlandsk datterselskap

AS 1 har en maskin (100), finansiert med gjeld (50) og egenkapital (50).  Egenkapitalandelen er 50 %.

AS 1 ønsker å opprette et datterselskap Utland Ltd, og aksjonærene i AS 1 skyter inn egenkapital på 50, mens 50 tas opp i ny gjeld i AS 1.

AS 1 oppretter Utland Ltd ved å skyte inn 100 i egenkapital i dette selskapet. Egenkapitalen skal finansiere en maskin som Utland Ltd anskaffer for 100.

Sum egenkapital i AS 1 utgjør 100, og balansesummen er 200 (maskiner 100 + aksjer 100).

Før justering har AS 1 en egenkapitalandel på 50 % (100 / 200).

Utland Ltd har egenkapitalandel på 100 % (sum egenkapital 100 / balansesum 100). Et konsolidert konsernregnskap bestående av AS 1 og Utland Ltd har sum eiendeler på 200 (maskiner 100 fra AS 1 og maskiner 100 fra Utland Ltd), egenkapital på 100 og gjeld på 100, slik at egenkapitalandelen er 50 %. Hele gjelden som er tatt opp for å investere i egenkapital i utlandet, ligger i Norge.

Når balansen og egenkapitalen til AS 1 reduseres med 100, som følge av at det må justeres for aksjene i Utland Ltd, får AS 1 en egenkapitalandel på 0 %. AS 1 kan ikke anvende unntaksregelen.

Gjeld kan ikkje reknast med fleire gonger internt i same konsern ved fastsetjinga av eigenkapitalandelen. Dersom eit konsernselskap tar opp eit lån som blir lånt vidare til andre konsernselskap, skal den konserninterne fordringa ikkje inngå i balansesummen hos utlånaren. Gjelda skal berre reknast med i det selskapet der gjelda finansierer realkapitalen til verksemda.

Fordringar mot selskap som er konsoliderte linje for linje i konsernrekneskapen som er brukt for unntaksregelen, skal redusere balansesummen ved berekninga av eigenkapitalandelen til selskapet / den norske delen av konsernet. Det skal ikkje justerast for fordringar som er eliminerte ved utarbeiding av den konsoliderte balansen.  

Oppgåvene til revisoren

For å bruke unntaksregelen må revisoren signere opplysningane til selskapet i skattemeldinga gitt under "Unntak for renteavgrensing".  

Godkjenninga frå revisoren omfattar revisjon av 

  • selskapsrekneskapen eller den konsoliderte balanseoppstillinga for den norske delen av konsernet 
  • omarbeidingar til rekneskapsprinsippa i konsernrekneskapen
  • lovpålagde justeringar

Revisoren skal kontrollere om 

  • selskapet, eventuelt den norske delen av konsernet, er konsolidert linje for linje inn i konsernrekneskapen 
  • konsernrekneskapen er utarbeidd etter eitt av dei aksepterte rekneskapsspråka 
  • konsernrekneskapen er utarbeidd av det øvste selskapet som kan utarbeide ein konsernrekneskap 
  • revisjonsmeldinga frå konsernrekneskapen er utan atterhald eller presiseringar som kan ha noko å seie for eigenkapitalandelen til konsernet

For meir informasjon om revisoren sine plikter i samband med krava til revisorgodkjenning for å bruke unntaksregelen, sjå meldinga frå Skattedirektoratet 3/2020.

Spesielt for

Norsk filial

Ein norsk filial av eit utanlandsk selskap kan bruke unntaksregelen, uavhengig av om skatteavtalen fastset unntaks-/fordelingsmetoden eller kreditmetoden.  

For filialen blir berre rekneskapen til den norske verksemda rekna med. Om kva for ein rekneskap som kan brukast for norske filialar, sjå Skatte-ABC: R-11-13.5 Beregning av egenkapitalandelen i den norske delen av konsernet.  

Utanlandsk filial

Ein utanlandsk filial inngår ved berekninga av eigenkapitalandelen når Noreg bruker kreditmetoden for å unngå dobbel skattlegging, men ikkje når skatteavtalen fastset unntaks-/fordelingsmetoden. For informasjon om kva for ein rekneskap som kan brukast for utanlandske filialar, sjå Skatte-ABC: R-11-13.5 Beregning av egenkapitalandelen i den norske delen av konsernet.  

For selskap som flytter inn eller ut av Noreg skattemessig i løpet av inntektsåret, inngår den totale eigenkapitalen og balansesummen året før inntektsåret, sjå fråsegna frå Skattedirektoratet 19. februar 2021.