Forskottsskatt for enkeltpersonføretak

Når du driv eit enkeltpersonføretak som går med overskott , må du sjølv sørgje for å betale forskottsskatt. For at du skal få rett forskottsskatt, må du oppdatere skattekortet.

Dette må du betale

Den samla økonomien din avgjer kor mykje skatt du skal betale. Når vi bereknar kor mykje forskottsskatt du skal betale, tar vi med

  • inntekt frå næring
  • inntekt frå annan jobb
  • formue
  • andre økonomiske tilhøve

Det er vanleg å betale mellom 34 og 50 prosent av overskottet frå enkeltpersonføretaket i forskottsskatt.

Vi tilrår derfor at du set av 40 prosent av overskottet ditt til skatt.

Dette må du gjere

Du må betale skatten det same året som du tener pengane.

Du må skrive inn i skattekortet ditt kor mykje du reknar med å få i overskott, slik at vi kan berekne forskottsskatten for deg.

Overskottet finn du ved å leggje saman dei forventa inntektene og trekkje frå dei forventa utgiftene. Treng du hjelp til å berekne overskottet ditt, kan du opne skattekortet ditt og bruke rettleiaren vår. Du finn han under overskrifta «Næring».

Du kan endre det forventa overskottet i skattekortet så mange gonger du ønskjer. Start derfor med å skrive inn det overskottet du tenkjer er rett, og oppdater eventuelt skattekortet seinare.

Logg inn:

Vi sender deg vanlegvis ein faktura med forskottsskatt fire gonger i året.

Fristane for å betale forskottsskatten er

  • 15. mars
  • 15. juni
  • 15. september
  • 15. desember

Vi tar omsyn til helg og heilagdagar.

Du får fakturaen i nettbanken dersom du nyttar eFaktura. Dersom du ikkje nyttar eFaktura, får du den i Altinn-innboksen. Viss du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon, sender vi deg fakturaen i posten. Du vil få fakturaen om lag tre veker før betalingsfristen.

Dersom du ikkje betaler ein faktura innan fristen, forfell forskottsskatten for heile året. 

Det betyr at dersom vi ikkje har fått betalinga for ein termin innan sju kalenderdagar etter fristen for å betale forskottsskatten, sender vi deg eit varsel om tvangsinnkrevjing av resten av forskottsskatten for heile året.

Du har då 14 dagar på deg med å betale. Betaler du ikkje innan denne fristen, kan vi tvangsinnkrevje forskottsskatten ved å trekkje pengar frå inntekta di eller ta pant i noko du eig. Forseinkingsrenter kjem i tillegg.

Når skattekortet for året som kjem er klart, må du logge deg inn og sjekke at opplysningane ser rette ut. Du får ein e-post eller ein SMS frå oss når det er klart.

Vi bruker tala frå skatteoppgjeret ditt for to år sidan for å berekne forskottsskatten din, og økonomien din kan ha endra seg sidan den gongen.

Har du hatt overskott i enkeltpersonføretaket ditt dei siste to åra, bereknar vi forskottsskatten automatisk for deg.

Dersom du reknar med eit høgare eller lågare overskott enn beløpet du skreiv inn sist du endra skattekortet ditt, kan du logge deg inn på skattekortet og oppdatere beløpa.

Dersom vi har berekna forskottsskatt for deg, og du reknar med underskott, må du leggje dette inn i skattekortet. Då vil vi justere ned eller slette forskottsskatten din.

Du kan endre skattekortet ditt og få berekna ein ny forskottsskatt så mange gonger du ønskjer innan 15. desember. Dersom du vil endre skattekortet for inneverande år etter 15. desember, må du kontakte oss via skjema.

Dersom du endrar skattekortet ditt etter at du har fått fakturaen for forskottsskatten, er det ikkje sikkert at vi rekk å godkjenne endringa innan betalingsfristen.

  • Dersom vi har godkjent endringa, må du endre beløpet på fakturaen til det nye terminbeløpet. Vi sender ikkje ut ein ny faktura.
  • Dersom vi ikkje godkjenner endringa di, eller dersom vi ikkje rekk å svare deg før betalingsfristen, må du betale beløpet som står på fakturaen.

Har du endra forskottsskatten til null kroner i skattekortet ditt, kan du slette fakturaen frå nettbanken utan å betale han.

Om du betaler inn eit for høgt beløp, kan du betale eit lågare beløp ved det neste forfallet. Gjeld dette den siste innbetalinga for året, vil du truleg få pengar igjen på skatten.

Om du betaler inn eit for lågt beløp, kan du betale eit høgare beløp ved det neste forfallet. Gjeld dette den siste innbetalinga for året, kan du betale eit tilleggsforskott før 31. mai året etter, eventuelt betale restskatt.

Særleg for deg som

Når vi har berekna forskottsskatten din, kan du som er både arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande endre fordelinga mellom forskottsskatten og skattetrekket. Det gjer du ved å opne skattekortet ditt og hake av i boksen «Eg vil endre fordelinga mellom forskottsskatten og skattetrekket». Då kan du justere slik at du får eit høgare skattetrekk på lønna di og lågare forskottsskatt, eller omvendt. Den samla skatten du skal betale blir den same.

Alle arbeidsgivarar som betaler ut lønn, må som hovudregel ha ein eigen skattetrekkskonto i ein norsk bank eller i ei norsk avdeling av ein utanlandsk bank. Dette gjeld også for enkeltpersonføretak som har tilsette.

Betaler du for lite forskottsskatt, må du betale restskatt året etter. Betaler du for mykje forskottsskatt, får du pengar igjen ved skatteoppgjeret året etter.

Dersom du ser at du ikkje har betalt nok skatt i løpet av året, kan du betale inn ekstra skatt innan 31. mai året etter. Då slepp du å betale renter på beløpet du skuldar. Den ekstra betalinga kallar vi eit tilleggsforskott.

Sjå korleis du betaler tilleggsforskott.

Når enkeltpersonføretaket ditt er nyoppretta, treng du ikkje oppdatere skattekortet ditt med opplysningar om at du forventar underskott. Opplys heller om dette i skattemeldinga som kjem i mars/april kvart år.

Dersom vi allereie har berekna forskottsskatt for deg, og du reknar med underskott, må du leggje dette inn i skattekortet. Då vil vi justere ned eller slette forskottsskatten din.

Dersom enkeltpersonføretaket ditt går med underskott over fleire år, reknar vi ikkje verksemda di som næringsdrift. Då skal du ikkje melde om underskottet verken i skattekortet eller i skattemeldinga.

Dersom du som næringsdrivande har fått sjukepengar frå NAV i løpet av året, må du betale skatt av ytingane du har fått. Du skal då føre opp beløpet i felta "Personinntekt sjukepengar frå næring" og i "Sjukepengar for næringsdrivande», som du finn under kategorien «Næring». Du må føre opp det same beløpet i begge felta.

Har du problem med å betale forskottsskatten innan fristen, bør du vurdere om opplysningane i skattekortet ditt er rette. Har du betalingsproblem, har vi ulike tiltak som kan vere til hjelp.

Dersom du endrar skattekortet ditt etter at du har fått fakturaen for forskottsskatten, er det ikkje sikkert at vi rekk å godkjenne endringa innan betalingsfristen.

Dersom vi har godkjent endringa, må du endre beløpet på fakturaen til det nye terminbeløpet. Vi sender ikkje ut ein ny faktura.
Dersom vi ikkje godkjenner endringa di, eller dersom vi ikkje rekk å svare deg før betalingsfristen, må du betale beløpet som står på fakturaen.
Har du endra forskotsskatten til null kroner i skattekortet ditt, kan du slette fakturaen frå nettbanken utan å betale han.

Om du betaler inn eit for høgt beløp, kan du betale eit lågare beløp ved det neste forfallet. Gjeld dette den siste innbetalinga for året, vil du truleg få pengar igjen på skatten.

Om du betaler inn eit for lågt beløp, kan du betale eit høgare beløp ved det neste forfallet. Gjeld dette den siste innbetalinga for året, kan du betale eit tilleggsforskott før 31. mai året etter, eventuelt betale restskatt.

Når vi har berekna forskottsskatten din, kan du som er både arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande endre fordelinga mellom forskottsskatten og skattetrekket. Det gjer du ved å opne skattekortet ditt og hake av i boksen «Eg vil endre fordelinga mellom forskottsskatten og skattetrekket». Då kan du justere slik at du får eit høgare skattetrekk på lønna di og lågare forskottsskatt, eller omvendt. Den samla skatten du skal betale blir den same.

Alle arbeidsgivarar som betaler ut lønn, må som hovudregel ha ein eigen skattetrekkskonto i ein norsk bank eller i ei norsk avdeling av ein utanlandsk bank. Dette gjeld også for enkeltpersonføretak som har tilsette.

Betaler du for lite forskottsskatt, må du betale restskatt året etter. Betaler du for mykje forskottsskatt, får du pengar igjen ved skatteoppgjeret året etter.

Dersom du ser at du ikkje har betalt nok skatt i løpet av året, kan du betale inn ekstra skatt innan 31. mai året etter. Då slepp du å betale renter på beløpet du skuldar. Den ekstra betalinga kallar vi eit tilleggsforskott.

Sjå korleis du betaler tilleggsforskott.

Når enkeltpersonføretaket ditt er nyoppretta, treng du ikkje oppdatere skattekortet ditt med opplysningar om at du forventar underskott. Opplys heller om dette i skattemeldinga som kjem i mars/april kvart år.

Dersom vi allereie har berekna forskottsskatt for deg, og du reknar med underskott, må du leggje dette inn i skattekortet. Då vil vi justere ned eller slette forskottsskatten din.

Dersom enkeltpersonføretaket ditt går med underskott over fleire år, reknar vi ikkje verksemda di som næringsdrift. Då skal du ikkje melde om underskottet verken i skattekortet eller i skattemeldinga.

Dersom du som næringsdrivande har fått sjukepengar frå NAV i løpet av året, må du betale skatt av ytingane du har fått. Du skal då føre opp beløpet i felta "Personinntekt sjukepengar frå næring" og i "Sjukepengar for næringsdrivande», som du finn under kategorien «Næring». Du må føre opp det same beløpet i begge felta.

Har du problem med å betale forskottsskatten innan fristen, bør du vurdere om opplysningane i skattekortet ditt er rette. Har du betalingsproblem, har vi ulike tiltak som kan vere til hjelp.

Få oversikt på Mi side

Logg inn på Mi side for å få ei oversikt over fristar, oppgåver og krav for verksemda di.

Under fana «Krav og betalingar» kan du sjå kor mykje forskottsskatt du allereie har betalt inn.