Ny skattemelding for næringsdrivande

Skatteetaten forenklar skattemeldingane for næringsdrivande. Målet er at det skal bli enklare og meir effektivt å levere riktige opplysningar med betre kvalitet.

Personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) får den nye skattemeldinga for inntektsåret 2021 i 2022. Deretter følgjer dei ulike selskapstypane i 2023 og 2024.

Sjå video om den nye skattemeldingen for næringsdrivande:

Videoen er teksta på norsk, samisk, engelsk, polsk og litauisk.

I likskap med skattemeldinga for lønnstakarar og pensjonistar, blir skjema erstatta med temaområde. Sjå òg film om korleis skattemeldinga for lønnstakarar og pensjonistar fungerer.

Mindre tid, høgare kvalitet

I dag sender næringsdrivande inn skattemelding, næringsoppgåve og vedleggsskjema. Ved innsending av skattemeldinga må næringsdrivande ta stilling til opp mot 60 skjema med til saman 6 500 felt, og dei må sjølve vite kva som gjeld for dei.

Mange opplever dette som komplisert og tidkrevjande. Den nye løysinga skal redusere tidsbruken og heve kvaliteten på innsende opplysningar.

Vi ønskjer å gjere det lett å gjere rett.

  • Alle næringsoppgåver og vedleggsskjema blir erstatta med ein næringsspesifikasjon som skal leggjast ved skattemeldinga.
  • Næringsspesifikasjonen får ein ny struktur, og opplysningar som naturleg høyrer saman er samla.
  • Dei aller fleste næringsdrivande skal sende inn skattemeldinga på eit standardisert digitalt format. Dette betyr at skattemeldinga må leverast gjennom eit rekneskaps- eller årsoppgjersprogram som støttar innsending av skattemelding. Næringsrapport skatt kan ikkje brukast frå 2022 (inntektsår 2021).
  • Personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) med enkle forhold kan velje å fylle ut skattemelding og næringsspesifikasjon på skatteetaten.no eller sende inn frå eit rekneskaps- eller årsoppgjersprogram.
  • Alle selskap på sende skattemelding og næringsspesifikasjon frå eit rekneskapssystem eller årsoppgjersprogram. Det er ikkje lenger mogleg å bruke Næringsrapport skatt.
  • Så langt det er praktisk mogleg, vil Skatteetaten bruke om att den informasjonen vi allereie har. På den måten slepp næringsdrivande å sende inn same informasjon fleire gonger.
  • Ei ny valideringsteneste gir tilbakemelding direkte dersom det er ulogiske tal og differansar i skattemeldinga. På den måten kan feil bli retta før innsending.
  • Innsending av skattemelding frå rekneskaps- eller årsoppgjersprogram er tettare integrert mot Skatteetaten sine system og gir tilbakemeldingar på kvalitet og innhald.

Her finn du ei oversikt over kvar postane i skjema passar inn i den nye skattemeldinga.

I oversiktene finn du

  • kva felta i RF-skjemaa heiter i den nye skattemeldinga
  • kva felt som ikkje blir vidareførte eller som blir berekna automatisk
  • kva felt som er nye

Last ned

Oversiktene er publiserte i Excel-format. Dei gir ikkje ei fullstendig oversikt, men dekkjer dei skjema som den nye løysinga omfattar i dag. Når den nye løysinga blir utvida til å dekkje fleire område, blir oversikta utvida tilsvarande.

Oversiktene finst berre på bokmål.

Ei ny hjelpeteneste gir tilbakemelding direkte i rekneskaps- eller årsoppgjersprogrammet ved ulogiske tal og differansar, slik at du kan rette feil før innsending.

Du får til dømes tilbakemelding dersom

  • det er avvik mellom årsresultatet og summen av skattemessig verdi for næringa
  • du har gløymt å leggje til informasjon, til dømes viss du ikkje har oppgitt realisasjonsdato for eit driftsmiddel i verksemda

 

Slik leverer du

I nokre rekneskaps- eller årsoppgjersprogram kan du ta stilling til og sende inn all informasjon om enkeltpersonføretaket og deg privat direkte frå programmet.

I andre rekneskaps- eller årsoppgjersprogram overfører du informasjonen om enkeltpersonføretaket frå programmet til skattemeldinga på skatteetaten.no, og fyller deretter ut informasjon om deg sjølv før du sender inn.

Følg programmet si rettleiing.

  1. Opne skattemeldinga di.
  2. Sjekk at alt er riktig. For å få hjelp til å vite kva du skal sjekke kan du sjå oversikta vår over tema og frådrag i skattemeldinga.
  3. Dersom det er opplysningar som er feil eller ikkje er med i skattemeldinga, må du føre dei opp slik at det blir riktig.
  4. Lever skattemeldinga di.

Hugs at du som har enkeltpersonføretak må levere skattemeldinga uansett, og ho må leverast elektronisk.

Skattemeldinga for selskapet kan berre sendast frå eit rekneskaps- eller årsoppgjersprogram. I programmet kan du anten sende skattemeldinga inn direkte, eller du kan sende henne til Altinn for gjennomgang.

Viss du sender skattemeldinga til Altinn for gjennomgang, kan du eller ein annan som har rettar på vegner av selskapet sjå gjennom skattemeldinga i Altinn og sende inn derfrå. Det kan ikkje gjerast endringar i visninga i Altinn.

 

Dersom du driv fleire enkeltpersonføretak eller driv fleire næringar under same enkeltpersonføretak, skal du framleis berre levere éin næringsspesifikasjon med éi felles oppstilling av resultat og balanse. Fordelinga mellom enkeltpersonføretaka og næringstypane blir gjort i temaet berekna næringsinntekt.

 

I 2021 vart ny skattemelding for enkeltpersonføretak (personleg næringsdrivande) testa gjennom ein pilot, med gode resultat.

Frå 2022 til 2024 blir det mogleg for alle næringsdrivande å sende inn i ny løysing.

Pilot for aksjeselskap

I 2022 gjennomfører Skatteetaten ein pilot for små aksjeselskap som har valt bort revisjon og som sender skattemeldinga for inntektsåret 2021 frå eit rekneskaps- eller årsoppgjersprogram.

Hovudmålet med piloten er å få testa den nye løysinga og få erfaringar og tilbakemeldingar før alle selskap (upersonleg næringsdrivande) skal bruke løysinga.

Illustrasjon av ny næringsmelding. En person som har mange skjemaer og er misfornøyd. En person som har to skjemaer og er fornøyd.