Artistskatt for utanlandske artistar og idrettsutøvarar

Her finn du informasjon om utanlandske artistar og idrettsutøvarar som skal skattleggjast etter artistskattelova, og kva som må gjerast for å betale artistskatt til Noreg.

Særeigne forhold ved artistskatt

Du finn meir informasjon i punkta under.

Artistskatt gjeld for desse gruppene

Utanlandske artistar og idrettsutøvarar som deltek i arrangement eller opptrer som artist i Noreg skal skattleggjast etter artistskattelova, med mindre dei er skattemessig busette i Noreg. Omgrepet «artist» inkluderer også personar som får vederlag for å opptre med religiøst, politisk, sosialt eller velgjerande innhald.

Artistar

Mellom anna musikarar, dansarar, dirigentar, skodespelarar med sceneframsyningar (teater), filmskodespelarar og sirkusartistar.

Administrativt/teknisk personell eller støttestab er ikkje skattepliktige etter artistskattelova. Døme på dette er «road crew», riggarar, kamerafolk, filminstruktørar, koreografar og regissørar.

Idrettsutøvarar

Mellom anna fotballspelarar, hockeyspelarar, handballspelarar, basketballspelarar, langrennsløparar, skiskyttarar, alpinistar, hopparar, kombinertløparar, skøyteløparar, snowboardkøyrarar, ryttarar, motorsportutøvarar, seglarar og personar som deltek i biljard-, sjakk- eller bridgeturneringar.

Når ein utanlandsk artist/idrettsutøvar er skattemessig busett i Noreg

Artistar/idrettsutøvarar som er skattemessig busette i Noreg skal skattleggjast etter skattelova.

Dersom artisten oppheld seg i Noreg meir enn 183 dagar i løpet av ein periode på 12 månader, eller over 270 dagar i løpet av ein periode på 36 månader, blir vedkomande rekna som skattemessig busett i Noreg. Då skal artisten/idrettsutøvaren skattleggjast etter skattelova frå og med året før det året vedkomande vart skattemessig busett.

Når ein artist blir skattemessig busett, blir artistskatten som er trekt i samsvar med artistskattelova gjort om til forskotstrekk eller forskotsskatt, avhengig av om artisten er næringsdrivande eller lønnstakar. For artistar som blir skattepliktige etter skattelova gjeld ordinære reglar for levering av skattemelding.

Meldeplikt, utrekning og innbetaling av artistskatt

Alle som engasjerer utanlandske artistar/idrettsutøvarar eller arrangerer tilstellingar der utanlandske artistar/idrettsutøvarar skal delta, skal uoppmoda melde frå til Skatteetaten om arrangementet 3 veker før det skal skje. Dersom det ikkje er meldt frå 3 veker før, skal det meldast frå snarast mogleg. Dette gjeld sjølv om fristen er utgått eller arrangementet er over.

På bakgrunn av dei gitte opplysningane sender Skatteetaten skjemaet "Melding om trekk av artistskatt" (RF-1092) til den som pliktar å trekkje og betale inn skatt etter artistskattelova (skjemaet er ikkje tilgjengeleg på nettsidene våre).

Den ansvarlege for å trekkje og betale inn skatt (den trekkpliktige) må:

  • fylle ut tilsendt skjema (RF-1092)
  • rekne ut skatten
  • utføre trekk i samband med utbetalinga av honoraret 
  • betale inn skatten til Skatteetaten. Skjema (RF-1092) inneheld informasjon om korleis artistskatten skal betalast inn

Det blir ikkje sendt ut separat faktura.

Send det ferdig utfylte skjemaet til:

Skatteoppkrevjar utland, Internasjonal bistand
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Den trekkpliktige er ansvarleg for at artisten/idrettsutøvaren får ein kopi av skjemaet som kvittering.

Både innsending av skjema og innbetaling av skatt må skje innan 7 dagar etter at skatten er trekt.

Viss det er behov for å korrigere eit innsendt skjema, kan den trekkpliktige sende inn ei endringsmelding. Endringsmelding skal berre nyttas viss det allereie er levert RF-1092 for eit arrangement og det er naudsynt å gjere endring for dette arrangementet. I slike tilfelle hukar den trekkpliktige av i rubrikken «Endringsmelding» på kopien av skjemaet som er sendt inn. Artisten/idrettsutøvaren skal også ha ein kopi av endringsmeldinga.

Den trekkpliktige kan til dømes korrigere skjemaet slik:

2.4 Dato for utbetaling

01.01.2020 + 31.01.2020

2.5 Brutto honorar før skatt

NOK 10 000 + 2 500 = 12 500

2.6 Verdi av naturalyting

+ NOK

2.7 Utgifter som artisten har hatt til kost og losji

- NOK

2.8 Utgifter som artisten har hatt til transport

- NOK 1000

2.9 Utgifter som artisten har hatt til agent

- NOK

2.10 Trekkgrunnlag

= NOK 9 000 + 2 500 = 11 500

2.11 Trekt skatt (av trekkgrunnlaget i post 2.10) x 15 %

= NOK 1 725

Slik blir skatten rekna ut etter artistskattelova

Skattegrunnlaget etter artistskattelova er bruttoinntekta som artisten får ved å opptre i Noreg. Dette omfattar alt økonomisk vederlag som blir tent opp, uavhengig av om betalinga skjer før, under eller etter arrangementet.

Alle beløp skal leggjast inn i norske kroner (NOK) i det tilsende skjemaet (RF-1092).

Alle utgifter som blir dekte av arrangøren, skal inngå i skattegrunnlaget. Det einaste som ikkje skal inngå i skattegrunnlaget, er utgiftene til transport, kost og losji som artisten får dekt av arrangøren i samband med arrangementet. Dersom artisten sjølv dekkjer desse utgiftene, kan han/ho krevje frådrag i skattegrunnlaget ved å leggje fram dokumentasjon eller ei oversikt slik det er beskrive i punktet om frådrag.

Plikta til å betale skatt av inntekt frå artistverksemd gjeld uavhengig av om inntekta går til artisten sjølv, ein representant for artisten eller eit føretak. Plikta til å betale skatt gjeld også uavhengig av om inntekta til artisten blir betalt via faktura.

Oppgrossing av inntekta

Dersom honoraret er avtalt som eit beløp etter skatt (netto), eller det er avtalt at arrangøren eller andre skal dekkje skatten, skal honoraret leggjast inn som beløpet det ville utgjort dersom artisten sjølv skulle betalt skatten (oppgrossing).

  • Avtalt honorar etter skatt NOK 30 000.
  • Artisten dekkjer utgifta til reise med eigen bil 400 km (400 km x gjeldande skattesats på NOK 3,50 = NOK 1 400).
  • Artisten betaler NOK 3 000 i agentprovisjon.

Oppgrossing av nettohonorar:

Honorar

NOK 30 000

- frådrag for transport

NOK 1 400

- frådrag for agentprovisjon

NOK 3 000

=

NOK 25 600

Oppgrossing:

 

NOK 25 600 x 100/85 =

NOK 30 118

 

 

Utrekning av skatt:

 

NOK 30 118 x 0,15 =

NOK 4 518

Frådrag for faktiske og dokumenterte utgifter

Dersom det ved innsending av skjemaet "Melding om trekk av artistskatt" (RF-1092) blir lagt ved dokumentasjon, kan artisten få frådrag for eigne utgifter til:

  • transport
  • kost
  • losji
  • agentprovisjon

Det er ikkje mogleg å få frådrag for andre utgifter.

Dersom artisten ikkje kan dokumentere omfanget av utgifter til kost og/eller eige transportmiddel, kan artisten likevel få frådrag dersom artisten kan sannsynleggjere utgiftene.

For å krevje frådrag etter satsar, må artisten sannsynleggjere utgifter til kost og/eller eige transportmiddel ved å leggje ved ei oversikt saman med skjemaet «Melding om trekk av artistskatt» (RF-1092).

Oversikta skal innehalde desse opplysningane:

  • dato for avreise frå og tilbakekomst til utlandet
  • dato for framkomst til og avreise frå Noreg
  • reisemåte og reiseveg (kopi av billettar må leggjast ved)
  • namn og adresse til overnattingsstad/utleigar. Dersom det er snakk om fleire overnattingsstader, må det også leggjast inn dato for overnattingsstadene);
  • type losji (hotell, pensjonat eller eit anna nærmare oppgitt losji)

Dei årlege satsane blir fastsette i forskrifta frå Finansdepartementet om takseringsreglar for artistskatt. Søk etter «Forskrift om takseringsregler, artistskatt + inntektsår».

Frådragssatsane varierer ut frå korleis artisten har innretta seg ved opphaldet i Noreg (sjå punkt 1.1 i forskrifta). Punkt 1.2.1 inneheld frådragssatsane for bruk av eige transportmiddel.

Det blir gitt frådrag for utgifter til transport, kost og losji som artisten har dekt for utanlandske medarbeidarar i samband med eit arrangement i Noreg. Då gjeld dei same satsane per døgn per person som ovanfor.

Ansvarleg for skattetrekk og innbetaling (trekkpliktig)

Den som betaler ut honorar er ansvarleg for å trekkje og betale inn skatt. Dersom det ikkje er ein norsk arrangør som står for arrangementet, er personen som stiller ein plass til rådigheit for den utanlandske artisten eller arrangøren ansvarleg for at det blir trekt og betalt inn skatt. Føresetnaden er at plassutleigaren har hatt tilgang til inntektene frå arrangementet gjennom billettsal og liknande. Dersom det ikkje er ein norsk arrangør eller plassutleigar som kan haldast ansvarleg, har artisten sjølv ansvar for å trekkje og betale inn skatt.

Det er mogleg å søkje om fritak frå artistskatt dersom arrangementet som artisten/idrettsutøvaren deltek i, er ei offentleg støtta kulturutveksling med eit anna land.

Dette blir lagt vekt på i vurderinga:

  • Arrangementet der den utanlandske artisten/idrettsutøvaren opptrer/deltek, må i hovudsak vere finansiert med statlege, fylkeskommunale eller kommunale midlar og/eller midlar frå styresmaktene i eit anna land.
    • Minst 80 prosent av dei totale kostnadene til arrangementet må vere dekte av ekstraordinære offentlege midlar.
    • Slike midlar må vere eit ekstraordinært tilskot for å få i stand arrangementet det blir søkt om fritak for. Det er ikkje tilstrekkeleg at arrangøren får tilskot til alminneleg drift.
  • Arrangementet kan ikkje vere av kommersiell art.

Send søknaden om fritak for artistskatt i posten til Skatteetaten, saman med dokumentasjon på at arrangementet oppfyller vilkåra for skattefritak. Adressa er: 

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Dokumentasjon som må leggjast ved søknaden:

  • Skjemaet «Melding frå arrangør/plassutleigar om artist(ar)» (RF-1091), dersom skjemaet ikkje allereie er sendt inn.
  • Oversikt over alle inntekter og utgifter knytt til arrangementet. Dette inkluderer billettinntekter frå arrangementet, uavhengig av kven desse går til. Dersom arrangementet er utan billettinntekter, må dette opplysast om i søknaden.

Viss søknaden ikkje er avgjort innan tidspunktet for utbetaling, må det trekkjast artistskatt. Skatten som blir trekt, blir tilbakebetalt dersom søknaden blir innvilga.

Slik kan du dokumentere at artistskatt er betalt i Noreg

Den trekkpliktige, eller artisten sjølv, kan sende ein førespurnad til Skatteetaten – Skatteoppkrevjar utland og be om å få ei stadfesting på at artistskatten er betalt. Denne stadfestinga dokumenterer at artistskatten er betalt i Noreg og kan leggjast fram for skattestyresmaktene i heimlandet.

De kan bruke kontaktskjema RF-1306 for å sende oss forespørsel elektronisk.