No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no

Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).

Arbeidstakarar på nettolønn

Ein nettolønnsavtale er ein avtale mellom arbeidstakar og arbeidsgivar om at arbeidsgivar skal dekkje all skatt og alle avgifter på lønna og godtgjerslene til den tilsette. 

Skatt, trygdeavgift og arbeidsgivaravgift blir rekna ut med utgangspunkt i bruttolønna. Ved bruk av nettolønnsavtale, må ein rekne om nettolønna til bruttolønn (oppgrossing) for å finne utrekningsgrunnlaget for skatten osv.

For utanlandske arbeidstakarar i Noreg skal omrekninga utførast etter norske skattesatsar og med den norske satsen for trygdeavgift (med mindre arbeidstakaren har trygdefritak).
Arbeidsgivar er ansvarleg for korrekt oppgrossing og rapportering av bruttolønn i a-meldinga. I rettleiinga til a-ordninga kan du lese meir om korleis arbeidsgivarar som har tilsette på nettolønnsavtale, skal rapportere.

Vi gjer merksam på at ein nettolønnsavtale er ein privatrettsleg avtale som ikkje fritek arbeidstakaren frå å levere skattemelding og betale fastsett skatt til skattestyresmaktene.

Sjå utfyllande informasjon om nettolønn for utanlandske arbeidstakarar i Noreg